Min doktorgrad
Angrar ikkje, men vil ikkje tilrå andre å ta doktorgrad
Gudny Øyre Flatabø angrar ikkje no. Men å ta doktorgrad er ikkje noko ho utan vidare vil tilrå andre å gjera.
— Kan du seia i heilt korte trekk kva du har forska på?
— Eg har forska på alternativ handsaming av organisk avfall, spesielt avløpsslam frå avløpsreinseanlegg.
— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
— Eg tok ein nærings-ph.d. Dette er ei ordning frå Forskingsrådet der dei finansierer opp til halvparten av kostnaden i samband med doktorgradsutdanninga for eit selskap, i mitt tilfelle VOW ASA. Eg søkte først ei stilling som var lyst ut hjå VOW. Etter at eg vart tilsett inngjekk me eit samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg og søkte finansiering frå Forskingsrådet for dette emnet, som var relevant for selskapet.
— Eg synest det var eit spanande tema. Eg hadde jobba litt med teknologien på idestadiet, så eg kunne litt om det frå tidlegare arbeid. I botn har eg to mastergrader, ei i kjemi og ei i mikrobiologi, men fordi det har vore mykje laboratoriearbeid har eg har fått mest bruk for kjemien i doktorgradsarbeidet.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Me jobba først med eit større utval av organisk avfall, både hageavfall, avløpsslam og returtre, som inneheld mellom anna rivingsvirke. Me jobba òg med avfall frå anlegg som behandlar matavfall. Då jobba me med restane som inneheld plastposar som vert brukt til matavfall på Austlandet, men som framleis har ein god del matavfallsrestar. Slike typar avfall vert gjerne kalla restfraksjonar, og dei er vanskelege å resirkulera. Dette gjer at det ofte går til forbrenning. Det eg jobba med var oppvarming av dette organiske materialet utan luft, kalla pyrolyse. Gjennom denne prosessen vert det faste materialet omdanna til biokol, gass og oljeaktig væske. Dette jobba eg vidare med for å få biogass ved hjelp av mikroorganismar for å bryta det ned saman med avløpsslam. Den biogassen som vert produsert, kan nyttast til å erstatta fossile brensel.
Eg hadde bestemt meg for å ikkje ta doktorgrad!
Gudny Øyre Flatabø
— Kva finn du?
— Langliva organiske miljøgifter, til dømes stoff kalla PFAS, per- og polyfluoralkylstoff, kan vera skadelege, og det er sett grenseverdiar for kor mykje restar det kan vera av slike stoff i mellom anna kjøt, egg og fisk. Organisk avfall, og spesielt avløpsslam, inneheld ein del slike stoff, og ein kan risikera aukande mengder ved auka bruk av desse stoffa i samfunnet.
— Ved å gjennomføra ei oppvarming, pyrolyse, av det organiske avfallet, kan ein redusera ureining med mellom anna slike stoff, medan biokolet som vert laga framleis inneheld næringsstoff som fosfor og kalium. Men det flytande biproduktet frå pyrolyse vil framleis innehalda høge nivå av skadelege stoff. Det betyr at me må handtera denne væska nøye for å unngå miljøureiningar. Restvæska vert mellom anna nytta i korndyrking, og dersom det kjem større restriksjonar knytt til bruk her, vil ein trenga alternativ.
— Ein praktisk lærdom er at ved å bruka desse to måtane å bryta ned avfall på saman, kan ein utvikla meir hensiktsmessige måtar å handsama organiske avfall, som avløpsslam, på. Slik kan ein både kvitta seg med avfall, men òg minska CO₂-utslepp og verna om miljøet.
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?
— Eg hadde bestemt meg for å ikkje ta doktorgrad! Men eg fall for denne utlysinga. Eg likte at det var eit konkret prosjekt og at eg fekk vera ein del av eit team. Eg var ein del av ei forsknings- og utviklingsavdeling, med masse flinke folk. Det gjorde at eg ikkje måtte bygga opp alt sjølv. Eg fekk òg jobba med å finna svar for potensielle kundar.
— Men eg synest det andre året av stipendiatperioden var intenst. Det var mykje lab-arbeid, og det tok tid å koma i gang med gode artiklar — det var mykje jobb som måtte gjerast før eg kunne koma i gang med sjølve skrivinga. Eg jobba mykje, og då vert ein sliten. Som stipendiat trur eg ein pushar seg sjølv hardt, ein er heile tida uroa for om ein jobbar nok. Det er alltid noko meir ein kan lesa. Eg vekependla i tillegg til Porsgrunn, så det var ikkje så mykje anna enn å jobba eg gjorde då eg var der.
— Har du angra på at du gjekk i gang med doktorgrad?
— Det er ikkje noko eg ville tilrådd andre. Eg angrar ikkje no, for å ta doktorgrad har opna mange dører for meg. Men dersom ein har ein god jobb, vil eg seia: Ikkje ta doktorgrad. Dersom ein ser at ein ønskjer å bytta karriereveg, kan det vera nyttig, men ein må vita at ein sjølv og eventuell nær familie toler den psykiske belastninga.
— Eg trur det skal vera mogleg å koma i mål til normert tid med vanlege arbeidsdagar, men då må ein ha ein god plan frå start — og kanskje ikkje vera så ambisiøs med tanke på kor ein ønskjer å få publisert. Eg enda med å levera fire månader på overtid.
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— Eg har bytta jobb, no jobbar eg i Veas. Eg jobbar med biogass, som prosessingeniør, og det er ei heilt perfekt stilling. Eg jobbar framleis med avfallslam. Veas har òg ei eiga forskingsavdeling. Eg er ikkje tilsett der, men eg samarbeider med dei om nokre prosjekt.