I
morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv. Trur eg.
Eg har
allereie funne ut at det kan gå ut over helsa. Prokrastinering (frå latin pro og crastinus, ‘det
som dreier seg om morgondagen), den ofte uoverkomelege trongen til å gjere alt
anna enn det du eigentleg skulle, kan:
a) øydelegge karrieren, om du i det heile
tatt kjem i nærleiken av ein. b) føre til
stress, angst, hjarteproblem, dårleg økonomi, skam og depresjon.
Prokrastinering
kan i verste fall føre til øydelagt liv.
Det er dokumentert, alt saman. Prokrastinering er ikkje bra for helsa. Det er
nesten så ein får lyst til å ta seg ein røyk. Men eg har for mykje eg må gjere. Denne
artikkelen skal etter planen vere ferdig om nokre få timar.
Likevel.
Dette er
det eg har fått gjort før lunsj.
Opna
kjøleskapet
Gått inn på Facebook
Gått inn på Facebook
Lese papiravisa, baklengs
Googla
how to avoid procrastination (119 00 treff)
Gått
inn på Facebook
Sjekka
om det er noko anna som kan gjerast
Sendt
ein sms til ein nobelprisvinnar
Gått inn på Facebook
Ringt
ein psykolog
Om eg
berre hadde hatt litt disiplin. Kunne lagt frå meg telefonen (ein slags digital
tobakk?). Tvilt litt mindre. Vore litt meir som Svein Stølen. Litt mindre som
Bill Clinton.
Eg har bestemt meg for å prøve.
Men først
Men først
skal eg berre ta kontakt med eit knippe storleikar i den norske universitets-
og høgskulesektoren. Føremålet er å lokke fram forteljingar om prokrastinering,
tilståingar om at også dei, trass i alt dei har oppnådd, prokrastinerer. Også
dei opnar og lukkar kjøleskapsdører medan markøren på PC- skjermen blinkar desperat
på ei blank side. Også dei les avisa, baklengs, medan bunken av eksamenar som skal rettast
hopar seg opp fortare enn Ola Borten Moe kan seie flaskehals.
Klaus
Mohn. Ein litt sånn no nonsens-type, økonom, og ikkje minst rektor på
universitetet i den falmande oljebyen Stavanger. Trass det effektive, proaktive
og rasjonelle ytre, også han har det slik.
Kanskje.
Klaus Mohn seier han prokrastinerer litt heime, men vil ikkje gå inn på kva det dreier seg om.Tord F. Paulsen
—
Hei, det er frå Khrono. Spørsmålet er om du prokrastinerer?
— Ja, i
nokon grad, som folk flest.
— Er
det noko mønster i det?
— Eg har
kanskje ein tendens til å skyve på fristen til fristen nærmar seg. Det hender
det blir skippertak i ny og ne.
(Yes,
tenker eg, her er vi inne på noko)
(Men så)
— Eg
veit ikkje om eg er nokon utprega prokrastinator. Eg prokrastinerer nok helst
på fritida. Men heller ikkje der er eg blant dei ekstreme.
— Nei
…? Men det er trass alt litt godt å høyre at ein rasjonell og effektiv type som
deg prokrastinerer, trass alt!
— Kunsten
er vel å tøyle det, så trongen ikkje tar overhand.
— Har
du ei triks på lager?
—
Njeeei. Ja. Det måtte vere å lage seg planar. Løfte og planar, eigne
tidsfristar som ein løpande basis for å sikre at innsatsen er jamnare enn han
elles ville ha vore.
— Det
er det du gjer?
— Nei.
For som rektor har eg min kalender. Men no skal eg i møte igjen. Sender du meg
sitatsjekk?
Klaus
Mohn er berre eín person, tenker eg. Det er fleire å ta av. Svein Stølen. Og moserane.
Ja! Hypotese: Nobelprisvinnarane, Edvard og May-Britt Moser, prokrastinerer, og
likevel, altså, er dei blitt nobelprisvinnarar! Oppglødd ved tanken tar eg
kontakt med Edvard, vi er trass alt frå same øy, dersom eg hadde vore frå ei øy,
hadde eg i alle fall vore frå denne øya.
Om
litt
Om litt
skal eg kontakte ein av Noregs fremste ekspertar på prokrastinering, primært
for å prøve å tilføre denne teksten substans, men kanskje også, innrømmer eg, for
på ein eller anna måte få litt trøyst frå ein professor i psykologi ved UiT Noregs
arktiske universitet (eit namn dei kanskje kom fram til etter å ha
prokrastinert i mange månader, før dei til slutt berre måtte bestemme seg for
noko).
Frode Svartdal, heiter psykologen.
I det eg
skal finne telefonnummeret gir eg meg til å stire ut det store vindauget ved
kontorplassen min.
Medan eg stirer, i det som truleg er fleire minutt, på motorvegen
eg har utsikt til, der bilane køyrer fram og tilbake i ein endelaus,
tilsynelatande meiningslaus straum, tenker eg på noko far min brukte å
fortelje, kanskje som eit kamuflert hint:
Bestemora
hans, mi oldemor, som levde på 1400-talet eller der omkring, brukte å strikke
medan ho gjekk over markane frå fjøra med ei tung bør fisk på ryggen, og
samstundes drog ho ei rive etter seg, slik at ho kunne innhente litt ekstra
gras til buskapen med det same.
— Er
det ein genetisk faktor i dette med prokrastinering?
— Absolutt, seier professoren i Tromsø. – Det er ein viktig faktor. Er du impulsiv, er du meir utsett for prokrastinering.
Dei som tar ting på sparket, prokrastinerer meir.
Kvifor er det bilde av Bill Clinton her? Det kan lesaren finne ut om hen les vidare i artikkelen, og ikkje finn på andre meir unødvendige ting.Doug Mills
Forskingsfeltet,
der Svartdal har vore i front i mange år, skaut fart på starten av 1980-talet. Tastar
du ordet procrastination inn i Google Scholar får du 144 000 treff.
På eit norsk søk dukkar for eksempel ein artikkel av Svartdal opp: «Prokrastinering
og depresjon». I den kan vi lese at verken alder eller kjønn betyr noko særleg for
om du er disponert eller ikkje. Rektorar står det ingenting om.
Studentar
derimot – ingen prokrastinerer meir enn studentar.
—
Forsking viser at det i normalpopulasjonen ligg på 15-20 prosent. Blant
studentar viser nokre anslag at det er opp mot 80 prosent som prokrastinerer. Det
blir kalla studentsyndromet, seier Svartdal.
Og då
skal det understrekast at det dreier seg om ekte prokrastinering, ikkje
planmessig og strategisk utsetjing av oppgåver. Å for eksempel å utsetje å starte
skrivinga på masteroppgåva så lenge at det går til helvete, er ekte prokrastinering. Det er ikkje bra
for meistringskjensla, eller økonomien, som ikkje er godt for noko, og så vidare nedover det fysiske og ikkje minst
psykiske skråplanet.
— Forskinga viser ein klar samanheng
mellom prokrastinering og livskvalitet, seier psykologen.
Studentane
er Svartdals hjartesak.
Snart
— Studentar
har mange val, stor fridom. Denne fridomen kan vere skummel. Og konsekvensane av prokrastineringa er ikkje
alltid så merkbar før eksamen kjem. Prokrastinering fører til
at samfunnet mister ein masse talent. Det finst jo menneske som er glupe som søren, men
som ikkje greier å styre seg sjølv, og derfor ikkje får realisert potensialet
sitt, seier Svartdal.
Det finst
folk som kunne ha blitt professor, som han sjølv – dersom dei hadde fått hjelp
til å overvinne prokrastineringa.
Universitetet har laga ein prokrastineringsmaskin
Frode Svartdal
Han
meiner derfor det er «heilt utruleg» at universiteta og andre lærestader ikkje
gjer meir for å hjelpe studentane til å ikkje prokrastinere. Tiltak mot prokrastinering
er rett og slett ei forsømt samfunnsinvestering.
— Universiteta
gjer det tvert imot vanskeleg for studentane. Valfridom blir framstilt som noko
positivt. Men for dei som prokrastinerer er dette ei felle. Universitetet
har laga ein prokrastineringsmaskin. Det er urettferdig med tanke på at minst halvparten av studentane er sårbare for prokrastinering. Eg skulle ønskje at
lærestadene gjekk inn for å gjere studia meir menneskevennlege. Lange fristar,
for eksempel, det er ein invitasjon til prokrastinering, seier Svartdal.
—
Prokrastinering har også ei sosial side – det er kanskje ikkje likegyldig kva bakgrunn
du har?
— Nei, og dette er veldig viktig. For ein student, kan det vere ein kjempefordel
å ha ein akademisk familie. Veldig mykje kjem med oppveksten, og det betyr noko
om du har foreldre som les, om du har foreldre som har liknande arbeidsvanar
heime som det som krevst som student. Forsking viser at sjølvdisiplin er
viktigare enn intelligens for å lukkast i utdanningsløpet.
Og så
Prokrastinering
som samfunnsproblem er ikkje heilt oppe i dagen for leiaren i Norsk
studentorganisasjon, Maika Godal Dam. Men ho er einig i at studentfridom er
utfordrande.
— Studentar
har mykje fridom, som til å bestemme når ein må gjere ulike oppgåver. Det er
annleis enn tidlegare i skuleløpet, der ein har seks eller sju timar fast om
dagen, og som regel ulikt arbeidslivet som kjem etterpå, med fastsett
arbeidstid. NSOs politikk er at vi ønskjer meir varierte undervisnings- og
vurderingsmetodar som gir høve til vise anna kunnskap enn berre den ein får
vist på eksamen, seier studentleiaren, og vi anar at ho ikkje kastar bort høve
til å forme ein bodskap når ein journalist ringer.
Maika Marie Godal Dam, NSO, avtroppande studentleiar, er blant dei kanskje 20 prosent av studentane som ikkje prokrastinerer noko særleg.Privat
Ho er
avtroppande leiar no, snart klar til å ta steget vidare, truleg i politikken. I
eit tidlegare intervju med Khrono fortalte ho at ho visste at ho skulle bli
statsvitar då ho var 10 år gammal.
— Du
er ein ganske strukturert type du?
—
Strukturert, men distré.
— Ikkje
plaga av prokrastinering?
— Plaga
vil eg ikkje seie, seier Dam, men legg til at ho trass alt er menneskeleg, også
ho kan ta tak i ting som ligg rette framfor henne, heller enn dei som ligg bak,
og ropar forgjeves om å blitt tatt tak i.
Eg prøver
ein kandidat til, Khrono har tradisjon for å ringe rektorane og spørje dei om alt
mogleg, dei er trass alt sjefane, kongane eller dronningane på ein måte, i den innimellom litt pompøse universitetssverda. Så eg ringer ein rektor. Før eg
finn fram nummeret til rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, låser
blikket seg igjen på motorvegen der ute, som no ligg bada i prematur påskesol.
Det
er dagen før palmehelga, kortfredag, to timar til deadline. Og eg kunne, om eg
berre hadde fått ut fingeren litt før, vore i ein av dei bilane no, på
veg til ferie.
Just do
it!
— Prokrastinerer
du, Stølen?
— Kjem
an på tema. Men eg er ikkje verdsmeister i det, nei. Eg er nok ikkje så god til
å prokrastinere. Med ein såpass travel jobb som dette …, seier Svein Stølen.
— Men
har det vore sånn heile livet?
— Eg er
god til å smekke til!
— Kva
betyr det?
— Det
viktigaste er å få prosessane til å fungere, få det til å flyte. «Just do it»,
er mitt slagord. Det har eg brukt mange gonger, og i mange av presentasjonane
mine. Heilt sidan eg var instituttleiar på kjemi.
— Du
snakkar ganske fort. Er det fordi du er effektiv?
— Nei, jeg er fra Fredrikstad. Austlandets svar på Bergen. Eg veit ikkje, det
kan ha med det å gjere.
— Så
du er aldri plaga med trong til å utsetje ting, altså?
— Det er
jo alltid eit snev av alt, det er ikkje eit enten eller. Av og til er
det ubehagelege ting som er litt lett å utsetje.
— Har
du eit eksempel på ein ubehageleg ting?
— Eg
jobbar rimeleg mykje. Så når det er helg eller ferie, er det mykje lettare å
gjere det som er gledesbetont enn det som er ubehageleg. Det er vel ei viss
form for prokrastinering.
— Når
ein har nådd så langt som deg, ein kan kanskje ikkje prokrastinere så mykje då?
— Eg trur
nok at når du har mange leiaroppgåver, då kan du ikkje vere for sterk på
prokrastinering. Då blir det vanskeleg å vere leiar.
—
Finst det ikkje ein
eller annan svikt i systemet ditt?
— Nei, vet
du hva, det er vanskeleg å evaluere sjølv. For å seie det sånn.
Han berre gjer det, Svein Stølen, men prokrastinering har han ikkje greie på.Siri Øverland Eriksen
Stølen tar
ei sjeldan kunstpause, prøver å komme på noko som kan likne rusk i maskineriet.
Jo, der kjem han på noko!
— Eg er
ikkje verdas beste til å svare på e-post. Men det er fordi det heile tida er
telefonar og møte og så vidare.
— Det
høyrest ikkje ut som ein veldig stor svikt …
— Det
kan vere at andre tenker at eg har noko som sviktar.
Stølen
seier han ikkje trur prokrastinering er eit større problem i akademia enn andre
delar av samfunnet. Her bygger han empirien delvis på dei tre sønene sine, som
alle har klart seg bra. Han har i grunnen ikkje merka noko til at dei har
prokrastinert, heller.
— Kva
er trikset?
— Nei,
det må vere å tenke at det rett og slett er mykje lettare å gjere det enn å
vente. Just do it! Få ein flyt som er effektiv. Men du må sjølvsagt
ikkje vere så rask at du ikkje tenker deg om.
— Har
det hendt med deg?
— Ingen
katastrofar, nei. Men ein gong sende eg ein e-post som eg tenkte ikkje var
høfleg nok. Det var då eg var på Kjemisk institutt. Eg sprang bort til
kontoret, til dit eg hadde sendt han. «Ikkje opne e-posten!», sa eg. Eg rakk
det.
Bisarr
boost
Etter
denne samtalen gjer skamma over eiga prokrastinering seg såpass sterkt
gjeldande at eg går inn på dagbladet.no.
Eg veit at eg ikkje er åleine om det,
dessverre. Også ein professor eg kjenner gjer
dette. Det gir ein slags bisarr boost. Trur eg.
NÅ! Trond
Giske har ein stor OPPTUR, er på topp på sida. Meir interessant finn eg overskrifta
litt lenger nede på sida, noko om samansydde lik. Eg klikkar på saka og finn ei
grufull historie om grunnleggaren av eit kroppsdonasjonsselskap som gjorde ting
med kroppsdelar han absolutt ikkje burde, og som naturlegvis heiter Gore til
etternamn.
Faksimile: Dagbladet
Det kjennest som ein nedtur.
Eg tenker at dette kanskje er det mest uvesentlege avsnittet eg nokon gong har skrive i
ein avisartikkel, og at det skal vere vesentleg er ei av dei første læresetningane
i journalistikken. Heller ikkje no, med andre ord, gjer meistringskjensla seg gjeldande.
Prokrastinering er sjølvforsterkande, ein spiral som skrur deg lenger og lenger ned.
På impuls,
kanskje fordi Stølens råd om å skaffe seg ein flyt som er effektiv, google-snublar
eg over Simen Ådnøy Ellingsen. Han er litt over førti, professor på NTNU og
ekspert på fluidmekanikk.
—
Hei! Har du nokon gong prokrastinert?
— Ja, …
nei, då. Har vel ikkje gjort så mykje av det.
Han
fortel at han ikkje kan snakke, fordi han køyrer bil og er opptatt med å finne
fram til der han skal ha ein spelejobb med jazzbandet han har på si.
— Du
skjønar eg ringte deg fordi Svein Stølen snakka om det med flyt …
— Ha,
ha. Ja. Men du, eg må parkere bilen, eg treng begge hendene no.
— Det
gjeld å ikkje kaste bort tida! Lykke til med spelejobben!
—
Takk!
Erkjenninga
slår inn over meg, heile prosjektet eg
sjølv foreslo for redaktøren, å skrive om prokrastinering, ei fyldig, kanskje
litt flytande sak til påskeavisa, er prokrastinering.
Det er
ein time til deadline.
Ei tekstmelding plingar inn på den altfor nærverande mobilen. Det er Edvard Moser, det er tysdag, svaret hans er skuffande og kan dessverre ikkje brukast til noko som helst. «Hei, rekker ikke denne uka, helt fullt». Han anbefalar ein psykolog.
Eg kjem på
eit par ting til som Frode Svartdal sa på telefonen frå Tromsø.
Berre
Bill
1) Han
tviler på at det er mogleg å bli professor om du har trøbbel med
prokrastineringa. Det er så mykje ein må gjere på eiga hand, «så mykje
sjølvstyrt åtferd at det skal godt gjerast å kome særleg langt før det skjer
seg».
2) Det er
derimot mogleg å bli president i USA.
I alle
fall vart Bill Clinton i 1994 omtalt som ein «kronisk prokrastinator». Han tok
det igjen på karisma og evne til å inspirere andre til å jobbe for seg. Men poenget
står fast, det er håp, også frå kronikarar! Eg er likevel litt usikker på om
eg har noko oppmuntring å hente i dette, sidan eg ikkje veit om eg er like inspirerande
som Bill Clinton.
I 2011
fekk den amerikanske filosofiprofessoren John Perry, om ikkje nobelprisen, så i alle fall parodien
på nobelprisen, IG Nobel prize. Den fekk han for boka «Kunsten å prokrastinere»,
der han i populær form lanserer teorien om strukturert prokrastinering. Det går
kort sagt ut på å lure seg sjølv til å få gjort ein heil masse ved å prorkrastinere strukturert, på ein eller annan finurleg måte. Han hevdar han sjølv brukar denne metoden.
Så er der håp! Mannen var professor! I filosofi! På Stanford!
Men Frode Svartdal,
ikkje for å svartmale (eller -dale), trur ikkje på strukturert prokrastinering.
For dette er i realiteten handlekraftig planlegging, og det er noko anna. Eit
liknande konsept som av og til blir trekt fram, «aktiv prokrastinering», er like tullete, slik Svartdal ser
det.
— Perry
er filosof, utan peiling på fagfeltet. Det viser kor viktig det er å kjenne
forskinga. Alle leiande forskarar, som er i feltet, er einige om at «aktiv
prokrastinering» er misvisande, seier han, psykologiprofessoren.
Eg veit
ikkje kva det var med 2011, men det året var det fleire filosofar som var opptatt av prokrastinering. Blant dei var dei norske filosofane Olav Gjelsvik og Jon Elster, som begge var bidragsytarar til ei filosofibok om emnet, The Thief
of Time. Det skal leggast til at ingen av dei gav seg ut for å vere
sjølvhjelpsguruar, slik Perry gjorde.
Nei,
allereie Sokrates gjorde seg tankar om prokrastinering, står det i boka.
Memento
mori/skrivesperre
Men i det
eg oppdagar dette, er det allereie for seint å kontakte dei. Det er tjue minutt
til deadline, og eg har allereie snakka med ein annan filosof.
Denne filosofen
heiter Espen Gamlund, er professor ved Universitetet i Bergen, og apropos
deadline:
Gamlund har som fagfilosof arbeidd ein del med døden
og mellom anna skrive ei bok om emnet. Han seier han ikkje har tenkt på koplinga mellom død og prokrastinering før, men han er trass alt betalt for å tenke, så han kjem raskt i gang:
— Å forhalde seg til sin eigen død kan tvinge fram
ei prioritering av det som er viktig. Om ein erkjenner at tida er knapp, kan
det gi eit slags insentiv til å prøve å få meir ut av livet. Kanskje kan det
gjere deg meir målretta og ambisiøs. Kanskje får du gjort meir. Slik sett kan
vi tenke oss at døden, eller det å vere bevisst døden, kan motverke prokrastinering,
seier Gamlund.
Men pass på å ikkje overdrive, prøv å ikkje la det
tippe over i angst, er rådet.
— Som motvekt til prokrastinering må ein på ein måte
ha eit abstrakt forhold til døden, tenke på det som ein motor i livet. Ikkje berre på at det skal svartne for alltid, og at verda går vidare utan deg.
Sjølv er Gamlund heller ikkje heilt ukjent med kampen mot
trongen til å gjere alt anna enn det han eigentleg skal.
Espen Gamlund har jobba ein del med den endelege daudlinja, også kalla døden. — Å vere bevisst døden kan motverke prokrastinering, trur han.Ingrid Endal / UiB
— Det som lettast fører til prokrastinering er det
som er mest krevjande. For min del er det å skrive, å arbeide med artiklar og
bøker. Då hamnar eg av og til i den underlege situasjonen at eg gjer kjedelege
ting i staden for det eg har lyst til, men som er meir krevjande, som å skrive.
Alle som har prøvd å skrive, veit at det er vanskeleg. Eg er nøydd til å setje meg mål og fristar.
Men heller ikkje Gamlund er ein av dei som verkeleg
slit med prokrastinering, han er altså blitt professor og forfattar.
— Eg kan ikkje seie at det har vore eit problem,
heller ikkje i studietida. Kanskje er ei forklaring at prokrastineringsmenyen
den gongen var å ete lang lunsj, eller gå litt tidleg på puben. Med telefonar
og internett tilgjengeleg heile tida, trur eg studentane i dag har det
vanskelegare, sånn sett.
Om ein månad har Gamlund sjølv klistra ein deadline i
kalenderen. Då skal førsteutkastet til ei ny bok vere klart.
— Det berre må gå, seier han.
For min
eigen del er det no ti minutt til deadline. Det må vel berre gå, det også.
Trur eg!
Det
hindrar meg ikkje i å igjen glo ut det store vindauget.
Eg kan
konstatere at trafikken på motorvegen er tettare. Hundrevis av bilar med menneske som truleg har
gjort det dei skulle ha gjort, og no kan ta velfortent helg og påske, og er på
veg til å ha det artig.
I eit
slags siste desperat forsøk på å regulere min eigen identitet som prokrastinator,
og i siste liten legge eit hint av glamour over det heile, snur eg meg mot
skjermen og googlar «famous i procrastinators».
Wolfgang Amadeus Mozart har ord på seg for å ha vore ein prokrastinatør. Men så var han då også Mozart.
Fulltreff!
Trur eg!
Eg kjem
over nettsida Solvingprocrastination.com, og truleg for å få opp moralen, har
dei som står bak laga ei heil liste med prokrastinatorar, frå Leonardo da Vinci,
via Margaret Atwood og Dalai Lama, til Steve Jobs. Mozart!
Eg identifiserer meg
særleg sterkt med Hunter S. Thompson, i alle fall i dag. Den amerikanske
journalisten er ufrivillig oppfinnar av gonzo-journalistikken, og mest kjend som
forfattar av «Frykt og avsky i Las Vegas», seinare gjort til film med Jonny
Depp i hovudrolla.
I eit
intervju med det heller subkulturelle magasinet High Times in 1977, uttalte Thompson
at «eg får aldri noko gjort utan presset frå ein eller annan umogeleg deadline».
«Gonzo», som er blitt ståande som ein eigen sjanger, skal ha blitt til som eit resultat av massiv prokrastinering. Thompson reiv ark frå notatblokka si og stappa i faksen, desperat, ettersom deadline var
passert, og magasinet han var sendt ut på oppdrag for var på veg i trykken.
Det er eit minutt til deadline.
Frode Svartdal
kontrar med nokre meir edruelege råd til plaga prokrastinatorar:
Etter
skjema
— Sett
opp eit skjema, dag for dag, veke for veke. Då får du eit bilde av kva du skal
gjere, heilt konkret, og konsekvensen av å ikkje gjere det blir tydelegare. Å
kartlegge og prøve å forstå kva som gjer at du prokrastinerer når du gjer det,
kan vere nyttig. Små justeringar kan skyve ting i rett retning.
Eg er
redd eg aldri får lirka meg til å få notert ned eit slikt skjema.
Då er det
kanskje trøyst å hente i noko anna eg finn i notata frå intervjuet med Svartdal,
rett etter eg skulle ha sett punktum.
— Samfunnet
er konstruert for å gjere oss målretta og fornuftige. Ein del forsking viser at
dersom du gir litt blaffen i normer og krav, har litt andre verdiar, så kan ein
del av problema knytt til prokrastinering forsvinne. Og livet handlar jo ikkje
berre om å jobbe mot eit mål, seier professoren.
I morgon skal eg ikkje gå inn på Facebook. Trur
eg.
Ei ny tankesmie ser nå dagens lys. Den heter Mime og vil bidra med perspektiver sett fra andre steder enn Oslo.
Sentrale aktører er tidligere sjefredaktør John Arne Moen i Trønder-Avisa, tidlligere forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe og stortingsrepresentant Sivert Bjørnstad fra Frp.
Moen skriver på Facebook:
«Vi er ikke ute etter å etablere en ny konfliktlinje mot «Oslo». Dét er alt annet enn hva vi trenger i dagens situasjon. Men vi mener helt oppriktig at alt for mye definisjonsmakt ligger innenfor grensene av landets største kommune. Faren for at viktige perspektiver går tapt når et relativt avgrenset miljø resirkulerer hverandres problemstillinger og påvirker hverandres holdninger, er åpenbar.»
Om et par uker kommer en podcast, deretter er målet å bygge tankesmia opp skritt for skritt, mening for mening, artikkel for artikkel, ifølge Moen.
Ola Borten Moe skal være med og tenke tanker i den nye tankesmia.Javad Parsa
LO Stat møter i dag — tirsdag — staten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet til oppstartsmøte i meklingen for tariffoppgjøret i staten.
Meklingsfristen er ved midnatt 27. mai.
30. april ble staten og Akademikerne, Unio og YS Stat enige om lønnsoppgjøret. Men det ble brudd mellom staten og LO Stat, som ved universitet og høgskoler blant annet betyr NTLs medlemmer.
— Statens tilbud hadde en fordelingsprofil som ikke var i nærheten av å gi en rettferdig fordeling av tilgjengelige lønnsmidler. Det siste tilbudet var en ren provokasjon, og det var umulig å akseptere, sa LO Stat-leder Elisabeth Steen da bruddet var et faktum for en knapp uke siden.
— Vi går inn i meklingen med tro på at vi skal finne en løsning innen fristen. Men det blir utfordrende, og vi er avhengig av at staten vil bevege seg mer enn det de gjorde under forhandlingene, sier Steen i en pressemelding.
Det er riksmekler Mats W. Ruland som leder meklingen.
Elisabth Steen. leder i LO Stat og forhandlingsleder i meklingen, sier at forhandlingene blir utfordrende.LO Stat
Utdanningsminister Linca McMahon sier Trump-administrasjonen ikke lenger vil gi føderale tilskudd til Harvard-universitetet.
– Harvard vil ikke lenger være en offentlig finansiert institusjon. Istedenfor kan de operere som en privat-finansiert institusjon, med sin enorme stiftelseskapital og ved å drive pengeinnsamling fra deres mange, rike alumni, skriver McMahon i et brev publisert på X mandag kveld.
I det tre sider lange brevet kommer McMahon med en rekke anklager om lovbrudd Harvard skal ha begått.
En talsperson for Utdanningsdepartementet sier at Harvard må imøtekomme kravene til administrasjonen for at de skal få igjen pengestøtten, ifølge The Harvard Crimson. Harvard svarer at direktivet er gjengjeldelse for at universitetet saksøkte Trump-administrasjonen, og et forsøk på å kontrollere Harvard.
Ina Cabanillas Hansen vant prisen Årets unge inspirasjon for sitt engasjement innenfor inkludering, fellesskap og studenters psykiske helse.
Hansen står bak appen Study Buddies, som hun utviklet etter at hun ikke fant noen å skrive oppgaver med som student på Handelshøyskolen BI.
– Dette er det største som har skjedd meg profesjonelt. Personlig betyr det alt. Jeg startet Study Buddies fordi jeg selv slet med å finne min plass som ny student, nå får jeg en nasjonal pris for å ha gjort det lettere for andre. Det er ganske sterkt, sier Hansen i en pressemelding.
Prisen deles ut av Her Awards, som hedrer kvinner som skaper endring. I jurybegrunnelsen står følgende:
«Vinneren har vist et sterkt engasjement for å skape positive endringer for studenter og unge. Med plattformen Study Buddies jobber hun aktivt for å motvirke ensomhet og utenforskap, og hun har blitt en viktig stemme for inkludering og mangfold. Ina har vært åpen om egne erfaringer og brukt sin stemme til å styrke andre – både innen psykisk helse og i debatten om generasjonsforståelse.»
Ina Cabanillas Hansen under prisutdelingen Her Awards.Her Awards
Bjørn Tore Kjellemo er ansatt som ny forskningsdirektør ved OsloMet.
— Jeg ser fram til å begynne som forskningsdirektør ved OsloMet, og bli bedre kjent med både universitetet og ikke minst nye kolleger, sier Kjellemo på OsloMet sin nettside.
Kjellemo tiltrer i august. Han kommer fra stillingen som spesialrådgiver i Forskningsrådet, i avdeling for forsknings- og innovasjonssystemet. Tidligere har han vært avdelingsdirektør i Forskningsrådet, det som da het Nærings- og handelsdepartementet, og Kunnskapsdepartementet. Han er utdannet jurist ved Universitetet i Oslo.
— Jeg ser frem til å samarbeide med Bjørn Tore Kjellemo fremover. Han er en erfaren leder med bred kompetanse og innsikt fra arbeid med forskning, utvikling og innovasjon, både nasjonalt og internasjonalt, sier Tanja Storsul, prorektor for forskning og utvikling ved OsloMet.
Kjellemo tar over stillingen etter Yngve Foss, som går av med pensjon. Foss har vært forskningsdirektør ved OsloMet siden 2020.
Lista, en ny politisk liste, vant i år studentvalget ved Universitetet i Oslo (UiO).
Lista fikk 18,25 prosent av stemmene.
Oppslutningen i valget var på 11,46 prosent og det var 2923 studenter som avga sin stemme. I fjor var valgoppslutningen på 12,59 prosent, skriver Studentparlamentet i en pressemelding.
– Vi skal fortsette å representere alle studenter – uavhengig av om de stemte eller ikke. Vi gleder oss til et nytt år med nye lister og utvikling av ny og spennende politikk, både lokalt og nasjonalt, sier leder av Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, Sondre Matthias Klungland.
Administrerende direktør Kristian Brunsvik Olsen går ut av lederrollen i Studentinord, og Johan Petter Skogseth konstitueres som fungerende administrerende direktør.
– Styret takker Kristian for innsatsen og engasjementet han har lagt ned gjennom en krevende periode, og for hans bidrag til å utvikle Studentinord og styrke det nasjonale samarbeidet mellom samskipnadene, sier fungerende styreleder Kristine Brasøygård Flågan i en pressemelding.
Studentinord er studentsamskipnaden for studenter ved Nord universitet og Politihøgskolens avdeling i Bodø.
Olsen kom inn som administrerende direktør i 2020, og har ledet organisasjonen gjennom mange utfordringer. I pressemeldingen står det at styret og Olsen er enige om at tiden har kommet for et lederskifte i organisasjonen.
– Jeg er stolt av å ha ledet en så flott organisasjon med så engasjerte folk, og av det vi har fått til sammen for studentene. Studentinord går nå over i en ny fase, og etter en god og åpen dialog med styret er vi enige om at det nå er riktig å gi plass til nye krefter, sier Olsen.
Styret starter prosessen med å rekruttere ny administrerende direktør.
Fungerende administrerende direktør Johan Petter Skogseth går inn i et midlertidig lederteam med Geir Abel Jensen for å ivareta den daglige driften.
Christian Traeger, økonomiprofessor ved Universitetet i Oslo (UiO), har vunnet prisen Frontiers Planet Prize for en forskningsartikkel.
Prisen deles ut av sveitsiske Frontiers Research Foundation, til forskning som viser potensial til å løse verdens mest alvorlige miljøproblemer.
Artikkelen ble publisert i Science og Traeger er en av 16 forfattere som medvirket til den. Den handler om svakheter i hvordan regjeringer verdsetter natur. UiO skriver om nyheten på sin nettside.
– Tradisjonelt har politikere tatt økosystemer som gir oss ren luft, sunne skoger og biologisk mangfold for gitt. Vi viser at når økosystemene blir knappere fremover og samfunnene samtidig rikere, vil verdien folk tillegger disse naturens goder øke, sier Traeger.
Forskerne foreslår i artikkelen en enkel og praktisk regel for å justere fremtidig verdisetting av naturlige goder, for at offentlig politikk skal stimuleres til å bevare økosystemer.
Traeger er glad for at forskning han har bidratt til, premieres.
– Det får meg til å innse betydningen av å nå ut til publikum med forskningen, slik at den kan anvendes av politikere og myndigheter, sier han.
Christian Traeger er professor ved Økonomisk institutt på Universitetet i Oslo.Svein Harald Milde/ UiO
Nyeste artikler
Viktige gjennomslag for fagskolene. Vil ha raskt forslag om gradstitler
Felt forsker publiserte med 60 NTNU-kolleger. Gjenbruk ble ikke fanget opp
Nå strammes det til ved UiO
UiO møtte demonstranter: Ingen nye avtaler med Israel
For slapp reaksjon på etiske overtramp
Mest lest
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Gransking: Norges mest publiserende forsker opptrådte vitenskapelig uredelig
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Da de nektet å forlate rektors kontor ringte NTNU politiet. — En skamplett
Saksøker universitetet etter KI-utestengelse