Avsett og omplassert dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (t.v.) og hennar rådgjevar Geir Waage Aurdal , sat på tilhøyrarbenken då konstituert dekan Odd Ragnar Hunnes orienterte styret om oppfølging av arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag. Men då det skulle orienterast om omplasseringa av Rotevatn, fekk ho ikkje lenger vere til stades. Foto: Skjermdump frå styremøte
Avsett og omplassert dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (t.v.) og hennar rådgjevar Geir Waage Aurdal , sat på tilhøyrarbenken då konstituert dekan Odd Ragnar Hunnes orienterte styret om oppfølging av arbeidsmiljøet ved Avdeling for mediefag. Men då det skulle orienterast om omplasseringa av Rotevatn, fekk ho ikkje lenger vere til stades. Foto: Skjermdump frå styremøte

Rotevatn blei kasta på gangen

Arbeidskonflikt. Tidlegare dekan, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, bad om å få vere til stades då høgskulestyret i Volda skulle bli orientert om omplasseringa av henne. Leiinga sa nei.

Publisert   Sist oppdatert

Den omplasserte dekanen, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn og hennar rådgjevar i Samfunnsviterne, Geir Waage Aurdal, sat på tilhøyrarbenken under torsdagens styremøte ved Høgskulen i Volda.

Rotevatn blei omplassert mot sin vilje frå 12.august, etter det som skal vere person- og arbeidsmiljøkonfliktar på Avdeling for mediefag. Torsdag 12.september var første gongen det nye styret ved høgskulen møttest fysisk.

Eg trur at dersom ein set energien inn på å gjera ein god jobb, kjem arbeidsmiljøet etter kvart.
Odd Ragnar Hunnes
Konstituert dekan, Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda

Pensjonert dosent Odd Ragnar Hunnes, er konstituert som dekan i staden for Rotevatn, og han orienterte styret om oppfølginga av Arbeids- og arbeid (Ark) mens Rotevatn høyrde på. Han vedgjekk at det framleis var konfliktar ved avdelinga.

Fokus på oppgåver, ikkje arbeidsmiljø

Det er to månader sidan Gregoriusdotter Rotevatn første gong blei informert om at leiinga ved Høgskulen i Volda ønskte at ho skulle slutte i dekanjobben, og det er ein månad sidan Hunnes blei konstituert i jobben hennar.

På møtet torsdag kunne Hunnes fortelje at gruppa som skulle følgje opp arbeidsmiljøproblema ved avdelinga framleis ikkje har hatt sitt første møte.

— Vi er her for å gjere ein jobb, ikkje for å ha eit godt arbeidsmiljø, sa Hunnes og bad om å ikkje bli misforstått på det.

— Vi fokuserer på arbeidsoppgåvene og gjennom det haustar vi gode frukter, sa han som også fortalde at han brukte mykje tid på å gå rundt og snakke med folk på avdelinga.

— Vi er her for å gjere ein jobb, ikkje for å ha eit godt arbeidsmiljø, sa konstituert dekan ved Høgskulen i Volda, Odd Ragnar Hunnes, til høgskulestyret torsdag denne veka. Foto: Øystein Torheim
— Vi er her for å gjere ein jobb, ikkje for å ha eit godt arbeidsmiljø, sa konstituert dekan ved Høgskulen i Volda, Odd Ragnar Hunnes, til høgskulestyret torsdag denne veka. Foto: Øystein Torheim

—Dersom ein set energien inn på å gjera ein god jobb, kjem arbeidsmiljøet etter kvart, meinte den konstituerte dekanen.

— Eg ser gode smil og glimt i auga. Men av og til er glimtet i auga ei tåre. Det er ei viktig påminning, sa han.

Framleis konfliktar

Konflikten på Avdeling for mediefag i Volda har vore mykje omtalt i ulike medium. Khrono var den første som i mai i år, skreiv om urovekkande resultat frå arbeidsmiljøundersøkinga.

Hunnes la i orienteringa si ikkje skjul på at det framleis er konfliktar ved avdelinga.

— Det er ikkje tvil om at det er ein del usemje, og også konfliktar. På eitt punkt er det ekstern hjelp inne, sa Hunnes til styret.

— Institutta skal vera grunneiningane, sa Hunnes, og viste til eit arbeid som er gjort ved Avdeling for samfunnsfag og historie, der han tidlegare var dekan. Der er det laga ei skildring for kva oppgåver instituttleiarane skal ha. Å dela avdeling for mediefag inn i institutt var ei av endringane Rotevatn gjorde då ho var dekan, og det var ikkje berre godt likt.

Vi bad om å få vere til stades under behandlinga som handla om Rotevatn.
Geir Waage Aurdal
Rådgjevar Samfunnsviterne

Rotevatn sin rådgjevar stadfestar overfor Khrono at han og Rotevatn var tilstades på torsdagens styremøte, men at dei ikkje var kalla inn til møtet. Dei var til stades på den opne delen av møtet, men då sakene om plassering av aksjar og omplassering av Rotevatn skulle opp blei møtet lukka og Rotevatn og andre tilhøyrarar kasta på gangen. Då den lukka delen var over, var også styremøtet over.

Fakta

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (44) er journalist og ble ansatt som dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda i 2016.

Hun har journalistisk bakgrunn blant annet fra Sunnmørsposten og Bergens Tidende.

1999–2002 var hun programleder i NRK Dagsnytt. Hun var vaktsjef og reporter i NRK Her og nå i 2002 og programleder i NRK Sporten 2002–2003.

Fra 2003 til 2008 arbeidet hun i Kanal 24. Der var Rotevatn med og bygde opp nyhetsredaksjonen til radiostasjonen åpnet 1. januar 2004.

Hun var debattredaktør 2004–2006 og nyhetsredaktør fra 2006.

2009–10 var hun rådgiver i I&M Kommunikasjon i Ålesund.

Fra 2010 til 2016 var Rotevatn daglig leder og ansvarlig redaktør i det nynroske oppslagsverket Allkunne AS,

Rotevatn tok journalistutdanning på radiolinja ved Høgskulen i Volda 1997–99. I 2015 fullførte Rotevatn mastergraden i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Hun har også tatt emner i statsvitenskap.

Kilde: Allkunne

Bad om å få vere til stades

— Vi bad om å få vere til stades under behandlinga som handla om Rotevatn og peika på at styremøte etter universitets- og høyskolelovas §9-6 (6) skal vere opne, skriv Geir Waage Aurdal i ei tekstmelding til Khrono torsdag kveld, og han held fram:

— Vi viste til at dei omsyn som ligg bak høvet om å halde møte bak lukka dører ikkje gjeld for oss, skriv han, og opplyser at arbeidsgjevar ved rektor og styreleiar Roppen og høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen orienterte dei to før møtet om at dei ville lukke møtet også for Rotevatn og Waage Aurdal.

— Kva var grunnen til dette?

— Det er litt uklart for meg kva grunngjevinga var, anna enn at dei viste til styret sin forretningsorden og at dette var ei personalsak, svarar Waage Aurdal.

Nei frå Roppen

Det har ikkje lukkast Khrono å få kontakt med Roppen på telefon torsdag kveld, men han svarar kort på nokre av Khrono sine spørsmål på e-post.

Rektor og styreleiar ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Foto: Øystein Torheim
Rektor og styreleiar ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Foto: Øystein Torheim

— Var Rotevatn kalla inn for å møte styret?

— Nei

— Fekk styret høyre hennar versjon av saka?

— Nei

— Var ho med på den lukka delen av styremøtet også - der de snakka om omplasseringssaka?

— Nei

Roppen sendte fredag morgon ein utdjupande kommentar til Khrono, der han viser til at Rotevatn og Samfunnsviterne spurde om å få delta under den lukka orienteringssaka ein knapp time før styremøtet skulle ta til.

— I sakspapira som vart sende ut før møtet hadde styret alt fått dokumenta som Samfunnsviterne hadde bede om at styret skulle få tilgang til. Dermed burde saka vere nok opplyst, svarar han, og legg til at styret blei informert om førespurnaden frå Samfunnsviterne.

Møtet vart strøymt

Khrono var ikkje til stades under møtet, men følgde den opne delen på direkte videostraumen frå møtet.

Høgskulen i Volda fekk nye styremedlemer frå 1.august i år.

Etter det Khrono kjenner til var det 29.juli i år at det tidlegare styret ved Høgskulen i Volda vedtok å slutte seg til administrasjonens behandling av Rotevatn-saka og herunder omplassering av dekan Rotevatn.

Høgskulen held innhaldet i protokollane frå styremøta 29. og 31.juli hemmeleg.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vil no klage si eiga sak inn for Kunnskapsdepartementet.

— Det er med undring me ser at styreleiar ikkje har sett klagesaka på saklista over vedtakssaker. Styret får ikkje realitetsbehandla saka. Konsekvensen av dette er at me sender klagesaka til departementet, skriv Geir Waage Aurdal i fagforeininga Samfunnsviterne i ein sms til Khrono tidlegare denne veka.

Fakta

Styret i Volda 2019-2023

Inger Østensjø , prosjektleder i Stavanger kommune, satt også i det forrige styret, hun er den eneste som har blitt reoppnevnt.

Geir Terje Ruud , utviklingsdirektør i NTB med digitalisering i mediebransjen som spesialfelt.

Roar Tobro. leder avdeling for virksomhetsstyring ved NTNU.

Bodil Palma Hollingsæter har vært direktør for Innovasjon Norge Møre og Romsdal og er nå spesialrådgiver.

Ansattes representanter:

Teknisk/administrativt: Cecilie Røeggen

Faglige representantar: førsteamanuensis Eirik Søvik ved Institutt for realfag, førsteamanuensis Silje Louise Dahl ved institutt for sosialfag og førsteamanuensis Randi Myklebust ved Institutt for pedagogikk

Studentrepresentanter:

Tormod Malvin Sæther og Sara Brevik Breiland

Han forklarer dette med at etter forvaltningslova skal klaga behandlast av same organ som har fatta vedtaket, altså styret ved høgskulen.

Rektor og styreleiar Johann Roppen var usamd.

— Det er viktig å merka seg at det er leiinga ved høgskule som tek ei slik avgjerd, ikkje styret, sa Roppen til Khrono tysdag denne veka.

Styreleiar og rektor Roppen skreiv i ei melding til Khrono torsdag ettermiddag at styret ikkje gjorde noko vedtak i den aktuelle saka fordi det var ei orienteringssak.

Det nye styret ble også orientert om saka i eit videomøte 9.august, dagen før omplasseringa av Rotevatn vart kjent.

Fleire saker

Khrono har tidligere omtalt flere saker der avskjediga eller omplasserte tilsette har klaga på avgjerder.

I Langeland-saka ved Universitetet i Stavanger behandla tilsettingsutvalet ved universitetet klagen før ho gjekk vidare til Kunnskapsdepartementet.

Ved Kunsthøgskolen i Oslo, der tilsettingsutvalet gjekk til avskjed av ein teaterlærar, gjekk klagen via høgskulestyret og vidare til Kunnskapsdepartementet. Departementet heldt oppe klagen og no er det klart for rettssak i oktober.

Forlik på OsloMet

I ei omplasseringssak ved tidlegare Høgskolen i Oslo og Akershus (no OsloMet) gjekk dr.juris og førsteamanuensis Jens Petter Berg til sak for urettmessig omplassering. Her fekk Berg møte høgskulestyret og gjere greie for sitt syn i saka før styret gjorde sitt endelege vedtak. Saka ende i forlik rett før saka skulle opp i Oslo tingrett, eit forlik som Kunnskapsdepartementet refsa høgskulen for fordi det blei for dyrt. Grensa som høgskulen hadde for å inngå forlik, utan å konsultere departementet, var ifølgje Kunnskapsdepartementet 300.000 kroner. Forliket med Berg kosta OsloMet nesten 1,2 millionar kroner. Berg nytta same advokat som også har vore inne i Rotevatn-saka tidlegare; Terje Lerheim.

(Saka er oppdatert fredag 13.september kl 09.30 med ytterlegare ein kommentar på epost frå rektor Johann Roppen, der han svarar på kvifor Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ikkje fekk vere til stades på møtet. I ein tidlegare versjon av saka, svara han ikkje på dette spørsmålet. red.mrk)