Ein del tek no til orde for mindre internasjonalisering i akademia, for å få færre flyreiser, men då kjem vi fort på ville vegar, skriv innleggsforfattaren. Foto: Tove Lie

Om babyar, badevatn og debatten om akademiske flyreiser

Internasjonalisering. Toppforskning gjer verda betre, nokre flyreiser er ein liten pris å betale for det, skriv førsteamenuensis Arnt Ove Hopland ved Norges Handelshøyskole.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den siste tida har det vore mykje fokus på antal flyreiser blant tilsette i akademia. At debatten dukkar opp er ikkje urimeleg, for ja det vert reist mykje i denne bransjen. Det er dog viktig at vi klarar å ha fleire tankar i hovudet på ein gong i denne saka.

Vi bør absolutt sjå på korleis vi kan nytte teknologi til å redusere reising, men vi må ikkje la dette gå utover alt det viktige arbeidet som føregår i samarbeid mellom norske og utanlandske forskarar.

Arnt Ove Hopland

Det første først, det er heilt klårt mogleg å reise mindre – og her er det både utslepp, tid og utgifter å spare. Til dømes kan ein arrangere mange fleire møter via videokonferansar. Dette inkluderar ikkje berre møter i regi av universitet og høgskular, men òg møter i offentlege råd og utval som mange i bransjen sit i.

Eg sit sjølv i det tekniske bereikningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU). I dag er det slik at når eg skal møte i TBU må eg stå opp før fuglane syng, køyre til Flesland så eg er der omkring 0730, fly til Oslo og møte i Regjeringskvartalet, sitje på møte 4-5 timar og så gjere vendereis.

Konsekvensen er at eg i praksis brukar 10-12 timar på å gjennomføre eit møte som strengt tatt berre varer om lag ein halv arbeidsdag. Som ein travel arbeidstakar (som pr definsjon må bruke fritida mi til TBU) og småbarnsfar med ein plagsom flyskrekk skulle eg gjerne kutta mine utslepp med å erstatte desse rundreisene med videokonferansar. Dette ville i så fall ført til at eg kutta ut om lag 50 prosent av flydagane eg har i jobbsamanheng.

Eg er òg tvilande til om vi strengt tatt treng å sende store delegasjonar verda rundt for å halde møter med t.d. kinesiske styresmakter, men her begynner vi å nærme oss det problematiske med debatten, nemleg internasjonalisering.

Ein del tek no nemleg til orde for mindre internasjonalisering i akademia, men då kjem vi fort på ville vegar. Internasjonalisering er ikkje «eit smykke som vi pyntar oss med», som Mari Devik i eit Khrono-innlegg hevdar, men ein fullstendig vital del av akademisk aktivitet.

Skal vi drive forskninga framover nyttar det ikkje å ha eit lokalt fokus der vi skal sitje på kvar vår høgskule i kvar vår grend og studere fôret på innsida av nisselua vår. Ønskjer vi norsk toppforskning, må vi vere ein aktiv del av den internasjonale akademiske storfamilien.

Visst kan teknologi vere med på å redusere reisebehovet likevel. Eg har til dømes nettopp fulgt ei forelesningsrekkje frå eit amerikansk universitet, i fred og ro på mitt eige kontor via internett. Teknologien gjer òg at vi treng færre reiser når vi samarbeidar internasjonalt.

Nett no arbeidar eg på ulike prosjekt med professorar i Bayern, Boston og Rotterdam. Nesten heile samarbeidet foregår via epost, med ein og annan Skype-samtale innimellom. Det gjer at vi ikkje treng å treffast særleg ofte, dei siste åra har eg truffe kvar av dei om lag ein gong i året.

Teknologien er likevel ikkje eit perfekt substitutt. I periodar der vi skal arbeide intensivt på prosjekta vert arbeidet langt meir effektivt om vi sit fysisk nærme kvarandre. Nettopp derfor skriv eg dette medan eg eigentleg burde pakka kofferten før avreise til Bayern. Når revisjonar må diskuterast intenst over fleire timar samanhengande kan ikkje dagens teknologi erstatte direkte menneskeleg interaksjon. Nokre få flyreiser for å møte internasjonale partnarar per år tek eg derfor utan at nokon kan klare å gje meg dårleg samvit for det.

I debatten har rett nok nokre hevda at dei slett ikkje treng å reise for å samarbeide internasjonalt, for dei gjev teknologien fullgode substitutt. Lat oss seie at det stemmer, det er nok riktig for nokre om det ikkje er det for meg. Behovet for reising er likevel ikkje borte, for om vi ikkje reiser og deltek på konferansar og seminar får vi aldri knytta kontakter med nye samarbeidspartnarar og prosjekta vil aldri oppstå.

Det er nok greit nok for enkelte seniorar som over lang tid har knytta alle dei kontaktar dei treng, men heilt katastrofalt for norsk forskning på sikt sidan yngre forskarar ikkje får utvikla seg gjennom internasjonale samarbeid. Eg reiser derfor òg på nokre konferansar kvart år, med verdas beste samvit.

Mari Devik gjer eit poeng av at norske institusjonar «skryter av at det aldri før har vært forsket så mye på klima, på metoder for å bedre klima, for å redusere klimautslipp og finne nye energikilder» og meiner då tilsynelatande at det er eit paradoks at desse forskarane reiser. Dette er ei oppkonstruert problemstilling. I tillegg til at problemstillingane over òg gjeld for klimaforskarar er det slik at mykje klimaforskning føregår i felt, og om vi skal kutte ut denne forskninga for å spare klimaet, då sparar vi oss til fant. Utan innsiktene frå denne forskninga hadde vi korkje visst konsekvensane av klimaendringar, eller diskutert kva vi skulle gjort med dei.

Det er òg slik at den akademiske arbeidsmarknaden er internasjonal. Det gjer at vi har behov for å fly utlendingar inn til jobbintervju og møter der vi kan verte kjende med dei, og på same vis reise ut om vi sjølve er på jobbjakt. Denne mobiliteten er heilt sentral i arbeidet med å etablere sterke forskningsgrupper.

Poenget med denne teksta er i grunn ei enkel skildring av det klassiske problemet med babyar og badevatn. Vi bør absolutt sjå på korleis vi kan nytte teknologi til å redusere reising, men vi må ikkje la dette gå utover alt det viktige arbeidet som føregår i samarbeid mellom norske og utanlandske forskarar. Toppforskning gjer verda betre, nokre flyreiser er ein liten pris å betale for det.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS