Ulik praksis på skjenkereglar ved landets unviersitet og høgskular. Foto: Tor Farstad
Ulik praksis på skjenkereglar ved landets unviersitet og høgskular. Foto: Tor Farstad

NMBU og Høgskolen i Østfold har strengast skjenkereglement

Skjenking. På Høgskolen i Østfold sine område skal ein verken servera eller nyta alkohol i arbeidstida eller i arbeidssamanheng.

Publisert

— Det handlar om samfunnsutviklinga. Det er mindre aksept for bruk av rusmiddel enn før.

Det seier Gaute Storås. Han er HR-direktør ved Høgskolen i Østfold.

I fjor hadde høgskulen ein gjennomgang av skjenkepolitikken sin, og skjerpa inn retningslinjene. Det heiter mellom anna at «bruk av alkohol eller andre rusmidler er utelukket i forbindelse med all organisert studentaktivitet i regi av høgskolen. Unntaksvis kan dette tillates dersom det er en naturlig del av programmet i forbindelse med konferanser, feiringer eller andre markeringer». Det heiter òg at det ikkje skal serverast eller nytast alkohol på høgskulen sine område innanfor arbeidstida eller i arbeidssamanheng.

Ulik praksis

Er du på tur med høgskulen, så er du på jobb. Då skal det ikkje nytast alkohol.
Gaute Storås
HR-direktør, Høgskolen i Østfold

Skjenkepraksis er ulik ved landets unviersitet og høgskular. Khrono har sendt spørsmål om skjenkepolitikk til alle universiteta og dei største høgskulane. Høgskulen i Volda har ikkje svara, og Høgskulen i Innlandet skriv at som ein forholdsvis nyfusjonert høgskule er alkoholpolitikk noko ein skal sjå på etterkvart.

Saman med HiØ er det Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) som peikar seg ut med ein tydeleg rusmiddelpolitikk. Der heiter det mellom anna at ein ikkje skal gi alkohol som gåve. Universitetet skjenkar ikkje alkohol i arbeidstida, dei dekkar ikkje brennevin og betalar heller ikkje for alkohol ved arrangement der studentar deltek.

Storås ved HiØ skriv i ein epost til Khrono at høgskulen så langt ikkje har nytta unntaksmoglegheita regelverket opnar for. Dette vart lagt inn for å kunne servera alkohol ved høgtidelege høve som til dømes doktorgradsdisputasar.

— I ettertid ser me kanskje at me òg her kjem til å nytta alkoholfrie alternativ, så denne formuleringa vil kanskje verta teken ut ved neste revisjon, skriv Storås.

Har sett tidsfrist

Ved Universitetet i Bergen har ein ikkje tidfesta når ein kan servera alkohol. Men det har fleire av dei andre universiteta gjort. Universitetet i Agder serverer ikkje alkohol i normalarbeidstida, heller ikkje i samband med disputasar eller andre feiringar.

OsloMet har definert at ein ikkje skal servera alkohol i universitetet sine lokale før tidlegast klokka 14.30. Universitetet i Oslo har sett fristen til klokka 15, og Universitetet i Sørøst-Norge opplyser at det ikkje skal serverast eller nytast alkohol innanfor arbeidstida, som er definert til klokka 16, på universitetet sine område.

— Det skal ikkje skjenkast alkohol i kjernetida ved OsloMet. Me oppmodar til å vurdera behovet for alkoholservering under arrangement etter arbeidstid, og tilstreba moderat bruk. Å nyta eit glas ved enkelte høve etter arbeidstid kan vera hyggelig, og me vil halda moglegheitene opne for det, skriv Oslomet-rektor Curt Rice i ein epost som er sendt via universitetet si kommunikasjonsavdeling.

Curt Rice, rektor ved OsloMet, tillet ikkje skjenking av alkohol i arbeidstida. Foto: Tor Farstad
Curt Rice, rektor ved OsloMet, tillet ikkje skjenking av alkohol i arbeidstida. Foto: Tor Farstad

Nokre skjenkar til studentar

Kjell Bernstrøm, direktør ved Universitetet i Bergen, sa til På Høyden at han meiner ein bør vera forsiktig med å servera alkohol knytt til studentarrangement, som bachelor- og masterseremoniar. Men UiB har ikkje noko i retningslinjene som seier at ein ikkje kan gjera dette, og Synnøve Myhre, fakultetsdirektør ved Fakultet for kunst, musikk og design, opplyste at fakultetet serverer alkohol i samband med opning av bachelor- og masterutstillingar, og òg i samband med masterseremoni. Fleire av dei andre institusjonane opplyser at dei ikkje serverer alkohol i samband med avslutningar for studentar.

— Det skal ikkje serverast alkohol i normalarbeidstida, heller ikkje på disputasar eller andre feiringar som går føre seg i arbeidstida, skriv Universitetet i Agder.

Dei hadde ein gjennomgang av skjenkepolitikken sin i fjor. I retningslinjene heiter det mellom anna at tilsette har eit særleg ansvar for måtehald i samenhengar der studentar er til stades.

OsloMet serverer ikkje alkohol til arrangement for studentar som er i universitetet sin regi. Universitetet i Tromsø serverer heller ikkje alkohol ved bachelor- eller masterseremoniar, men enkelte fakultet serverer eitt glas musserande etter doktorgradsdisputasar.

NTNU oppgir at dei normalt ikkje skjenkar alkohol i samanhengar der studentar er med. Høgskulen på Vestlandet seier at dei ikkje spesifikt har undersøkt om det vert servert alkohol i slike samanhengar, men reglen er at leiinga skal godkjenna servering av alkohol under arrangement på høgskulen. Ein kan servera to einingar, og eventuelt ein aperitiff i tillegg. Universitetet i Oslo har ikkje sentrale retningslinjer knytt til servering av alkohol under bachelor- og masterseremoniar, og oppgir at det ved nokre fakultet er eit alkoholfritt arrangement – ved nokre er det nøktern servering.

Fakta

Skjenking i sektoren

Statens personalhandbok seier noko om når Staten kan betala mat og drikke.

Ein skil mellom bevertning og representasjon. Representasjonsutgifter er knytt til meir formelle hendingar.

Reglane seier ikkje noko særskilt om alkohol, men oppgir ein sum for kor mykje ein kan bruka per person, og då skal både mat og drikke vera inkludert.

#metoo og alkohol

#Metoo—rørsla råka sektoren i 2017 og 2018, og fleire av sakene som vart offentleg kjende handla om alkohol.

— Alkohol og fyll har ein del med dette å gjera. Det har vore stor toleranse for høgt alkoholforbruk i mange miljø i akademia, og med alkoholen kjem tafsinga, sa medieprofessor Trine Syvertsen då dei første #metoo-sakene vart kjende.

Prorektor Margareth Hagen frå Universitetet i Bergen sa seg samd med Syvertsen i eit intervju i På Høyden. Ho meiner at ein som tilsett skal vera måtehalden med alkohol i samanhengar der det er studentar til stades.

— På eit visst tidspunkt bør ein gå heim frå nachspiel, sa Hagen før jul i 2017.

Ikkje studenttur med alkohol

Det har ikkje alltid alle gjort. Ein vitskapeleg tilsett ved Universitetet i Stavanger sa sjølv opp stillinga si. Han skal ha kome med seksuelle tilnærmingar mot studentar etter å ha servert dei store mengder alkohol.

Khrono har nyleg skrive om ei sak der ein tilsett ved Universitetet i Agder er omplassert etter å ha blotta seg for studentar – på fest, og ein tilsett ved Oslomet slutta etter at vedkomande hadde vore med på ein hyttetur med studentar. I ettertid varsla fleire studentar om uønska merksemd med seksuell undertone. Det skal ha vorte nytt mykje alkohol på hytteturen.

Slike turar får ein ikkje lenger ha på Høgskolen i Østfold, seier Gaute Storås.

— Er du på tur med høgskulen, så er du på jobb. Då skal det ikkje nytast alkohol. Studentturar er noko nokre av fagmiljøa våre hadde tidlegare, der det òg vart nytt alkohol, og nokre meiner nok retningslinjene våre er strenge. Men ein kan sjølvsagt framleis ha slike turar – men utan alkohol.

— Er det #metoo som er årsaka til at de har stramma inn?

— Me ville nok gjort noko uansett, men tidspunktet fall saman med #metoo. Eg opplever at det er meir fokus enn før på den risikoen som er knytt til rus, både at ein kan skada seg, men òg at nokon kan behandla andre dårleg.

Prorektor Hagen synest det vert drukke for mykje alkohol ved Universitetet i Bergen der ho er ein del av leiinga. Det sa ho då arbeidsmiljøutvalet ved Universitetet i Bergen hadde møte i mai. Ho viste mellom anna til tala frå Folkehelseinstituttet, som seier at forskarar drikk oftare enn andre i jobbsamanheng.

UiB-rektor Dag Rune Olsen sa til På Høyden at han ønskjer ein gjennomgang av universitetet sin skjenkepolitikk. Praksis internt på UiB er ulik, viste ein gjennomgang På Høyden har hatt.