Utdanningsinstitusjonane må ta språkrettene til studentane på alvor, skriv Magne Aasbrenn. Biletet er frå studiestart 2017 ved Høgskolen i Innlandet, Hamar. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Akademia må sikre norsk språk

Språk. Profesjonsutdanningane må lære studentane å gjere jobben sin på det språket dei skal møte brukarane på, skriv leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

For å sikre at norsk held fram å vere det dominerande språket i Noreg, er det viktig å styrke stillinga til norsk språk på mange område. Eit av dei viktigaste områda å hindre dette domenetapet på er akademia.

Det er viktig å kunne tenke, forske og formidle på morsmålet sitt. Universitet og høgskular i Noreg utdannar ungdom som skal ut i arbeidslivet både innanfor og utanfor akademia. For at sjukepleiarar, lærarar, juristar, journalistar og sosialarbeidarar skal vere trygge på å gjere jobben sin på norsk, er det viktig at universiteta og høgskulane tar ansvaret dei har for norsk språk på alvor. Universiteta og høgskulane skal danne og bu studentane på å bli demokratiske deltakarar og gode språkbrukarar i det norske samfunnet.

Les også: Ingen oppfyller mållova

Når forsking blir viktigare enn utdanning og formidling, blir norsk fagspråk svekt.

Magne Aasbrenn

Utdanningsinstitusjonane må også ta språkrettene til studentane på alvor. At fleire universitet og høgskular systematisk nedprioriterer nynorsk og bryt både mållova og eksamensforskrifta, gjer ikkje studentane til trygge språkbrukarar.

Studentar må bli trygge brukarar av fagspråk både på nynorsk og på bokmål. I fag der pensum er på engelsk, skal utdanningsinstitusjonane tilby norskspråkleg støttemateriell. Vidare vil Noregs Mållag peika på at der det blir undervist og forska på norsk språk, historie, samfunnsliv, folkeminne og rettsvitskap, er det særleg viktig at ein held fast ved og utviklar ein norsk fagterminologi.

Les også: Hjelpeløs nynorsk på NTNU

Forsking som vert gjord i desse faga må i sin heilskap vera tilgjengeleg for ålmenta på norsk. Men òg innanfor realfaga er dette viktige mål å streva etter. Særleg er fag som geologi og biologi avhengige av nær kontakt med ålmenta for si faglege utvikling.

Etter universitets- og høgskulelova har utdanningsinstitusjonane eit ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Utan eit norsk fagspråk blir ikkje forskinga tilgjengeleg for ålmenta, og institusjonane oppfyller ikkje dette samfunnsoppdraget. Når forsking blir viktigare enn utdanning og formidling, blir norsk fagspråk svekt. Derfor må forskarane få utteljing for å skrive pensumbøker og drive med forskingsformidling på norsk, slik at dette arbeidet blir høgare prioritert.

Noregs Mållag meiner:

  • Teljekantsystemet må endrast, slik at forskarar får insentiv til å utarbeide norsk fagspråk og pensumlitteratur.
  • Studentar skal møte meir norsk pensumlitteratur. I fag der pensumlitteraturen er på engelsk, skal det finnast støttemateriell på norsk.
  • Profesjonsutdanningane må lære studentane å gjere jobben sin på det språket dei skal møte brukarane på.
  • Utdanningsinstitusjonane skal møte sanksjonar ved brot på mållova eller eksamensforskrifta.
  • Undervisings- og opplæringsspråket fram til og med bachelornivå ved norske universitet og høgskular skal halde fram med å vere norsk.
  • Norsk skal halde fram å vere administrasjonsspråk ved universitet og høgskular.

Les også: Rice skaper debatt om notat om norsk-krav

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS