Rektortale
Gunnar Yttri si tale ved studiestart 2023
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Kjære ordførar og folkevalde!
Kjære studentar!
Kjære alle gjester som vil dela denne høgtidsstunda med oss tilsette i Høgskulen på Vestlandet!
Hjarteleg velkommen til studiestart!
I am honored to welcome our international students to the Western Norway University of Applied Sciences!
Please, join in on our mutual efforts to make our vision come true:
“Knowledge that shapes people and society”.
Å studera det er å setja seg mål om å læra og å tileigna seg kunnskap og dugleik. Kunnskap og dugleik som står seg fagleg og vitskapeleg, kunnskap og dugleik som verkar i arbeidslivet.
Å studera er å finna vener og fellesskap.
Å studera er å søka noko som er sterkt, noko som er ekte.
Noko som står seg.
Noko som står seg godt i sjølve livet.
Noko som gir grunnlag for å få til fine ting i arbeidslivet.
Noko som kan fornyast.
Noko som toler vatn, noko som toler sol.
Noko som toler lys, noko som toler mørke.
Noko som toler stormen, noko som toler stille.
Noko som toler slit, noko som toler kvile.
I tider som våre – med aukande prisar på varer, tenester, hus i tider som våre – med krig i Europa og hendingar rundt oss som kan gi uro og uvisse – so gir det håp for framtida at menneske vil læra og studera, at so mange vil bruka si verdfulle tid, til å ta utdanning.
I tider som våre vil det gjera oss alle godt å vera meir rause med kvarandre.
Å vera raus – å vera romsleg i ord og gjerning.
Ordet «Raus» kjem frå vår felles Norrøne arv og tyder ikkje berre å vera romsleg, men også å vera ‘dyktig og modig’
Raus: romsleg, dyktig, modig. Høgskulen på Vestlandet gir god øving. Om eit tid er det Universitetet på Vestlandet som gir dei beste rammene.
I tider som våre der pengar får mykje merksemd, der ny kunnskap må byggjast, der vennskap vert sett på prøve, og mykje rundt oss er overflatisk og hastig, so hentar eg fritt frå diktaren Arne Garborg sine ord om pengar.
Arne Garborg seier det omtrent slik:SS
Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje matlyst,
Ein kan kjøpa seg dropar, men ikkje helsa,
Ein kan kjøpa seg mjuk seng, men ikkje svevn,
Ein kan kjøpa seg lærdom, men ikkje vit,
Ein kan kjøpa seg stas, men ikkje venleik,
Ein kan kjøpa seg glans, men ikkje hygge,
Ein kan kjøpa seg moro, men ikkje gleda,
Ein kan kjøpa seg kameratar, men ikkje venskap,
Ein kan kjøpa seg tenarar, men ikkje truskap,
Ein kan kjøpa seg gråe hår, men ikkje æra,
Ein kan kjøpa seg rolege dagar, men ikkje fred.
Skalet av alle ting kan ein få for pengar. Men ikkje kjernen; kjernen får du ikkje kjøpt for pengar.
Kjære alle saman!
Hjarteleg til lukka med studieåret!
Rektor kan lova dykk ein ting og håpar at alle studentar ved Høgskulen på Vestlandet gjentek lovnaden:
Eg vil gjera mitt aller beste!
Takk for meg og lukka til!