OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Jeg ringte Drillo for å forsikre meg om at han ville komme til lanseringen.
Rune Slagstad formulerer seg på eit litt fornemt bergensk. Han ler stakkato, litt som han snakkar.
«Forstyrrar eg», spurte Slagstad i telefonen til Drillo. «Ja», svarte Drillo. «Eg er midt i Fredrikstad mot Åsane! Åsane leiar 2-0».
Vi har fått audiens kl. 11 på Institutt for samfunnsforskning, truleg den arkitektonisk sett mest diskrete forskingsinstitusjonen i Noreg. Ein lapp er limt ved inngangsdøra på Majorstuen i Oslo, som eit hint om at ein er komen rett. Inne i den mørklagde resepsjonen heng ein plakat der det mellom anna står at forskarane «ønsket seg enecellenes stillhet og mulighet for et slag bordtennis (…)» då arkitektane utforma bygget for over femti år sidan. Rune Slagstad huserer på grunnplanet. Han orsakar rotet.
Det er pussig at akademikarar må tolke den dei diskuterer med på minst vennlege måte.
Rune Slagstad
Fordi han må «gjøre seg klar til fotballtrening med mine kapitalistiske venner» klokka 17, har vi berre seks timar på oss.
Idehistorikaren, forfattaren, sosiologen, rettsteoretikaren, redaktøren. Ein slags inkarnasjon av ein intellektuell. Ifølgje baksideteksten til den nye boka hans, «Mine dannelsesagenter. En politisk idehistorie», har han vore «en av Norges mest innflytelssrike» av arten – i 50 år.
Egil «Drillo» Olsen er ein av dei utvalde i Slagstads nye bok. 573 sider, 99 kapittel, det er kanskje den slankaste boka hans sidan «Sosialisme på norsk» frå 1980, på den tida han var nestleiar i SV.
Han skal snart uttale seg om både Cecilie Hellestveit, internasjonalisering, norsk språk, scenenekt og Curt Rice, Nesna og det generelle forfallet i den norske universitets- og høgskulesektoren, men først nokre digresjonar.
— Eg var i Berlin for ein knapp månad sidan.
Aino og Adorno
— Då blei eg klar over ei bok av Hans Magnus Enzensberger (tysk forfattar og «noregsvenn», red.merkn.), som heiter Überlebenskünstler, overlevingskunstnarar, som han skreiv til 90-årsdagen sin. Eg oppdaga at også den hadde 99 kapittel! Det var fascinerande, tenkte eg. I første kapittel i boka hans står det om ein norsk forfattar, den einaste norske han skriv om, og det er Knut Hamsun. Det er fascinerande, for mitt første kapittel handlar jo om to jødiske filosofar, Horkheimer og Adorno, som skreiv Dialektik der Aufklarung på den tida Hamsun forvilla seg inn til Hitler!
Apropos Adorno: For mange samfunnsforskarar med sans for kritisk teori med utspring i den såkalla Frankfurterskulen er Theodor Adorno og Max Horkheimer ei slags urkjelde, intellektuelle legender. Slagstad var i Frankfurt og følgde Adornos aller siste forelesingar.
Då Rune Slagstad gjekk frå kyrkje til kyrkje med mor i Bergen, drøymde han om å bli teolog og prest på Helgeland. I dag er han rekna som ein nestor i norsk samfunnsforsking.Siri Øverland Eriksen
På ei av forelesingane, med Slagstad som tilskodar, blei Adorno overrumpla av delvis topplause unge damer, radikale studentar som skulle «omfunksjonere» forelesinga til sine ideologiske føremål.
— Adorno var på mange måtar ein verjelaus person i forhold til dette nye, nådelaust aksjonistiske, venstreorienterte miljøet, seier Slagstad.
Danningsagentane, eit omgrep Slagstad har funne opp, er personar som på ulikt vis har «formet hans tenkning». Det er ei fredsam bok, ei samling intellektuelle portrett. «En slags rapport om min intellektuelle reise», skriv Slagstad i innleiinga (…) «noen vil kanskje si en skisse av en intellektuell selvbiografi».
Dei 99 kapitla, der det første handlar om Horkheimer og Adorno, kan trygt kallast mangfaldige. Frå filosofen Hannah Arendt til laksemilliardæren Aino Olaisen. Frå kommunisten Rosa Luxemburg til høgrefenomenet Francis Sejersted (som var nær venn av Slagstad). Frå «nazi-esteten» Leni Riefenstahl til postkolonialisten Achille Mbembe. Frå Gudmund til Helga Hernes.
I det litt breiare, avislesande lag er Slagstad kanskje meir kjent som ein typisk angripar, ein karakteristikk han meiner passar på han, også som fotballspelar.
— Meir og meir med åra, seier Slagstad, no er han 76.
I 2005 kom «Utvalgte polemikker» på 913 sider. Ein av dei utspelte seg over spaltene i Dagsavisen og Dagbladet med forfattar Kjartan Fløgstad, også han ein angrepsvillig type. Stridens kjerne var spørsmålet om fotball primært er å forstå som estetikk eller politikk.
Fotball har i det heile ein tendens til å hekte seg fast i det Slagstad held på med. Han har ein tidlegare landslagskaptein, Rune Bratseth, oppkalla etter seg. I eit bryllaup til ein fetter sommaren 1960 gjorde han såpass inntrykk at den gravide kusina hans, mor til Bratseth, bestemte seg for å kalle han Rune.
Rune Slagstad legg ikkje skjul på at han er stolt.
Hernes må vernes
Polemisk strid handlar ikkje om å vinne eller tape, meiner Slagstad. Han strekker armen mot bokhylla, den delen som er fylt av hans eigne.
— Her, seier han, lirkar ut den raude mursteinen med dei utvalde polemikkane. – Jeg prøver å kvitte meg med bøker. Vil du ha den?
Polemisk strid handlar om «å bidra til den offentlige meningsdannelse – å forankre demokratiet i vel begrunnede meninger og posisjoner, gjerne av konkurrerende art», ifølgje Slagstad. Lista over dei meir og ofte mindre frivillige deltakarane i Slagstads bidrag til den offentlege meiningsdanninga er lang. Kanskje bør samfunnsforskaren, den tidlegare statsråden, reformatoren Gudmund Hernes nemnast spesielt: «Yndlingsfienden», danningsagent nr. 92, får noko som liknar ein kjærleg omtale. Ikkje verst med tanke på at Slagstad i «Utvalgte polemikker» brukte 60 sider med lita skrift på å dokumentere kranglane dei imellom.
Slagstad starta Nytt norsk tidsskrift i 1984Siri Øverland Eriksen
I det siste årets polemikk har Slagstad engasjert seg for lærarutdanning på Nesna, som ledd i ein større analyse av eit gryande regimeskifte i den norske kunnskapssektoren, publisert i Khrono og Dag og Tid.
— Korleis står det eigentleg til med danninga i dag?
— Uansett blir vel svaret gale på det spørsmålet. Det har jo ein klang av danningsborgarskap, som i nokre tydingar kan bety skikk og bruk, det er på ein måte to omgrep i eitt. Min bruk av dette omgrepet er knytt til styring og danning. Eg har jobba mykje med styringssystem, eg er jo oppteken av det som ikkje blir soge inn styringsapparatet, det som er demokratisk dannande. Men korleis det står til med danninga? Tja.
— Har du vurdert å skrive tynnare bøker?
— Eg har lova den yngste sonen min at no skal eg skrive ei tynn bok. Men eg veit ikkje.
— Kan du hugse kva du drøymde om då du var ni?
— Teologi. Eg drøymde om bli prest.
Mor, far og Albert Schweitzer
Han var ingen nerd. Han var sosial. Spelte fotball på Minde. Slagstad følte seg ikkje så forskjellig frå dei andre barna i Grønnestølen i Bergen, der han voks opp. Men niåringen var altså interessert i teologi, sterk i sjakk, spelte fløyte på høgt nivå (det gjer han fortsatt) og hadde ein sterk fascinasjon for den tyske teologen, musikkforskaren og filosofen Albert Schweitzer (som Slagstad sidan har omsett til norsk).
Det hadde mykje med mor hans å gjere, lærardottera frå Troms.
Ho lærte seg sjølv fransk og tysk. Ho spelte piano. Ho var eit produkt av den særeigne norske folkedanninga, eit omgrep Slagstad ofte brukar om syntesen av frilynt kunnskapslyst og folkeleg pietisme på slutten av 1800-talet og utover i det neste hundreåret.
Faren, som kom frå Gloppen i Nordfjord, er ei anna historie. Politimann, sportsmann i kraftdisiplinar som diskos og slegge, med olympisk potensial. Hadde det ikkje vore for krigen.
Det vondaste kapittelet i Slagstads barndom handlar om farens NS-medlemsskap. Slagstad vart fødd rett før frigjeringa. Første mange år etterpå forstod han grunnen til at politiuniforma hang på loftet i år etter år. Han trudde det var fordi faren fekk polio, det var ei logisk forklaring.
Slagstad, i munnleg utgåve langt frå den brautande bergensaren, blir endå eit hakk meir lågmælt.
Draumen om Helgeland
— Tok han eit oppgjer med fortida frå krigsåra, eller vart dette sitjande fast?
— Han fall mellom alle stolar, trur eg at eg kan seie. Han var ikkje ideologisk orientert i det heile. Men miljøet på politikammeret drog. Og ja, han tok avstand frå NS-ideologien. Det avgjerande var då han nekta ordre i 1942 om å kartlegge kollegaene, om dei var å stole på ved ein eventuell alliert invasjon. Det vart sett på som ordrenekt. Etter krigen ønskte far at hans overordna skulle vitne om denne ordrenekten. Men det ville han ikkje for å unngå å sjølv komme i klemme. «Ein vitnar ikkje for NS-folk», som dei sa. Det var bittert. Han mista jobben. Han aksepterte at resultatet var rett og bar det med verdigheit.
FAKTA
Rune Slagstad
Norsk samfunnsforskar og dr. philos.
Professor II i rettsteori ved Universitetet i Oslo 1989–92, i statsvitskap same staden 1993–97, i sosiologi ved Høgskulen i Volda 1998–99. I 1999–2000 var han professor ved Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo og frå 2003 professor II ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.
Knytt til Institutt for samfunnsforskning sidan 1989. Slagstad har mellom anna gitt ut Positivisme og vitenskapsteori (1979), De nasjonale strateger (1998), Kunnskapens hus (2000) og Rettens ironi (2001).
Faren hadde sin siste jobb som nattportier på Orion hotell.
— Korleis prega dette deg?
— Det var noko som låg der, usagt. Men eg høyrde jo naboane rope «nazipakk» og slikt. Eg hadde ei oppleving av å vere fødd skuldig. Ei kjensle av å vere utrygg. Eg veit kva det vil seie å gå i oppoverbakke.
Slagstads religiøse prestedraumar hadde samanheng med kyrkjebesøka med mora. Ho og sonen hadde ein slags hobby der dei systematisk besøkte alle kyrkjene i byen. Og så var det turane med hurtigruta på turane til og frå mormor i Tromsø.
— Helgeland, det stod for meg som i eit sollys! Eg drøymde om å få ein prestegard der.
Han gjekk med den kristne avisa Dagen fram til han var 14.
Blant dei få abonnentane var Anna og Per Lønning, velkjende namn blant dei kristeleg orienterte, og politiske. Sønene Per og Inge Lønning blei seinare biskop og stortingspolitikar for Høgre. Dagens redaktør, Arthur Berg, blei seinare religionslærar for Slagstad på Katedralskolen. Danningsagentar alle saman, Per Lønning er også med i «Mine Dannelsesagenter».
— Sidan det ikkje var meir enn 20 abonnentar, som budde langt ifrå kvarandre, var det også god trim for ein liten gut å bere rundt på dette ikkje spesielt kroppsorienterte, pietistiske organet, seier Slagstad.
Eliten, det er eg
Er det ikkje noko litt pompøst over dei intellektuelle, luktar ikkje sjølve omgrepet litt rikeleg av tweed og elfenbeinstårn?
— Eg blir stadig vekk sett kalla og sett på som ein elitist. Det har eg ikkje noko problem med. Det oppdragande ved å vere elite, det vedkjenner eg meg. Det ligg noko forpliktande i det.
— Er påverknaden frå vitskapen og dei intellektuelle svekka eller styrka i forhold til tidlegare?
— Eg blir stadig vekk sett kalla og sett på som ein elitist. Det har eg ikkje noko problem med, seier Rune Slagstad, her fotografert i hagen hos Institutt for Samfunnsforskning.Siri Øverland Eriksen
— Det er ikkje godt å seie. Det flyt store straumar inn i den offentlege forvaltninga, økonomar, juristar, statsvitarar. Også meteorologi er blitt ein politisk disiplin. Det er ein heilt sentral vitskap, ikkje berre for dei som er opptatt av vêrmeldinga, men for dei som skal utforme det grøne skiftet. Men dette er ekspertkunnskapen, då.
Slagstads felt er ideane, dei store straumdraga, som går på tvers av fag, mellom folk flest, mellom elite, mellom folk flest og elite.
— Eg vil seie at vi har eit vitalt ordskifte i Noreg. I tidsskrift, sosiale media, aviser. Det er berre å sjå seg rundt i verda, det er taust nok mange stader, seier han.
På den andre sida: Debatten som den siste tid har storma i akademia, på sosiale media og i fleire aviser om internasjonalisering gjer Slagstad uroleg.
Frontane har stått mellom Cecilie Hellestveit, som i Khrono meinte at den høge andelen utanlandske forskarar i enkelte fag er eit problem. På den andre sida står dei som meiner det slett ikkje er eit problem, men at bodskapen til Hellestveit derimot er det. Lengst gjekk rektor Curt Rice, som meinte Hellestveit helst burde ha latt vere å seie det ho sa, fordi han meinte ho formidla framandfrykt og fordommar.
— Det er trist at ein skal få slike merkelappar så snart ein har eit nyansert standpunkt om ein hovudstraum i tida. Eg har stor respekt for Cecilie Hellestveit, ho er uredd og modig med å ta ordet på den måten ho har gjort. Ho er jo ei som tar del i det internasjonale akademiske miljøet med stor suverenitet.
— Men det ho har sagt blir også oppfatta som generaliserande, sårande og fordomsfullt, ikkje minst av fleire av dei utanlandske forskarane?
— Det er pussig at akademikarar må tolke den dei diskuterer med på minst vennlege måte. Fordi ein seier ordet nasjon, så blir ein stempla som nasjonalist. For å halde meg til akkurat det: Nasjon er i vår historie eit svært positivt ladd ord, ulikt i mange andre land. Det har vore ein styrke i vårt system, forankringa i det nasjonale. Eg trur Arne Næss’ «En del elementære logiske emner» må innførast på pensum igjen for fullt.
— Har vi ein meir hårsår debattkultur no, tenker du, enn for 10 eller 30 år sidan?
— For ein person som er frå Bergen og vart politisk vaksen på syttitalet er det vanskeleg å seie at ein toler meir no enn den gong. Men eg opplever at ein drar visse kort ganske raskt, seier Slagstad.
Ein liten kunstpause – namnet Curt Rice kjem ut, og deretter eit anna ord:
Den ufrie debatten
— Scenenekt. Det er svært bekymringsfullt at slikt kjem frå ein i hans posisjon …
— … han beklaga offentleg det han hadde sagt …?
— … endå meir bekymringsfullt er det at ein med så stort ansvar og i ein så leiande posisjon kan ha ei så provinsiell oppfatning av kva akademisk kultur og miljø er. Det Curt Rice sa er ekstremt autoritært.
Så kjem det som Slagstad synest er, om mogleg, endå meir bekymringsfullt.
— Det at personar med slike synspunkt så lett kjem til topposisjonar i det akademiske systemet. Vi har sett det same innanfor helsefeltet, der ei gruppe personar sirkulerer frå den eine posisjonen til den andre med stadig høgare trinn på lønnsregulativet. Også i helsefeltet har ein vore oppteken av å dempe kritiske synspunkt. No gjer noko av det same seg gjeldande innanfor det høgare utdanningssystemet. Eit sjikt av byråkratar og halvbyråkratar i dominerande roller, utan kjennskap til tradisjonen for open debatt.
— Meiner du byråkratisering er ein trussel mot den frie debatten?
— Eg trur Borten Moe kan bli grei å ha i desse tider.
Rune Slagstad
— Ja.
— Du er gift med Anine Kierulf, som leiar utvalet som skal sjå nærare på ytringsfridomens kår i akademia. Dette er kanskje eit tema rundt kjøkkenbordet?
— Det hender vi streifar innom temaet, ja. Men no må du ikkje presentere meg som ein back sitter!
Slagstad ler, fortsatt heilt utan legato.
— Forskinga er i sin natur internasjonal, kosmopolitisk om du vil, universell som vitskap. Men akademikarane har også ei plikt overfor det samfunnet som finansierer dei, og som dei er knytt til kulturelt og politisk. Dette er en betimelig diskusjon!
— Diskusjonen er blitt ganske betent …
— Det tyder på at det ligg ei problemstilling latent som har vore altfor lite diskutert.
— Nokon meiner vi må innføre hardare krav for at det norske fagspråket skal bli forvalta på ein god måte i møtet med engelsk. Kva tenker du?
— Det synspunktet er på sin plass.
—Du er på linje med Ola Borten Moe, der altså?
— Eg trur Borten Moe kan bli grei å ha i desse tider.
Byen var Bergen
Slagstad gav seg med teologi og presteplanar, det norske teologiske miljøet blei for «åndsfattig», og kanskje hadde han hatt for sterke filosofiske og polemiske, og for lite dogmatiske, lopper i blodet frå starten.
Han engasjerte seg i politikken og kom på kant med m-l-arane. Han var i tidsskrift. Norsk filosofisk tidsskrift først, deretter Kontrast, så Nytt norsk tidsskrift, som han sjølv starta. Han vart SV-politikar, ei stund. Nestleiar, ei tid.
Han skreiv bøker. Mursteinar. Kolossar. Tenkte. Hadde haugar med professorat. Perfeksjonerte dei polemiske sklitaklingane.
— Saknar du Bergen?
— Eg synest Bergen er hyggeleg by å komme på besøk til. Her i Oslo tar ein alt så alvorleg. Gemyttet kan eg nok sakne her i Oslo. Eg saknar den meir direkte stilen. Det synest eg er fint å kjenne på når eg er i Bergen.
— Tar du gemyttet med i det du skriv, kanskje, i polemikken?
— Jo, eg vedkjenner meg det. Eg kan nok slite litt med det, at eg kan vere for rask på avtrekkaren. Det at ironi blir oppfatta som arroganse. Eg er glad for at eg voks opp i Bergen. Men fram til eg forlet byen i femogseksti, låg det også eit skylag over hovudet mitt, som kanskje hadde med oppveksten å gjere.
I periferien av Slagstads bokhyller skimtar vi «Den muntre vitenskapen» av Friedrich Nietzsche. Nærare sentrum er «The Coming Crisis in Western Sociology». Og «Cultivating Humanity». «Against the Wind».
— Dette er berre … biblioteket mitt er heime, presiserer Slagstad.
Booking
Hans eiga mest kjente bok, det som så langt er blitt ståande som hovudverket hans, er «De nasjonale strateger» på 561 sider, frå 1998.
— Den har du vel?
— Nei, dessverre.
— Har du ikkje! Du kan få eit eksemplar.
Han senkar ein pent brukt cellulosekoloss ned frå hylla og overrekker.
— Og kva med denne? Du må jo ha ei blå bok også!
Slagstad legg «Tilløp til offentlighet» på 926 sider i bunken.
Og «Sporten» frå 2015, 959 sider.
— Får håpe du ikkje får overvekt på flyet.
Slagstad har generelt meir håp enn på lenge, på vegner av forsking og høgare utdanning.
Slagstads kontor ligg på grunnplanet, der han prøver å kvitte seg med bøker samla gjennom eit halvt hundreår i den akademiske eliteserien.Siri Øverland Eriksen
— Nesna er symbol på ei ny retning, på at denne litt sløve, generelle akademiseringa av høgare utdanning, med universitet overalt, er i ferd med å bremse opp. Eg håper vi får ei gjennomgripande tenking på nytt, om forholdet mellom teori og praksis. Kortare og meir fleksible praksisutdanningar basert på lokale forhold er gradvis blitt marginalisert. Dette kan no få ein fasong igjen, dersom det er politisk handlekraft til det.
— Ser vi også i dette korleis idear og vitskap forgreinar seg inn i politikken og får betydning?
— Ja, dette kan vere eit eksempel på at den offentlege debatten kan gi ei anna retning enn den som ligg i styringssystemets logikk.
Best med ball
Til og med dette intervjuet må ta slutt.
Igjen handlar det uunngåeleg om fotball. Slagstad må som sagt førebu seg til trening «med mine kapitalistiske venner».
I 2008 sette han opp sitt filosofiske draumelag på oppdrag for Dagbladet, etter modell av Monty Pythons klassiske sketsj. Immanuel Kant i mål. I angrepsrekka, frå høgre, plasserte han Adolf Hitler, «dødelig foran mål». Til venstre, Karl Marx, «klassisk vingspiller, best langs bakken». Det er også der Slagstad har sin plass.
Her i Oslo tar ein alt så alvorleg.
Rune Slagstad
Slagstads lag vart stifta for 40 år sidan av Egil Stenshagen, som slo seg opp på import av japanske dekk, og i dag er bilforhandlar i milliardklassen. Skipsreiaren Olav Nils «Color Line» Sunde er med. Høgremannen (og mannen til Kristin Clemet) Michael Tetzschner. Legen og antibiotikaspesialisten Dag Berild. Presten og tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik. Utruleg nok, tidlegare landslagskaptein Hallvar Thoresen.
Slagstad kom med i 2014. Jan Vincents Johannessen, som no er over åtti, ringte Anine Kierulf og spurte om mannen hennar var bikka sytti. Ja, svarte ho, og dermed var opptaket avklart.
Slagstad småkneggar, som sagt, stakkato.
Etter at irritasjonen la seg over å ha blitt avbroten av telefonen frå Slagstad midt i kampen mellom Fredrikstad og Åsane, svarte Drillo at han vil komme på lanseringa av «Mine danningsagenter» på Litteraturhuset i Oslo.
— Drillo spurte om han skulle ta med noe. Ta med ball, sa jeg, seier Slagstad.
— Dette er et viktig steg for norsk teknologisatsing. Kandidatene fra UiB vil være med på å bygge nasjonal kompetanse og sikre at vi har fagpersoner som kan delta i utviklingen av fremtidens teknologi, både som forskere, utviklere og rådgivere, sier rektor ved UiB, Margareth Hagen.
Kvanteteknologi regnes som en av de mest banebrytende teknologiene i vår tid, og gir helt nye muligheter innen blant annet sensorteknologi, kryptografi, materialutvikling og databehandling. Med det nye programmet vil UiB ta en nasjonal lederrolle i utdanning av framtidens kvanteteknologer, står det i pressemeldingen fra UiB.
Fredrik Winther er ansatt som ny administrerende direktør i Sintef Technology Transfer Office (TTO).
Han begynner i stillingen 1. april 2026, skriver Sintef i en pressemelding. Han overtar etter Anders Lian, som har hatt rollen i 24 år.
Med Fredrik på laget ser Sintef fram til videreutvikling og forsterking av sin viktige posisjon, forteller konsernsjef i Sintef Alexandra Bech Gjørv.
Winther kommer fra stillingen som strategidirektør i Katapult, og har bred erfaring med investering, venturekapital, store innovasjonssystemer, og har en doktorgrad i industriell økonomi.
– Venture-drevet innovasjon har vært dominerende i den globale teknologiutviklingen de siste tiårene, en trend som har nådd Norge og Europa, og vil være en avgjørende driver for både norsk omstilling og europeisk innovasjon. Sintef, som et av Europas største forskningsinstitutter, er unikt posisjonert i dette landskapet, sier Winther.
Fredrik Winther er ansatt som ny administrerende direktør i Sintef Technology Transfer Office.Privat
HR- og HMS-direktør Arne Kr. Hestnes skal slutte etter mange år i jobben. Nå er NTNU på utkikk etter hans etterfølger.
I alt 17 søkere hadde søkt på jobben da fristen gikk ut 8. desember.
Det er flere interne søkere på stillingen.
Arve Skjervø er i dag administrativ leder på Institutt for energi- og prosessteknikk. Juristen har tidligere arbeidet i HR- og HMS-avdelingen under Hernes.
Seksjonssjef Hege Margrethe Sand er seksjonssjef og arbeider med HR- og HMS i Fellesadministrasjonen ved NTNU.
Thale Kvernberg Andersen er instituttleder ved NTNUs Handelshøyskole.
Postdoktor Øyvind Eikrem søker også. Det var ledelsen i HMS- og HR-avdelingen, sammen med daværende rektor Anne Borg, som gikk inn for å gi ham sparken. Den turbulente saken endte med et forlik.
Dette er søkerlista, der i alt fire søkere er unntatt offentlighet:
1. Fatima Rasool Baloch, arbeidsledet, Trondheim
2. Nagmeh Dekhoda, forsker, Stavanger
3. Anette Gimnes, HR-konsulent
4. Søker er unntatt offentlighet, kvinne
5. Søker er unntatt offentlighet, mann
6. Charlotte Akerø, arbeidsledig, Ålesund
7. Hana Klak Ustolin, Destination Manager, Trondheim
Styret ved Universitetet i Innlandet vedtok på møtet 16. desember å tilby Nicoline Frølich stillingen som prorektor for utdanning ved Universitetet i Innlandet.
Nicoline Frølich tilbys stillingen som prorektor for utdanning ved Universitetet i Innlandet..Nifu
— Tusen takk for tilliten styret ved Universitetet i Innlandet har vist. Nå skal jeg først snakke med rektor Peer Jacob Svenkerud og vurdere tilbudet nøye, sier Frølich til inn.no.
Frølich er professor og senterleder ved Link-Senter for læring og utdanning ved Universitetet i Oslo. Tidligere har hun blant annet vært forskningsleder og forsker ved Nifu (Nordisk institutt for studier i innovasjon, forskning og utdanning).
Hennes felt er blant annet studier av høyere utdanning, styring, ledelse og organisering av høyere utdanning, offentlig politikk rettet mot UH-sektoren, utdanningsreformer og kunnskapspolitikk.
Prorektorstillingen ved Universitetet i Innlandet ble ledig etter at Stine Grønvold takket ja til å bli organisasjonsdirektør ved universitetet. I dag er Kai Tore Bakke konstituert i stillingen.
Trump-administrasjonen ønsker å splitte opp National Center for Atmospheric Research (NCAR) i Boulder i Colorado, som karakteriseres som et av verdens viktigste miljøer for klima- og værforskning.
NCAR er føderalt finansiert og har siden 1960 vært sentralt i utviklingen av moderne værvarsling og klimaforskning. Ifølge administrasjonen skal senteret gjennomgås for det de kaller «klimaalarmisme», og forskningsaktivitet knyttet til klima kan bli fjernet. Viktige funksjoner som værmodellering og superdatabehandling skal flyttes til andre institusjoner eller steder.
Planen innebærer blant annet å stenge Mesa-laboratoriet i Boulder. Tiltakene skal settes i gang umiddelbart, skriver USA Today News.
NCAR har rundt 830 ansatte og drives av University Corporation for Atmospheric Research (UCAR), et konsortium av over 130 universiteter og høyskoler. Det er uklart hvor mange arbeidsplasser som kan forsvinne.
Beslutningen kommer samtidig som Trump-administrasjonen foreslår store kutt i den amerikanske vær- og havforskningen, blant annet i NOAA. Flere forskere reagerer kraftig. NCAR er internasjonalt kjent for banebrytende arbeid innen værvarsling, blant annet forbedrede orkanprognoser.
Den folkekjære norske artisten, Bjørn Eidsvåg, blir æresdoktor ved Lunds universitet.
Nyheten ble offentliggjort tirsdag denne uken.
— Dette så jeg ikke komme. Du verden så stas! skrev Bjørn Eidsvåg selv på sin Facebook-profil tirsdag.
— Eidsvågs lyrikk kjennetegnes av en dypt menneskelig eksistensialisme der religiøse motiver integreres med livsnære og ofte kampfylte uttrykk. Hans musikk kretser rundt den menneskelige erfaringen, kampen mellom tanker og følelser, relasjonenes sårbarhet og søken etter mening, står det blant annet i begrunnelsen for æresdoktoratet.
Dekan ved Det teologiske fakultet ved Lunds universitet, Alexander Maurits, uttaler følgende i en kommentar på universitetets nettside:
— Gjennom sin musikk har Bjørn Eidsvåg utviklet et felles kulturelt rom der tradisjonelle grenser mellom tro og sekularitet løses opp og erstattes av en samtale som er både tilgjengelig og teologisk meningsbærende.
Bjørn Eidsvåg blir æresdoktor i Sverige. Artisten er utdannet prest.Heiko Junge
Nokut har ansatt Gry Ulvedalen som direktør for den nye avdelingen for høyere yrkesfaglig utdanning. Hun er i dag rektor ved Fagskolen Diakonova.
Avdelingen har 22 medarbeidere, og har blant annet ansvaret for akkreditering, tilsyn og veiledning innen høyere yrkesfaglig utdanning.
– Jeg gleder meg til å bli en del av Nokut og til å samarbeide med dyktige kolleger i avdelingen og ledergruppen, sier Gry Ulvedalen.
— Det er spennende å få bidra i et arbeid som har stor betydning for kvaliteten i høyere yrkesfaglig utdanning. Fagskolesektoren er i sterk utvikling, og Nokuts rolle er avgjørende for å sikre tillit og kvalitet. Jeg ser frem til å ta del i dette viktige oppdraget, sier hun.
Gry Ulvedalen går fra Fagskolen Diakonova til Nokut.Jeanette Bækkevold/Nokut
Forskningsrådet tildeler støtte til 23 innovasjonsprosjekter i norske bedrifter.
Bedriftene skal blant annet utvikle ny løsning for høytemperatur varmepumper, batterisystemer for storskala solcelleanlegg og undersøke hvordan kunstig intelligens kan brukes for å overvåke oljesøl.
185 millioner kroner går til næringslivsaktører innen miljøvennlig energi og 86 millioner til petroleumsforskning.
— Energiforskning er avgjørende for å styrke Norges økonomi, miljø og energisikkerhet. Næringslivet spiller en nøkkelrolle. Jeg ser frem til å følge prosjektene som skal utvikle ny energiteknologi som vi trenger for å øke energieffektiviseringen og konkurransekraften, sier energiminister Terje Aasland.
Nylige artikler
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Hvem får definere hva som er legitim kunnskap?
Deler ut 48,2 milliarder. Krever tøffere prioritering
Rødt og SV bekymret for konsekvensene av ny finansieringsordning
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Mest leste artikler
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
Benedikte Moltumyr Høgberg er Årets navn i akademia
Eg vil vere ein langsam ambulansesjåfør