Medieutdanninga ved Høgskulen i Volda held til i Ivar Aasen-bygget. Foto: HVO

Volda-leiing kontakta annan dekan før styremøtet

Arbeidsmiljø. Dekan Odd Ragnar Hunnes vart kontakta av høgskuleleiinga i Volda før styremøtet måndag. – Eg har sagt at eg kan vera tilsnakkande, seier Hunnes.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Måndag sat styret ved Høgskulen i Volda i ekstraordinært møte. På dagsorden stod Avdeling for mediefag, der det lenge har vore rapport om problem knytt til arbeidsmiljøet.

Fleire av Khrono sine kjelder trudde at dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn kom til å trekka seg, og tillitsvalt Erling Sivertsen sa til Medier24 at dei tilsette ikkje har tillit til dekanen. Men Rotevatn held fram som dekan.

Kontakta før møtet

Khrono fekk måndag informasjon om at Odd Ragnar Hunnes, som er dekan ved Avdeling for samfunnsfag, kom til å ta over som dekan ved Avdeling for mediefag. No viser det seg at høgskuleleiinga var i kontakt med Hunnes før styremøtet. Det var Dagens Næringsliv som først skreiv dette, og deretter stadfesta Hunnes det til Medier24.

Eg har sagt at eg kan vera tilsnakkande dersom situasjonen at det er behov for det oppstår.

Odd Ragnar Hunnes

— Eg har sagt at eg kan vera tilsnakkande dersom situasjonen at det er behov for det oppstår, seier Hunnes til Khrono.

— Og det stemmer at du vart kontakta før styremøtet?

— Ja. Men no vil eg ikkje seia noko meir om dette, seier Hunnes.

Han hadde siste arbeidsdag som dekan ved Avdeling for samfunnsfag onsdag.

Odd Ragnar Hunnes skal eigentleg verta penjonist frå 1. august. Foto: HVO

— Eg vert pensjonist frå i morgon, seier Hunnes.

Han vil ikkje seia noko om kor lenge han ser føre seg at han eventuelt kan sitja i dekanstolen ved ei ny avdeling.

Sakspapir fjerna

Måndag var sakspapira til styremøtet merka med unnteke offentlegheit, utan nokon tittel som sa kva sakene galdt. Onsdag er sakspapira fjerna frå nettsida. Men titlane skal ha vore tilgjengelege søndag, og Møre-Nytt, som først skreiv om saka, skreiv at det var arbeidsmiljøprosess Avdeling for mediefag og utlysing av åremål som dekan ved avdelinga som stod på dagsorden.

Khrono har tidlegare skrive om at arbeidsmiljøundersøkinga Ark har vist at dei tilsette ved Avdeling for mediefag er mindre nøgde enn andre ved høgskulen, og at dei særleg er mindre nøgde med leiinga, både eiga leiing og den sentrale leiinga.

Arbeidsmiljøet ved avdelinga har vore tema på fleire styremøte. I pressemeldinga som vart sendt ut etter styremøtet måndag heiter det at «Det sittande høgskulestyret fekk på møtet orientering om korleis leiing og administrasjon har arbeidd vidare med arbeidsmiljøet sidan førre styremøte. Det har vore ei rekkje møte med tillitsvalde, tilsette og avdelingsleiinga for å finne gode løysingar og nødvendige tiltak for å betre arbeidsmiljøet.

Høgskulestyret gav rektor og direktør nødvendige fullmakter til å arbeide vidare med saka».

Les også: Mediedekanen fortsetter

Har advokat

Khrono har ikkje lukkast i å koma i kontakt med Håkon Bø, som er hovudtillitsvalt for Forskerforbundet ved høgskulen. Men Bø seier til Møre-Nytt at han trur leiinga har funne ei løysing på miljøproblema ved medieutdanninga i løpet av ei veke.

Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, vil ikkje svara. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

— Og det er ikkje gitt at dekanen vert sitjande ut åremålsperioden, seier Bø.

Ifølgje Dagens Næringsliv skal det i styremøtet måndag ha vorte gitt grønt lys for å halda fram ein prosess med å omplassera Rotevatn til ei anna avdeling ved høgskulen. Avisa skriv òg at det skal ha vore forhandlingar mellom leiinga og Rotevatn. Ho er representert av advokat Tore Lerheim - som førebels ikkje vil kommentera saka.

Skuffa tillitsvalt

Erling Sivertsen er tillitsvalt for dei tilsette ved Avdeling for mediefag. Han viste vidare til leiinga ved høgskulen då Khrono kontakta han tysdag. Til Møre-Nytt sa Sivertsen etter måndagens styremøte at han var svært skuffa over at høgskulestyret ville la Rotevatn halda fram som dekan.

Med unntak av ein sms der han skriv at han ikkje vil seia meir enn det som står i pressemeldinga, har ikkje rektor Johann Roppen svara Khrono sine gjentekne forsøk på å få ein kommentar frå han. Heller ikkje Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har svara – trass fleire forsøk på telefon, sms og epost.

Møre-Nytt fekk snakka med Roppen etter møtet måndag. Her vert han spurt om kva konkret dei tilsette ikkje er nøgde med:

— Eg kan ikkje konkret på inn på det. Men det er eit samansett problem. Det handlar om mange ting, seier Johann Roppen.

(Khrono har sidan måndag prøvd å koma i kontakt med både rektor Johann Roppen og dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn både på epost, telefon og sms - utan å lukkast. Redaksjonen har òg prøvd å koma i kontakt med styremedlemmer, høgskuledirektør Per Halse og dei tillitsvalte Håkon Bø og Erling Sivertsen, også det utan hell. Red.anm)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS