Held resultat av undersøking om arbeidsmiljø hemmeleg
Arbeidsmiljø. Universitetet i Bergen og NTNU vil halde resultata av arbeidsmiljøundersøkingar hemmeleg, trass i at den overordna klagenemnda har avgjort at rapportane er offentlege.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Den uavhengige universitetsavisa På Høyden har i meir enn eitt halvt år freista å få ut resultata frå medarbeidarundersøkinga ARK frå både UiB, NTNU og andre institusjonar.
ARK-undersøkinga er eit samarbeid mellom norske universitet og høgskular, og kartlegg arbeidsmiljø og organisasjonsklima på ein standardisert måte. Dette blir gjort på ulike nivå, som til dømes institutt.
Spør ikkje om trakassering og mobbing
Deretter blir resultata presenterte for dei som er spurde, og det blir typisk gruppearbeid der dei tilsette kan foreslå korleis arbeidsmiljøet kan gjerast betre.
Resultat i slike undersøkingar vil nokre gonger vere positive, og andre gonger negative. Medie-merksemd om einskild-område der det kan vere utfordringar kan vere uheldige.
Kjell Bernstrøm
Det blir ikkje spurd om verken mobbing eller seksuell trakassering i undersøkinga. Dei tilsette må ta stilling til spørsmål som til dømes «Hvordan er klimaet på din arbeidsenhet?», og må oppgi på ein skala frå 1 til 5 om det er «konkurranseorientert», «oppmuntrende og støttende», «mistroisk og mistenksomt», «avslappet og behagelig» eller «stivbeint og regelstyrt». Det er òg spørsmål om i kor stor grad næraste leiar er rettferdig, og om ein har tillit til næraste leiar og leiar ved den overordna eininga. Dette er eit døme på ein rapport.
Dei samla resultata er anonymiserte, slik at det ikkje skal vere muleg å skjøne kven som har svart kva. På Høyden har fått innsyn i dei generelle resultata for kvar institusjon, men berre dersom det er meir enn 300 personar som har svart. Det er ikkje gitt innsyn på fakultets- eller instituttnivå. For nokre institusjonar, mellom dei UiB, er det ikkje laga ei overordna oversikt. Resultata på institusjonsnivå er uansett så generelle at det er mindre avvik i høve til landsgjennomsnittet.
Meiner dei har teieplikt
Dokument av denne typen er som hovudregel offentlege ifølgje offentleglova, men universiteta har i fleire omgangar nekta å gje innsyn. UiB har nekta å gi innsyn i resultata av undersøkinga, og har hevda at det ikkje har allmenn interesse. Universitetet meiner det er fare for at einskilde tilsette blir identifiserte, sjølv om det berre er oppgitt samla tal i rapportane. Dei meiner og at svar som gjeld næraste leiar er personopplysningar som er omfatta av teieplikt etter forvaltningslovas § 13.
Universitetet meiner uansett at dokumenta må vere hemmelege av omsyn til forsvarleg personalforvalting, og at dokumenta er organinterne.
Knytt til jobben
På Høyden har klaga til Felles klagenemnd, som er oppnemnt som klageorgan av Kunnskapsdepartementet, og fått så godt som fullt medhald:
Det er heller ikkje teieplikt for opplysningane som gjeld næraste leiar. Det dreier seg om eit spørsmål om dei tilsette opplever næraste leiar som «rettferdig og støttende». Her viser nemnda til at dette er eigenskaper det er vanleg å leggje vekt på når det gjeld leiarstillingar, og at dette er knytt til jobben dei gjer, og ikkje er teiepliktig.
Når det gjeld opplysningane i undersøkinga generelt, konkluderer Felles klagenemnd med at desse allereie må vere anonymiserte nok, ettersom dei i dei fleste tilfella har vore presentert lokalt. Berre i tilfelle der rapportane ikkje er presenterte i plenum, det er færre enn åtte-ti respondentar, og det er fare for at svara til kvar einskild kan identifiserast, er det høve til å unnta opplysningane, skriv nemnda.
Styrkar rettstryggleik og tillit til det offentlege
UiB har òg hevda at rapportane må vere hemmelege, av omsyn til ei forsvarleg personalforvaltning. Dette avviser klagenemnda, og uttaler at «Undersøkelsen har et legitimt og viktig formål, og bør av denne grunn gjøres offentlig for å ivareta blant annet borgernes og medias mulighet til å føre kontroll med forvaltningen. På denne måten vil de kunne gis mulighet til å avsløre kritikkverdige og uheldige forhold.»
Nemnda viser til at dei tilsette kan ha gode grunnar til å ønskje at det offentlege skal ha innsyn i korleis arbeidsmiljøet er, og at det dette er egna til å styrke rettstryggleiken og oppretthalde tilliten til det offentlege.
Klagar utan klagerett
Trass i at Felles klagenemnd har gitt På Høyden medhald og bedt UiB om å gi ut dokumenta, har både UiB og NTNU nekta å rette seg etter avgjerda.
NTNU har på vegene av fleire universitet dessutan sendt eit brev til Felles klagenemnd, der dei ber om at saka blir avgjort. Nemnda har deretter tatt saka opp til ny vurdering, sjølv om nemnda i sitt vedtak opplyser om at «Denne avgjørelsen kan ikkje påklages, jf. fvl. § 28 tredje ledd.»
Resultatet av den nye vurderinga er enno ikkje klar.
Spekulative oppslag
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved UiB meiner at det vil bryte med norsk lov om han gir ut dokukmenta.
— Vi meiner at det vil vere brot på norsk lov om vi gir ut resultata på instituttnivå, då det bryt med teieplikta. Dei som har svart på undersøkinga har fått løfte om at dette er anonymisert. Resultat i slike undersøkingar vil nokre gonger vere positive, og andre gonger negative. Mediemerksemd om einskildområde der det kan vere utfordringar kan vere uheldige. Litt spekulative oppslag i media vil kunne gjere arbeidsmiljøet dårlegare, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til På Høyden.
— Undersøkinga spør verken om mobbing eller seksuell trakassering. Er spørsmåla gode nok?
— Ho er utvikla av NTNU, og det har vore ei breitt samansett gruppe av folk bak, seier Bernstrøm.
Offentleg ulydnad
Sjølv om På Høyden har fått medhald av Felles klagenemnd er det ikkje sikkert at UiB vil respektere avgjerda til det overordna organet.
— Når det kjem eit svar må vi diskutere det. Førebels har vi fremma saka med ei ny grunngjeving.
— Men er spørsmål om folk har hatt medarbeidarsamtale i løpet av dei siste 24 månadane så hemmeleg?
— Nei, men vi meiner at vi må halde oss til det vi har lova i undersøkinga.
— Er det ikkje litt spesielt at universiteta driv med sivil ulydnad ved å nekte å respektere avgjerder tatt av overordna organ?
— Vi meiner at vi rettar oss etter norsk lov, seier Bernstrøm.
Lytte til signala
Hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad, synest det er på tide at administrasjonen tar signala.
— Om dei har fått klagenemnda imot seg er det kanskje på tide å legge seg litt flate. Så får dei heller ta det litt ned og ikkje seie til respondentane at dei skal halde det hemmeleg neste gong.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!