Eikrem-saka

Advokat opprørt over at NTNU trassar protest og sjukemelding

NTNU sine advokatar skal gjennomføre innsynet i Øyvind Eikrem sin pc midt i ferien, og trass i at han er sjukemeld. Eikrems advokat reagerer.

— Det er oppsiktsvekkande at arbeidsgjevar tydelegvis fullstendig ignorerer arbeidstaker sin helsesituasjon, seier Eikrems advokat, Torfinn Svanem. Her er han fotografert i samand med ei rettssak han var forsvarar i for nokre år sidan.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

NTNUs advokatar trassar protester frå Eikrems advokat, og har no varsla førsteamanunsis Øyvind Eikrem og hans advokat Torfinn Svanem om at dei vil gå inne i Eikrems pc-ar for å sjå om han har brukt desse til å spreie hatefulle ytringar.

Det heile skal skje midt i sommarferien og trass i at Eikrem er sjukemeld.

Advokat Svanem reagerer på at NTNU sine advokatar vel å sjå vekk frå sjukemeldinga og likevel gjennomføre innsynet.

— Det er oppsiktsvekkande at arbeidsgjevar tydelegvis fullstendig ignorerer arbeidstaker sin helsesituasjon på denne måten, og openbert held fram ein prosess mot han basert på rykte, framsett av ein liten, og av mange karakterisert som useriøs nettstad (Filter Nyheter red.mrk), skriv Svanem i ein SMS til Khrono.

Fakta

Eikremsaka og varsel om innsyn i pc

  • Den 20. februar publiserte Filter Nyheter ei sak der fleire anonyme kjelder hevda at førsteamanuensis Øyvind Eikrem stod bak ei rekke anonyme Facebook-profilar som skal ha «hissa opp til rasistiske nettdebattar».
  • Eikrem har heile vegen nekta for at han står bak. Og NTNU har åtvara mot førhandsdømming i saka.
  • I mars hyra begge partar inn advokatar. NTNU-leiinga meinte det var svært viktig å enten få avkrefta eller stadfesta opplysningane i Filter Nyheter si sak.
  • NTNU sendte fredag før pinse varsel til Eikrem om at dei som arbeidsgjevar kom til å gjennomføre innsyn i e-postkassa hans og anna elektronisk lagra materiale.
  • Innsynet vil, ifølgje varselet som er signert dekan Marit Reitan, «også omfatte opplysninger som Eikrem har slettet fra de nevnte elektroniske mediene, men som finnes lagret på sikkerhetskopier eller annet som arbeidsgiver har adgang til».
  • Eikrem har gjennom sin advokat klaga på krav om innsyn. Ein klage NTNU ikkje har tatt til følgje.
  • NTNU skriv i ei internmelding at dei ikkje har vurdert å sparke Eikrem, og at media sine spekulasjonar om dette må stå for deira rekning.
  • I sitt varsel der dei krev innsyn skriv NTNU: «Dersom det skulle vise seg at du har brutt IKT-reglementet og står bak de anonyme Facebook-profilene, på tross av at du har benektet dette, vil forholdet kunne gi grunnlag for oppsigelse eller avskjed», skriv dekanen.
  • NTNU sine advokatar i Simonsen Vogt Wiig planlegg i samråd med konsulentselskapet KPMG å gjennomføre innsynet den 6. juli.

«Det vil ikke bli gitt ytterligere utsettelser»

Khrono er gjort kjend med korleis innsynet er tenkt gjort og delar av dialogen mellom advokatfirmaet til NTNU, Simonsen Vogt Wiig, og Eikrems advokat, Torfinn Svanem.

Simonsen Vogt Wiig skal ha motteke ei legeerklæring frå Eikrem onsdag denne veka, men tek ikkje det til etterretning, anna enn å utsetje innsynet.

«Mottatte erklæring konkretiserer ikke det vi etterspurte, nemlig hvorvidt Eikrem er i stand til å delta under innsynet. Til tross for dette har vi funnet å utsette gjennomføringen av innsynet til 6. juli. Det vil ikke bli gitt ytterligere utsettelser», skriv advokat Marianne Kartum i ein e-post til Svanem.

Deretter gir Kartum Eikrem frist til den 1. juli med å kome med tilbakemelding om han sjølv og/eller ein representant på vegner av han sjølv vil stille opp når innsynet skal skje fem dagar seinare.

Eikrems advokat, Torfinn Svanem, er ikkje nådig:

— Dette stadfestar ytterlegare at det her er personar i NTNU sin administrasjon som ut ifrå andre motiv og av eige tiltak nærast har funne det teneleg å forfølge Eikrem som person, og i samband med det nyttar seg av alle moglegheiter i så måte.

Svanem stadfestar at dei framleis vurderer rettslege skritt i saka.

På spørsmål om kvifor NTNU kan sjå ut til å ha hastverk med å få innsynet gjort, svarer dekan Marit Reitan: «Jeg har ingen kommentarer til det du her skriver.»

Dekan Marit Reitan ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap. Den 1. august tiltrer Reitan som prorektor for utdanning ved NTNU.

Frå 10-17.00

Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig har hyra inn konsulentfirmaet KPMG for å gjennomføre det konkrete innsynet.

KPMG har sett opp ein tentativ tidsplan for innsynet:

Frå 10-11.30 skal dei saman med Eikrem, eller eventuell representant, separere privat data/informasjon, står det i e-post frå dei.

Vidare er det sett av tid frå 11.45-17.00, der også advokatane frå Simonsen Vogt Wiig skal delta, til «gjennomgang av søkeresultat og innsyn i dokument».

Eikrem: Sterke krefter

Øyvind Eikrem sjølv seier til Khrono fredag kveld at han ikkje kan seie noko om han vil vere tilstades under undersøkinga av pc-ane hans fordi han for tida er sjukemeld. Han har også planlagt ferie i juli.

— Kva tenker du om at NTNU likevel vil gjennomføre gjennomgangen av e-postane dine?

— Eg har ikkje så mykje meir å seie. Dei synest å vere motiverte av sterke krefter. Kan hende vi snart får vite kva alt det her eigentleg handlar om, sier Eikrem.

Overser protest

Dermed ser det ut til at innsynet blir gjennomført. Tidlegare i juni la Eikrems advokat, Torfinn Svanem, inn ein protest mot at NTNU skulle føre innsynet.

— Dersom dei (NTNU, journ. anm.) står på kravet vil vi vurdere å gå til rettslege skritt, sa Torfinn Svanem til NRK den 8. juni.

Svaret frå NTNU kom same dagen, og leiinga stod på sitt.

«NTNU har eit rettkome behov for å avklare om Eikrem har nytta NTNUs IKT-Putstyr i strid med IKT-reglementet», heitte det i svaret frå NTNU.

NTNU-leiinga sende fredag før pinse varsel til førsteamanuensis Øyvind Eikrem om at dei kom til å gjennomføre innsyn i e-postkassa hans og anna elektronisk lagra materiale på pc-en.

Meininga med innsynet er, ifølgje NTNU, å avklare mistanken om at han skal ha spreidd hatefulle ytringar gjennom ein anonym Facebook-konto ved bruk av utstyr/pc NTNU har stilt til disposisjon.

Hevdar Eikrem står bak

Denne saka starta den 20. februar i år, etter at Filter Nyheter skreiv ei sak der fleire anonyme kjelder hadde peika ut Eikrem som personen bak fleire anonyme Facebook-kontoar som skal ha «hissa opp til rasistiske nettdebattar».

Eikrem har sjølv heile vegen nekta for at han står bak. I mars hyra begge partar inn advokatar. For NTNU-leiinga sin del var motivasjon at dei måtte få enten avkrefta eller stadfesta opplysningane som kom fram i Filter Nyheter si sak.

Det storma også rundt Eikrem hausten og vinteren 2018/2019 etter at han blei intervjua av nettstaden Resett om eit drap på asylsøkarar i Trondheim. Den gongen reagerte fleire av kollegaene hans ved NTNU på kva han hadde sagt og debatten i etterkant kom til å handle mykje om ytringsfridom i akademia.

Powered by Labrador CMS