Idar Flo ved Høgskulen i Volda vi, vite kva Statsbygg eigentleg meiner om aktivitetsbaserte arbeidsplassar. Her frå kontorlandskap på OsloMet. Foto: David Engmo

Kva meiner eigentleg Statsbygg?

Arbeidsplass. Er ikkje konseptet til Statsbygg slik at det er «aktiviteten» som skal vere avgjerande for kor dei tilsette til ei kvar tid skal velje å arbeide, spør Idar Flo.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I eit innlegg kommenterer Hege Njaa Aschim i Statsbygg kronikken til Jan Wilhelm Bakke og Knut Inge Fostervold om såkalla aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

For den vidare debatten bør Aschim forklare korleis Statsbygg verkeleg meiner ein praktisk skal få konseptet «aktivitetsbaserte arbeidsplassar» til å fungere i kvardagen.

Idar Flo

Aschim refererer til Bakke og Fostervold sin beskrivelse av aktivitetsbaserte arbeidsplasser som eit konsept som krev .. «hyppig bytte av en arbeidsstasjon for å fungere, gjerne flere ganger daglig».

Dette er ein definisjon som i følgje Aschim Statsbygg ikkje kjenner seg igjen i: «Vi anbefaler ingen å løpe fra plass til plass for å løse oppgavene sine i løpet av en dag.»

Jasså? Er ikkje dette konseptet til Statsbygg slik at det er «aktiviteten» som skal vere avgjerande for kor dei tilsette til ei kvar tid skal velje å arbeide; anten det er «cellekontor, felles arbeidssoner, stillesoner, sosiale soner etc»?

Alle høgskular og universitet som hatt besøk av ein emissær frå Statsbygg dei siste åra har jo blitt fortalt at oppgåvene til dei fagleg tilsette er svært varierte, og endrar seg nærast frå time til time.

På seminar presenterer representantar frå Statsbygg powerpoints som viser at ein allereie før lunsj har hatt møte med ein kollega, jobba i prosjektgruppe, fordjupa seg i faglitteratur osb – og dermed vil ein faktisk måtte flytte seg frå sone til sone i løpet av arbeidsdagen.

Men dette er altså ei mistyding, Aschim?

For den vidare debatten bør Aschim forklare korleis Statsbygg verkeleg meiner ein praktisk skal få konseptet «aktivitetsbaserte arbeidsplassar» til å fungere i kvardagen. Eg må innstendig be om at Ashim er konkret – og at ho ikkje brukar uttrykk som «gjennomtenkte, fremtidsretta» for å skildre kva dette eigentleg er.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS