Senterpartiets Marit Knudsdatter Strand er blant dei som er kritiske til opptaks-forslaget til Marianne Synnes Emblemsvåg (H). Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Opposisjonsparti seier nei til betalt ja til studieplass

Opptak. Senterpartiet, Sosialistisk venstreparti og Arbeiderpartiet seier nei til at studentar skal måtte betale når dei takkar ja til studieplass.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire av opposisjonspartia på Stortinget reagerer på forslaget til utdanningspolitisk talsperson fra Høgre, Marianne Synnes Emblemsvåg, om at studentar skal måtte betale når dei takkar ja til ein studieplass og at dei som ikkje møter opp ikkje skal få pengane att.

Marit Knutsdatter Strand, medlem av utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget for Senterpartiet, er blant dei som meiner det er eit dårleg forslag.

— Eg meiner det er ei lettvint løysing når ein veit så lite om kva som er årsakene til at så mange lét vere å takke ja eller ikkje møter opp, seier Knutsdatter Strand til Khrono.

Det typiske Høgre-svaret er at pengar skal løyse problemet. Det er ikkje SV villig til å ta gå med på.

Mona Fagerås

Ho trur mangel på studentbustad kan vere ein av årsakene. I tillegg meiner ho at det er viktig å gjere vidaregåandeelevar førebudde på omstillinga det er å byrje i høgare utdanning. Ho trekk difor fram meir karriererettleiing i vidaregåande skule som eit tiltak.

— Det må vere absolutt siste utveg å pålegge studentar avgifter. Om dei skal betale semesteravgift for å takke ja til ein studieplass, så må vi forsikre oss om at studentbustad, stipend og lån er på plass først, seier Knutsdatter Strand.

Opne for å sjå på løysingar

Likevel gir Knutsdatter Strand honnør til Synnes Emblemsvåg for å ta opp problemstillinga.

Forslaget frå høgre sin utdanningspolitiske talsperson, Marianne Synnes Emblemsvåg, kom som ein reaksjon på at nesten ein tredel av dei som får tilbod om ein studieplass blant norske studentar lét enten vere å takke ja til plassen eller dei takkar ja, men møter ikkje opp til studiestart.

Til samanlikning er det berre 6 prosent av søkarane i Sverige og 2 prosent i Finland som ikkje nyttar plassen dei har fått tilbod om.

Dette var nokre av tala regjeringa valte å trekke fram i den ferske OECD-rapporten «Education at a Glance 2019».

I likskap med både Knutsdatter Strand, Synnes Emblemsvåg og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V), er også Mona Fagerås (SV) open for å sjå på ulike løysingar for å gjere noko med desse tala.

Stortingsrepresentant frå Sosialistisk venstreparti, Mona Fagerås. Foto: SV

Fagerås meiner at dagens situasjon gjer det svært usikkert for dei ulike institusjonane kor mange studentar dei skal ta opp og ikkje.

— Det typiske Høgre-svaret er at pengar skal løyse problemet. Det er ikkje SV villig til å ta gå med på. Vi er likevel opne for å sjå på andre løysingar som kan gjere det meir forpliktande å takke ja til studieplass, seier Fagerås til Khrono.

Utdanningspolitisk talsperson for Arbeiderpartiet, Nina Sandberg, reagerer også på forslaget frå Høgres utdanningspolitiske talsperson. Ho meiner forslaget vil gå hardt utover kvar enkelt student.

— Eg vil oppmode Høgre i regjering til heller å sørge for ein gjennomgang av utdanningskapasiteten opp mot søkninga til dei ulike studia, og ta det naudsynte overordna ansvaret for at fleire skal få tilgang til eit godt og differensiert utdanningstilbod i heile landet, seier Sandberg. Ho legg til:

— Løysninga er meir satsing på utdanning og på å forhindre fråfall - ikkje fleire kutt og gebyr.

— Bør sjå på opptaksordninga

Knutsdatter Strand (Sp) trur også at opptakssystemet er noko ein må sjå nærare på.

— Dette er ein høna og egget-problematikk, der dei ulike institusjonane svarer på fråfallet med å overbooke. Det er likevel slik at om dei ulike institusjonane ser på dette som eit problem, så står dei fritt til å setje i verk sine eigne opptaksmetoder, seier Knutsdatter Strand. Ho legg til:

— Men institusjonane er pressa på ressursar. Så eg trur ein er nøydd til å sjå på finansiering av studia og gå meir aktivt inn i opptaket.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS