Ytringsfridom

Akademikarar i bresjen for Assange: — Rettssak kan få følgjer for den frie forskinga

Det frie ordet og retten til å publisere ubehagelege og maktkritiske sanningar står på spel i utleveringssaka mot Julian Assange, meiner UiB-forskarar.

Ein demonstrant utanfor tinghuset i the Old Bailey i London der utleveringshøyringane mot Julian Assange begynte denne veka. Blir han utlevert til USA, kan han bli tiltalt for spionasje og risikerer ein dom på 175 års fengsel.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er eit enormt skummelt scenario, der ei spionasjelov frå 1917 kan trumfe det såkalla førstetillegget, first amendment, som gjer pressefridom til eit absolutt prinsipp i den amerikanske grunnlova, seier professor ved Universitetet i Bergen (UiB), Gisle Selnes.

Fakta

Julian Assange

  • Julian Assange (f. 1971 i Australia) er grunnleggar av nettstaden Wikileaks. Mellom 2006 og 2009 publiserte Wikileaks stor mengder informasjon om statlege og private lovbrot.
  • I 2007 samarbeidde den britiske avisa The Guardian og Wikileaks første gong i publiseringa av informasjon om korrupsjonsskuldingar mot tidlegare president i Kenya, Daniel Arap Moi.
  • I 2010 vart Wikileaks verdskjent då graderte militære dokument, lekne frå Chelsea Manning, vart publiserte. Mellom anna vart ein video frå Irak publisert under tittelen «Collateral Murder».
  • I tillegg publiserte Wikileaks dei såkalla Afghanistan war logs og Iraq war logs i oktober, ein kvart million interne meldingar skrivne av amerikanske diplomatar og dei såkalla Guantanamo files i 2011.
  • 7. september 2020 starta høyringar i ein rett i London, der Assange har sete fengsla av britiske styresmakter, etter at USA har kravd han utlevert og tiltalt for spionasje.

I dette scenarioet, der ein eventuell tiltale set presedens, kan ein i verste fall sjå for seg at både journalistar og akademikarar som publiserer «farleg» maktkritikk kan bli trua med sanksjonar frå amerikansk rettsvesen, ifølgje Selnes.

— I alle høve blir det både vanskelegare og meir risikabelt å arbeide med brennbare tema som har med USA å gjere.

Julian Assange, grunnleggaren av Wikileaks, står dei neste vekene i tiltaleboksen i London etter at amerikanske styresmakter kravde han utlevert tidlegare i år. Om amerikanarane vinn fram med kravet, kan Assange bli stilt for retten tiltalt for spionasje med ei strafferamme på opptil 175 år for å ha skaffa seg tilgang til og publisert gradert materiale.

— Ein kan lure på kvifor ikkje fleire uttrykker bekymring. Samstundes er det tydeleg at stemninga har snudd noko til Assanges fordel, seier Selnes.

UiB-professoren er ein av den som har engasjert seg sterkast for Assanges sak i det norske ordskiftet. Han har i mange samanhengar retta hard kritikk mot journalistar og media generelt for å fordreie og teie saka mot Assange i hel, og slik gå amerikansk etterretnings ærend. Han hevdar norsk media fleire gonger har publisert falske påstandar om Assange.

Men også i norsk akademia er det taust, med nokre unntak.

Avslørte angrep på sivile

Eitt av unntaka er Frode Helmich Pedersen, førsteamanuensis og kollega av Selnes ved UiB.

Etter Helmich Pedersens meining er Assange offer for ein systematisk svertekampanje i regi av amerikanske styresmakter og etterretningsvesen, med god hjelp frå vestleg presse, etter at lekkasjane frå Wikileaks mellom anna avdekte militære overgrep mot sivile i Irak og Afghanistan. Blant dei publiserte filene var eit opptak der 11 menneske, blant dei to reporterar frå Reuters, vart angripne og drepne av pilotane i eit amerikansk Apache-helikopter.

— Slik eg ser det, er målet med arrestasjonen og utleveringsstrusselen mot Assange å skremme alle frå avsløre løyndomar makta ikkje vil du skal avsløre, og då tenker eg særleg på stormaktene, seier Helmich Pedersen.

Saka mot Julian Assange er handlar ikkje om han er ein utriveleg fyr eller ikkje, men om ekstremt viktige prinsipp, meiner Frode Helmich Pedersen (til venstre) og Gisle Selnes, som begge har engasjert seg sterkt for Wikileaks-grunnleggaren.

Kampanjen har fungert, meiner han, og kan delvis forklare kvifor det har vore og framleis er relativt taust om saka mot Julian Assange, trass i at grunnleggande, demokratiske prinsipp står på spel.

— Det mest urovekkande er at så mange journalistar ikkje berre let vere å skrive om saka, men også vel å markere avstand. Dei gløymer at det i all hovudsak er journalistiske prinsipp som ligg til grunn for publiseringa frå Wikileaks.

Helmich Pedersen trur mange held seg unna, også i det akademiske miljøet, fordi det er skapt eit bilde av Assange som ein djupt tvilsam person. Då han for ei tid tilbake tok initiativet til ein opprop for Assange, var det mest kunstnarar og forfattarar som signerte, nesten ingen frå den akademiske sektoren.

— Eg fekk kritikk i sosiale medium, der dei som forsvarar Assange vart hengde ut som tullingar. Det blir ein kostnad ved å ta i saka, ein blir redd for å bli sitjande med skjegget i postkassa. Det er ikkje noko som tener karrieren. Kanskje tenker mange også at det er journalistane si oppgåve å engasjere seg i denne saka, ikkje akademikarane. Men dette dreier seg om ei ekstremt viktig prinsipiell sak som kan få følgjer også for den frie forskinga, seier Helmich Pedersen.

Men også han meiner å merke eit stemningsskifte.

FN-rapport: Overgrep mot Assange

Ifølgje UiB-forskarane er det er særleg etter at Assange vart henta av britisk politi i den ecuadorianske ambassaden i april 2019, der han hadde hatt politisk asyl sidan 2012, at opinionen har rørt på seg.

— Omtrent samstundes kom materialet som avslørte at skuldingane mot han var fabrikkerte. Det gjeld til dømes fleire brev og rapportar frå FNs spesialrapportør Nils Melzer, som viser politisert misbruk av rettsvesenet, og at Assange var blitt utsett for langvarig psykisk tortur, seier Selnes.

«I løpet av 20 års arbeid med krigsoffer, vald og politisk forfølging har eg aldri sett ein slik gjeng demokratiske statar som med overlegg isolerer, demoniserer og gjer seg skuldig i overgrep mot eit enkeltindivid og med så liten respekt for menneskeverd og lov og rett», uttalte Melzer mellom anna då rapporten kom i mai 2019 .

Valdtektsskuldingane etter eit besøk i Sverige, som Assange sjølv har hevda er fabrikkerte, hang lenge som ein skugge over han. I fjor vart saka lagt bort på grunn av mangel på bevis.

I tillegg til Amnesty International har særleg ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN frå norsk side forsvart Assanges rett til å publisere materialet han kan bli tiltalt for å ha avslørt. Etter Melzer-rapporten signerte Norsk presseforbund, Norsk journalistlag og Norsk redaktørforeining eit brev saman med Norsk Pen til amerikanske styresmakter med krav om at Assange ikkje må utleverast til USA og at ein tiltale er ein trussel mot ytringsfridomen.

PEN: —Dokumentasjon burde ryste

Leiar av varslarutvalet i Norsk PEN og professor emeritus i journalistikk ved OsloMet, Rune Ottosen, er einig i at ein systematisk svertekampanje har vore med å skape «berøringsangst» i Assange-saka, både for journalistar og akademikarar. Etter at lekkasjane av store mengder notat frå amerikanske ambassadar starta i 2010, publiserte fleire storaviser artiklar om innhaldet, blant dei The New York Times, The Guardian, El Pais, Der Spiegel, og i Noreg, Aftenposten.

— Frå første stund var PR-rådgivarar i Pentagon i sving med mål om å undergrave truverdet til Assange, og planen har verka, seier Rune Ottosen.

Han peikar også på rapporten frå FNs rapportør for tortur, Nils Melzer.

— Under normale omstende skulle Assange bli sett fri, seier Rune Ottosen, leiar i varslingsutvalet i Norsk PEN og professor emeritus ved OsloMet.

— Der blir svenske styresmakter skulda for å manipulere med bevis i samband med dei påståtte seksuelle overgrepa mot dei svenske kvinnene. Dokumentasjonen burde ryste både akademikarar og journalistar.

Den andre hovudpåstanden mot Assange er at han skal ha hjelpt Donald Trump til valsiger gjennom hacking av Hilary Clintons e-post, i samarbeid med russisk etterretning.

— Han seier sjølv at han ikkje fekk materiale frå russiske kjelder. Kva sanninga er, veit ikkje eg, men saka vart handsama av ein domstol i New York som forsvarte publiseringa av dei lekne e-postane.

Ottosen meiner Assange i prinsippet handla som ein undersøkande journalist då han mellom anna publiserte dokumentasjon på amerikanske overgrep mot sivile i Irak-krigen. Det var etterretningsanalytikaren Chelsea Manning, som var stasjonert i Irak, som lak ei stor mengde hemmelege dokument til Wikileaks. Ho vart seinare dømt til 35 års fengsel, men seinare tatt i nåde og frigitt av tidlegare president Barack Obama.

— Det er det publisistiske som er grunnlaget i tiltalen. Under normale omstende skulle Assange bli sett fri. Han har sona den straffa han fekk for brot på kausjonsvilkåra då han søkte tilflukt i den ecuadorianske ambassaden i 2012, seier Ottosen.

Strid etter Holbergdebatt

Under Holbergdebatten i desember 2017, eit arrangement i regi av Holbergprisen ved Universitetet i Bergen, var Assange sjølv ein av deltakarane på programmet, digitalt frå den ecuadorianske ambassaden i London. Tema var «propaganda, fakta og falske nyhende». Frå storskjermen langa Assange ut mot etablerte media, mediekonsern og journalistar.

Assanges utfall – og innlegget frå den kontroversielle journalisten John Pilger – blei møtt med sterk kritikk, særleg frå kommentatorane Eirin Eikefjord i Bergens Tidende og Inger Merete Hobbelstad i Dagbladet. Eikefjord omtalte mellom anna Assange som «en paranoid og narsissistisk klovn» og kritiserte Holbergprisen for å gi han mikrofonen utan kritiske motstemmer.

Selnes seier det var dette som for alvor fekk han til å trappe opp engasjementet for Assange, i første omgang gjennom fleire svarinnlegg til kommentatorane.

— Eg undra meg over måten arrangementet blei omtalt på, særleg korleis Assange vart avskriven, og særleg korleis analysane hans vart avfeia. Han stod for tidenes scoop, med livet som innsats, men vart avskriven som løgnar av journalistar som sjølv aldri har risikert noko i nærleiken av det Assange hadde gjort, seier Selnes.

Holbergprisen fekk sterk kritikk frå aviskommentatorar etter at Julian Assange vart invitert til Holbergdebatten i Bergen i 2017.

Når han likevel blir avskriven av norske journalistar, har det ifølgje Selnes med at dei støttar seg til dei prestisjetunge media, som The Guardian og The New York Times. Begge avisene var mellom dei som først samarbeidde med Wikileaks. Seinare har dei hamna i strid med Assange.

— Dei har i årevis køyrt ein svertekampanje mot Assange, gjort han til ein slags syndebukk, i arkaisk menining – ein som ikkje er verna av lova og som kan ofrast. Norske journalistar har i mange høve vore «nyttige idiotar» i klappjakta på Assange, hevdar Selnes.

Forstår at folk går lei

Men slik UiB-forskarane ser det, er det altså ikkje berre media som skyt seg sjølv i foten – også akademia har alt å tape på å vere passive tilskodarar til det som hender med Assange, slik dei ser det.

— Eg forstår jo at folk går lei, det har kome så mykje informasjon over så lang tid. Men no finst det så mykje dokumentasjon på det skitne spelet som har gått føre seg i denne saka. Den enkle oppfordringa til den einskilde akademikar, og alminnelege borgarar, blir å setje seg inn i saka. Det er i seg sjølv ei opprørsk handling, seier Selnes.

Det er forståeleg at mange ikkje vil ta i Assange, samstemmer Helmich Pedersen.

— Det er blitt skapt eit bilde av at han er ein djupt tvilsam figur. Men denne saka handler ikkje om Assange er ein utriveleg fyr eller ikkje. Det viktigaste i denne saka er å tenke prinsipielt, seier han.

Utleveringshøyringane mot Julian Assange i London er venta å vare i fire veker.

Powered by Labrador CMS