Fra likestillingskonferansen i juni 2016. Foto: Nicklas Knudsen

Det blei nei til mannekvotering

Universiteta i Bergen og Oslo får ikkje lov av Kunnskapsdepartementet til å kvotere inn gutar: Likestillingslova opnar ikkje for å særbehandle menn på same måte som kvinner.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Vi må jo forhalde oss til dei lover og reglar som finst i Noreg. Men nei, dette var ikkje i samsvar med det vi ønskte oss, seier instituttleiar Pål Kraft ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo til kifinfo.no.

Dei to universiteta spurde i fjor departementet om dei kunne kvotere inn menn på profesjonsstudiet i psykologi, der over 70 prosent av studentane som har blitt tatt opp dei siste åra, er kvinner. Dei høge karakterkrava for å komme inn på studiet gjer at gutane ikkje når opp, melder På Høyden.

Men i eit rundskriv frå Kunnskapsdepartementet går det fram at det ikkje er høve til å kvotere menn på same måte som kvinner. Den norske likestillingslova er ikkje kjønnsnøytral, men tar særleg sikte på å betre stillinga for kvinner.

Pasientar bør få velje

— Vi er i ein konkret situasjon der vi ønskjer å kunne kvotere gutar. Der våre studentar skal ut i ein behandlande funksjon i yrkeslivet bør pasientane kunne velje begge kjønn, seier viserektor Oddrun Samdal ved UiB til På Høyden.

Etter vårt syn er det er det rimeleg at likestillingslova også opnar for forskjells-behandling av menn når det trengst.

Oddrun Samdal

Ho synest det er synd at ikkje lova opnar for tiltak som kvotering av gutar, eller ekstrapoeng til mannlege søkarar.

— Likestilling bør jo gå begge vegar, seier Samdal.

No vil ho sjå på kva andre tiltak universitetet kan ta i bruk for å stimulere gutar til å søke.

Les òg: Flere vurderer guttekvotering

Kan bli lovendring

Kunnskapsdepartementet skriv òg at Barne- og likestillingsdepartementet tar sikte på å leggje fram eit forslag til ny likestillingslov i løpet av 2017.

— Vi må nok vente på denne, men håper det blir ei endring som vil gi oss løyve til å innføre gutekvotar i tråd med fakultetet sitt ønske. Etter vårt syn er det er det rimeleg at likestillingslova også opnar for forskjellsbehandling av menn når det trengst, seier Samdal.

Kjønn viktig faktor

Dekan Jarle Eid ved Det psykologiske fakultetet ved UiB understrekar at han ikkje har noko imot kvinnelege psykologar eller studentar, sjølv om han ønsker seg fleire menn.

— Men brukarar av psykologtenester vil vere både menn og kvinner. Lidingar er relativt jamt delt mellom kjønna. Frå eit pasient- og brukarperspektiv bør ein difor kunne ha tilbod om pasienttenester med både mannlege og kvinnelege psykologar. Men ettersom seleksjonssystemet ved universiteta i så stor grad er basert på karakterar, så når ikkje gutane opp, seier Eid.

Han seier vidare at psykiske problem finst i mange variantar, og kjønn treng ikkje spele inn:

— Men det kan bety ein del kven ein møter. Kjønn er sjølvsagt ikkje avgjerande, men det vil ofte kunne vere ein faktor som kan gi eit betre utfall.

Opnar for intervju

Òg under studiet er det ein fordel for faget at det ikkje er for stor overvekt av eitt kjønn.

— Studentane seier at det gir betre utdanning å ha både menn og kvinner blant studentane. Det blir ein litt betre dynamikk i diskusjonane og dei faglege prosessane når balansen er god.

Eid er òg open for andre opptaksmåtar, som til dømes intervju.

— Då kunne vi vektlagt personlege eigenskapar litt meir.

Enklare med mann til mann

Generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse støttar krav om kjønnsbalanse blant psykologar.

— Generelt synest eg det bør vere ein god kjønnsbalanse, for det finst truleg nokon som ville hatt lettare for å fortelje om problema sine til ein av same kjønn. Unge gutar er for eksempel ikkje så flinke til å be om hjelp. Då kan problema bli langt alvorlegare før ein får tatt tak i dei, seier Gundersen til På Høyden.

Ho kan ikkje vise til undersøkingar som viser behovet for psykologar av begge kjønn, men høyrer ønsker om kjønnsbalanse.

— Ofte er det slik at menn har større problem med å sette ord på ting. Eg trur det vil vere enklare for menn å snakke med andre menn. 

Medisin, farmasi, juss, odontologi og barnehagelærar er andre studium der kvinner har vore i stor overvekt dei siste åra. 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS