Debatt Jon Hustad

Steinar Holden er flink. Held ikkje det?

Han er nokså høg og mørk, men er det difor han vert nemnd 12 gonger på eitt år på Stortinget, spør Jon Hustad.

Steinar Holden (bilete) er fyrst og fremst snill og tillitvekkjande, meiner innleggsforfattar Jon Hustad, som reagerar på jussprofessor Benedikte Moltymyr Høgsbergs utsegn om mannlege professorar som ofte blir nemnde på Stortinget. .
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

«Bare seks kvinnelige professorer er nevnt på Stortinget i år

— Det er såpass brutalt at når man ønsker å bringe autoritet inn i diskusjonen, så skyver man gjerne en høy, mørk mannlig professor fremfor seg, sier en av de seks kvinnelige professorene.» Slik byrja ein artikkel i Khrono i romjola.

Khrono har gjennomført ei oppteljing av kor ofte mannlege og kvinnelege professorar har vorte nemnde på talarstolen eller i skriftlege spørsmål frå stortingsrepresentantar. Det var flest menn. Det er jussprofessor Benedikte Moltumyr Høgberg som kjem med påstanden om høge mørke menn med autoritet.

Eg veit ikkje om Høgberg kjenner professor i samfunnsøkonomi, Steinar Holden, men ja, han er nokså høg og mørk. Holden er den som er nemnt mest ofte, 12 gonger. Han er visst eit symbol på det Høgberg meiner er gale.

Holden er noregsmeister i NOU-ar og vert difor av og til nemnd i ei argumentasjonsrekke frå stortingsrepresentantar.

Jon Hustad, journalist

Eg kjenner ikkje Holden godt, men litt. Eg veit òg at leiaren av Høgsteretten er kvinne, at både NHO og LO har hatt kvinnelege leiarar, at statsministeren er kvinne, at leiaren av Venstre igjen er kvinne, og at leiaren av Frp er den lengst sitjande finansministeren i etterkrigstida. Vår noverande utanriksminister har elles òg vore forsvarsminister og står på fyrsteplass på stortingslista for Høgre i Oslo.

Men attende til Holden. Ja, han er nokså høg og mørk, men er det difor han vert nemnd 12 gonger på eitt år? Eg trur ikkje det. Eg har møtt og intervjua Holden ein del gonger. Men eg har lese mykje meir av han enn eg har snakka med han. Han har mellom anna skrive pensumbøker som son min nytta på vidaregåande, bøker som førte til at son min no studerer økonomi.

Holden er om noko blyg og varsam, men fyrst og fremst snill og tillitvekkjande. Han er likt av båe sider på Stortinget og av LO og NHO. Han seier i tillegg ja. Som ein kontakt av meg i Finansdepartementet seier: «Holden seier ja og har tillit. Difor nyttar vi han til å leia så mange NOU-ar. Han vert ikkje oppfatta politisk og han er særs flink.»

Holden er noregsmeister i NOU-ar og vert difor av og til nemnd i ei argumentasjonsrekke frå stortingsrepresentantar. Men Holden vert truleg ikkje vald av di han er mann. Han vert vald av di han er dyktig og ikkje har trong til å markera seg. At han er nokså høg og mørk, trur eg sant og seia har lite med saka å gjera. Eg har møtt låge og lyse kvinner som har leia NOU-ar òg- som i tillegg har vore nemnde frå talarstolen på Stortinget.

Til slutt ei lita soge: For nokre år sidan intervjua eg Holden for eit program eg laga for TV2. Holden hugsar det neppe. Men det synte seg at lyset vart litt dårleg under det fyrste intervjuet med han på kontoret. Dessutan nølte han lenge før han svara. Han var kort sagt for høvisk og nyansert. Produsenten bad meg gjennomføra intervjuet på nytt med betre lys. Holden stilte opp då eg forklarte han om lysproblema. Men han var like nølande, nyansert og blyg den andre gongen òg. Men også meg tok han seg tid til, to gonger.

Holden svara i tillegg son min på e-post då han lurte på noko som stod i læreboka han hadde skrive.

Høgberg er eit typisk døme på eit i-landsproblem.

Powered by Labrador CMS