Konspirasjonsteoriar

— Angrepet på Kongressen er eit angrep på kunnskapen

Konspirasjonsteoriar motiverte mange i angrepet på den amerikanske kongressen. – Alle som jobbar med kunnskap har ei ekstra viktig rolle no, meiner professor Asbjørn Dyrendal.

For nokre skulle dette vere «The storm», deira 1776, deira store revolusjon a la 1776 då USA erklærte seg uavhengig frå kolonimakta. Donald Trump er for mange sjølve frelsaren i dette konspiratoriske universet.
For nokre skulle dette vere «The storm», deira 1776, deira store revolusjon a la 1776 då USA erklærte seg uavhengig frå kolonimakta. Donald Trump er for mange sjølve frelsaren i dette konspiratoriske universet.
Publisert Oppdatert

Mange av dei handla med ei klar overtyding, eit samvit og ei sterk tru på sanninga, truleg med ei kjensle av å vere med på noko avgjerande viktig, ein slags revolusjon for det gode.

For alle utanfor denne bobla er hendingane i Washington D.C. og angrepet på Kongressen ei påminning om korleis fantasi kan ha stor kraft – også politisk.

— Vi kunne sjå representantar for fleire ulike, om enn beslekta konspirasjonsteoriar, seier Asbjørn Dyrendal, professor ved NTNU og ekspert på konspirasjonsteoriar.

Satanisme og pedofili

— Vi kunne sjå Stop The Steal, og vi kunne sjå Qanon. Qanon har også spreidd seg frå ein Trump-kontekst til mange ulike land, der det blir gjort ulike vriar, tilpassa lokale interesser, seier Dyrendal.

Stop The Steal («Stopp tjuveriet») frontar påstanden om at valet vart rigga og at Trump eigentleg er vinnaren. Qanon voks fram etter 2017, driven av mellom andre høgreradikale som hevdar verda er styrt av ein mektig konspirasjon, ein elite med hang til satanisme, pedofili og kannibalisme.

— Qanon har mange trekk frå etablerte konspirasjonsteoriar i det amerikanske landskapet: Ein politisk, konspiratorisk elite, eit internasjonalt komplott. Dei opererer med ei apokalyptisk førestilling, dagen då alt skal bli avslørt og dei skuldige straffa. Det spesifikke for Qanon-universet er at Donald Trump er frelsaren som eigentleg har full kontroll. Men Qanon har også spreidd seg til andre land, der det blir gjort ulike vriar på det. Det er ikkje ei organisert rørsle, men aktivitet rundt eit knippe konspirasjonsteoriar som blir tilpassa ulike politiske og ideologiske interesser, seier Dyrendal.

— Det er langt frå sikkert at det vi såg i Washington D.C. blir det siste vi ser frå dei. For nokre skulle dette vere «The storm», deira 1776, deira store revolusjon, legg han til.

Den amerikanske sjølvstendeerklæringa vart som kjent signert 4. juli 1776, i dag feira som nasjonaldagen.

Dyrendal, som i desse dagar kjem med boka Conspiracy Theories and the Nordic Countries, saman med eit knippe andre internasjonale forskarar på feltet, meiner forskarar og kunnskapsarbeidarar har eit særskilt stort ansvar akkurat no.

Korleis kunnskap blir til

— Alle som jobbar med kunnskapsproduksjon har generelt, og ikkje minst akkurat no, ei spesiell rolle og eit ansvar for å forvalte kunnskapen på ein så påliteleg måte som mogleg, og formidle dette så godt vi kan, seier Dyrendal.

— Det vi kan sjå verkar best mot konspirasjonstenking, er å vise fram korleis tenking går galt og korleis kunnskap blir til, seier professor og ekspert på konspirasjonsteoriar, Asbjørn Dyrendal.
— Det vi kan sjå verkar best mot konspirasjonstenking, er å vise fram korleis tenking går galt og korleis kunnskap blir til, seier professor og ekspert på konspirasjonsteoriar, Asbjørn Dyrendal.

I møtet med konspirasjonsteoriane er han opptatt av at forskarane ikkje berre skal peike på resultata og konklusjonane i forskinga si.

— Det vi kan sjå verkar best mot konspirasjonstenking, er å vise fram korleis tenking går galt og korleis kunnskap blir til. Det er kanskje vel så viktig å lære bort verktøya som fører til forskingsresultat som resultata i seg sjølv. Korleis veit vi for eksempel at ei vaksine er trygg? Det er ikkje fordi forskaren seier at ho er trygg, nødvendigvis, men korleis ein har kome fram til at ho er trygg, seier NTNU-forskaren.

For Dyrendal er ein sentral del av forskingsformidlinga dermed ikkje berre å forklare kva som er rett eller sant. Det er i stor grad å også forklare mekanismar som gjer at ein kan hamne i feiltenking og feilslutningar.

— Når folk nektar for Holocaust, kan det vere meir effektivt å få fram korleis denne feiltenkinga blir til enn å berre slå fast at dei tar feil, seier Dyrendal.

I prinsippet kan dei vere temmeleg like for eksempel fotballsupportarar på ein tribune og folk som trur påtroppande president Joe Biden er ein del av ein internasjonal konspirasjon for å halde det amerikanske folket nede.

— Det ligg mange manipuleringsteknikkar bak konspirasjonsteoriane, men dei kan også komme frå ein sjølv, som emosjonsdrivne tankeformer: Kvar gong dommaren bles offside for ditt lag, er han kjøpt og betalt. Og politikarar som står for noko anna enn deg sjølv, kan dei eigentleg vere gode folk?

Ei opplagt utfordring for akademikarar er at dei sjølve er ein del av eliten og dermed i utgangspunktet ikkje blir lytta til av visse konspirasjonsdrivne grupper.

— Det er ikkje nødvendigvis lett å nå fram til folk som seier ting som «Herregud, du kan ikkje høyre på forskarar, dei har jo ein etablert eigeninteresse i vaksiner, ein del av makta». Ein kan jo blir frykteleg utolmodig med slikt. Det er komplisert å nå inn, men ikkje umogleg. Det er avhengig både av konteksten, kva strategiar ein brukar, timing og person. Nokon er betre formidlarar enn andre.

— Drivarar av mistillit

Det er blitt sagt mykje om den norske og nordiske tilliten, også til forskinga. I haust viste ei undersøking frå Forskingsrådet at tilliten til forskinga aldri har vore høgare. Ni av ti har svært stor eller stor tiltru til forskarane, ifølgje denne undersøkinga. Tilliten er blitt styrkt i tida sidan pandemien braut ut.

Men det enkle talet på kor mange av oss som stoler på forskarane fortel ikkje alt, påpeikar Dyrendal.

— Konspirasjonsteoriar er ein av drivarane av mistillit. I land som Noreg og Tyskland har undersøkingar vist at tilliten til forsking er høg og har auka betydeleg. Men det betyr ikkje at alle har tillit, og over tid kan folk bli slitne, misfornøgde, og det kan jo skje at autoritetar ikkje viser seg tilliten verdig. Nokon kan få veldig mykje tid til å sitje på nett og lese seg inn i si eiga kjensle- og fantasiverd. Nokon er meir tilbøyelege til å utføre handlingar på bakgrunn av konspirasjonsteoriar enn andre.

Dyrendal trur ikkje konspiratorikarane er nokon direkte trussel mot norske institusjonar, eller mot universiteta.

Dyrendal peikar heller på land som Ungarn og Polen, der konspirasjonsteoriar er blitt brukte som verktøy av statsleiarane i åtak på universitet og forskarar. I Ungarn har mellom anna Det sentralauropeiske universitetet (CEU) blitt tvinga til å flytte ut av landet av det høgrepopulistiske styret i landet.

Men også bildet i det «demokratiske fyrtårnet», USA, er endra.

— Angrep på éin type demokratiske institusjonar, er også eit angrep på andre. Retten til frie ytringar og meiningsutvekslingar er vesentleg for eit fungerande demokrati, som det er for ein fungerande kunnskapsproduksjon. Dersom kva som helst kan vere mogleg ingenting er sant, blir det berre makta som rår. Angrepet på Kongressen er også eit angrep på kunnskapen, seier Dyrendal.

Noreg og Eurabia

I Noreg har konspirasjonsteoriane ikkje erobra særskilt mange sinn, meiner Dyrendal, sjølv om nærlesing av kommentarfelta i høgreradikale publikasjonar som Document og Resett lett kan lure ein til å tru det motsette.

Men konspirasjonsteoriane er her, minner professoren om.

— Og det er noko som kan bidra til å mobilisere, også innanfor rammene av eit parlamentarisk system. Teoriar om Eurabia og idear om den store overtakinga sirkulerer i relativt godt etablerte politiske krinsar i Noreg, seier Dyrendal — på telefonen frå heimekontoret i Trondheim – pandemien er fortsatt høgst reell.

Powered by Labrador CMS