Leiaren for FNs miljøprogram, Inger Andersen, peikar på at det er dei unge som i aukande grad frontar kravet om å skjerpe innsatsen i arbeidet med klima- og miljøutfordringar. Bildet er frå klimastreik i Bergen i 2019. Foto: Silje Katrine Robinson

Nær 8000 universitet og høgskular erklærer «klimakrise»

Klima. Storbritannia var det første landet i verda som formelt sette krisestempel på klimaendringane. No følgjer nær 8000 utdanningsinstitusjonar etter, blant dei fire norske.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Endringar, problem, utfordringar – dette er ord som ikkje er tilstrekkelege i omtalen av det som hender med klimaet på jorda og konsekvensane av det. Det er bodskapen i eit globalt opprop frå internasjonale organisasjonar og nettverk som til saman representerer nær 8000 forskings- og utdanningsinstitusjonar på seks kontintent.

FAKTA

Klima i akademia

Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og NTNU har publisert detaljerte klimarekneskap i 2019. Indirekte klimagassutslepp frå fly er kring 20 prosent ved alle institusjonane.

NTNU har lansert Reiseløftet, som blir kalla «tidenes reiseutfordring» for å få heile universitetet til å reise mindre og meir miljøvennleg.

Både ved UiB og UiO har fleire hundre tilsette skrive under på opprop for å få leiinga til å regulere og kutte flyreiser.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) har tatt initiativ til ein konkurranse mellom institusjonane i universitets- og høgskulesektoren om å kutte mest i sine klimagassutslepp.

I spissen for det globale oppropet står organisasjonar i Storbritannia og USA, i tillegg til ei samanslutning under paraplyen til FNs miljøprogram (Youth and Education Alliance).

I Noreg er Universitetet i Bergen, NTNU, Universitetet i Oslo og OsloMet med på erklæringa gjennom sine medlemsskap i det nordiske berekraftsamarbeidet NSCN (Nordic Sustainable Campus Network).

Målet for oppropet, som vart overlevert til miljø- og klimaministrar under eit toppmøte for berekraft i FN i juli, er å presse klimasaka høgare på dagsorden i utdanningssektoren. Før utgangen av året håper organisatorane at 10 000 utdannningsinstitusjonar over heile kloden skal slutte seg til initiativet.

Press på statsleiarane

Dei som stiller seg bak oppropet forpliktar seg til saman med studentane sine å arbeide med ein trepunktsplan, ifølgje FNs miljøorganisasjon (UNEP): 1) Bli karbonnøytrale innan 2030, og aller seinaste 2050. 2) Kanalisere meir ressursar til handlingsretta klimaforsking og bygging av kompetanse og 3) Meir miljø og berekraft på pensum og program i regi av institusjonane.

Initiativtakarane håper også at oppropet skal legge press på statsleiarane før eit møte om klima i FN i september, ei oppvarming til FNs neste store klimatoppmøte (COP25) i Chile i november.

Kriseerklæringa frå verdas universitetet og utdanningsinstitusjonar kjem i kjølvatnet av at Storbritannia i mai, som det første landet i verda, erklærte akutt klimakrise (climate change emergency). Erklæringa kom etter ei rad aksjonar i regi av miljøorganisasjonen Extinction Rebellion.

Sidan har Irland, Frankrike og Canada følgt etter. I Noreg har SV fremja forslag i Stortinget om at den norske regjeringa skal gjere det same. Det har så langt ikkje skjedd, men fleire norske kommunar og fylkeskommunar har følgt det britiske eksempelet og erklært klimakrise.

Universitetet i Bergen på 64. plass

I april publiserte Times Higher Education, kjent for sine universitetsrangeringar, ein oversikt over dei flinkaste i klimaklassen. På topp er Universitetet i British Columbia i Canada, som mellom anna har forplikta seg til å kutte sine utslepp av klimagassar til null innan 2020.

Kungliga Tekniska Högskolan (KHT) er best av dei nordiske og rangert som nummer ni. Universitetet i Bergen er som einaste norske institusjon på lista over dei hundre beste, på 64. plass.

Ingen av universiteta som normalt toppar rangeringane over dei beste universiteta i verda, som Harvard, Oxford, Stanford og MIT er blant dei hundre beste på klimalista.

Kenya i front

I oppropet frå nettverka som reperesenterer dei nær 8000 universiteteta og som vart overlevert i FN i juli, er blant andre Strathmore University i Kenya trekt fram som døme på best practice, der energiforsyninga utelukkande er basert på solkraft. Eit anna er Tongji universitetet i Kina, som har satsa på berekraft i undervisninga.

Leiaren for FNs miljøprogram, Inger Andersen, peikar i ei pressemelding på at det er dei unge som i aukande grad frontar kravet om å skjerpe innsatsen i arbeidet med klima- og miljøutfordringar.

— Det vi lærer frå oss formar framtida. Initiativ som direkte involverer unge i dette kritisk viktige arbeidet er eit verdifullt bidrag for å oppnå berekraft, seier Andersen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS