Lærerstudentar på Høgskolen i Oslo og Akershus. Foto: Eva Tønnessen

Den utskjelte allmennlæraren

I ein serie på fire kronikkar i Khrono skriv seniorforskarane Per Østerud, Sigmund Sunnanå og Åsulv Frøysnes om utfordringane for den nye lærerutdanninga med eit historisk bakteppe. Her nummer to: Den utskjelte allmennlæraren.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Mange av problemene som finnes i norsk skole i dag, stammer fra innføringen av allmennlæreren for flere tiår siden», seier statsråd Torbjørn Røe Isaksen (jf. Utdanning nr. 14, side 5). Om dette er rett referert, er det oppsiktsvekkjande at ein kunnskapsminister kan seie dette om dei 50 000 allmennlærarane (personar som gjer 38 000 årsverk) som har gjort og gjer ein stor innsats i norsk skole.

Det kan vera mange måtar å vurdere resultata i skolen på. Det viktigaste spørsmålet er om vi har hatt ein skole som har vore god for det norske samfunnet. I 1970 hadde få eller ingen her i landet peiling på t.d. oljeteknologi, havbruk og IT. I dag er landet vårt i fremste rekkje når det gjeld utviklinga på desse områda. Vi kan også nemne kulturområdet med t.d. musikk, litteratur og sport som døme på område der vi gjer oss sterkt gjeldande. Internasjonalt blir vi sett på som det beste landet å bu i.

Dei fleste som har vore med på å bygge opp vårt velstandssamfunn dei siste tiåra, har gått i ein grunnskole der allmennlærarar har vore i fleirtal. Allmennlæraren hadde i si utdanning fått grunnleggande innsikt, kunnskap og dugleik i teoretiske, praktiske, estetiske og pedagogiske fag, og gjennom studentaktive arbeidsmåtar utvikla kreativitet, arbeidsevne og erfaring med samarbeid og dele kunnskap med andre. Dette var eit godt grunnlag i ein skole i eit samfunn under sterk utvikling. Ser vi på skoleresultata i samfunnsperspektiv, må barn og ungdom på slutten av 1900-talet ha fått eit godt utgangspunkt for vidare studium og yrkeskarriere.

Ved den nye kompetanseforskrifta er 38000 lærarar blitt “avskilta” (jf. Utdanning nr. 19, 2015, s. 17). Dugande lærarar som har tileigna seg fagleg og pedagogisk kompetanse gjennom sjølvstudium og undervisningserfaring, er ikkje lenger formelt kvalifiserte for å undervisa i fag som dei har hatt i mange år, og der dei kan visa til gode elevresultat. Som kjent er det ikkje alltid slik at den med høgast formell utdanning, er den best kvalifiserte læraren. Etter vår meining er den enkelte skole best skikka til å avgjere kva for undervisningsoppgåver lærarane skal ha. Det bør vere unødvendig at sentrale styresmakter i den grad går inn og styrer skolane på detaljnivå.

[[{"fid":"4269","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"alt":"Foto: Skjalg Bøhmer Vold","title":"Per Østerud","height":"444","width":"620","class":"media-element file-default"}}]]

Per Østerud, er i dag aktiv ved Kompetansesenteret for seniorar ved HiOA. Han har tidlegare m.a. vore leiar for Forsøksrådet for skoleverket og rektor ved Sagene
lærarhøgskole.

[[{"fid":"2961","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"height":"414","width":"620","class":"media-element file-default"}}]]

Åsulv Frøysnes har vore høgskoledirektør ved HiO. Før dette arbeidde han mange år med høgre utdanning i det som nå er Kunnskaps-departementet.

[[{"fid":"11350","view_mode":"default","fields":{"format":"default","field_op_caption[und][0][tid]":"","field_op_caption[und][0][value]":"","field_op_caption[und][0][timezone]":"","field_op_caption[und][0][value2]":""},"type":"media","link_text":null,"attributes":{"height":"314","width":"447","class":"media-element file-default"}}]]

Sigmund Sunnanå har vore skoledirektør og utdanningsdirektør i Rogaland og har tidlegare m.a. vore leiar for Lærarutdanningsrådet og rektor ved Stavanger lærarhøgskole.

Les og: Vil ha ny skoledebatt med helt fersk bok

Dei tre forfattarane har i mai 2015 gitt ut boka: «Norsk lærarutdanning i etterkrigstida. Ei utvikling i spenning mellom tradisjon og fornying.»

Boka er ei samling av forteljingar om forfattarane sine røynsler i arbeid med lærarutdanning gjennom fleire ti-år. Men den går også nærare inn på ulike sider ved dagens grunnskole-lærarutdanning og planane for framtidige opplegg.

Forfattarane vil i løpet av januar 2016 kome med ein del innlegg til debatt i Khrono og vonar at dette kan bidra til å auke kunnskapen om grunnskolen og lærarutdanning for grunnskolen i det ein søkjer å sette ljos på den historiske utviklinga sett i samanheng med utfordringar i dei komande åra.

Dei fire kronikkane:

19. januar: Lærarbehov og utdannings-kapasitet
23. januar: Den utskjelte allmennlæraren
26. januar: Lærerutdanning i endring og vekst inn i et nytt årtusen
1. februar: Utdanningspolitikk og skilleliner

Nemninga «allmennlærar» og «allmennlærarutdanning» kom inn som nemningar ved den nye lærarutdanningslova i 1973, saman med «faglærar» og «førskolelærar». I ettertid kan det seiast at ein i staden burde brukt «grunnskulelærar» og «grunnskulelærarutdanning» sidan lova om den obligatoriske skolen hadde nemninga «Lov om grunnskolen». Dette hadde vore i samsvar med tidlegare tradisjonar. I 2010 kom nemninga «grunnskolelærarutdanning» inn i lovverket i staden for «allmennlærarutdanning».

Ved lærarutdanningslova frå 1973 blei all lærarutdanning gjort tre-årig, og utdanninga skulle bygge på tre-årig vidaregåande opplæring eller tilsvarande kvalifikasjonar. Allmennlærarutdanninga gav formelt grunnlag for undervise i heile grunnskolen. Faglærarutdanning og cand. mag.- adjunktutdanninga kvalifiserte for å undervise på ungdomssteget og i enkelte fag på barnesteget.

Dette betydde ikkje at allmennlæraren i si utdanning hadde fått fagleg utdanning for å kunne undervise i alle fag både på barnesteget og ungdomssteget. For ungdomssteget var det føresetnaden at lærarane normalt hadde fagleg fordjuping i grunnutdanninga eller hadde tatt vidareutdanning. Allmennlærarutdanninga var ei differensiert utdanning som gav studentane høve til å velje mellom ei “smal” utdanning med større vekt på fagleg fordjuping som omfatta fire fag eller ei “brei” utdanning med mindre vekt på fagleg fordjuping som omfatta fem/seks fag. Den “smale” utdanninga høvde særleg for ungdomssteget, og den “breie” for barnesteget. Den enkelte skole skulle bestemme kva for undervisningsoppgåver ein lærar skulle ha.

I tillegg til fagstudia som hadde eit omfang på 1,5 år, omfatta allmennlærarutdanninga pedagogisk teori og praksis med eit omfang på eitt år, og ei fagleg-didaktisk innføring i grunnskolens fagkrins med eit omfang på opp til eit halvt år. Utdanninga blei organisert slik at den faglege og pedagogiske utdanninga gjekk parallelt slik at pedagogisk teori og praksis gjekk over to eller tre år. Dette gav utdanninga ein tverrfagleg karakter som gav studentane ei heilskapleg forståing for mål, innhald, arbeidsmåtar og vurderingsordningar i heile den obligatoriske skolen.

Allmennlærarutdanninga kunne byggjast på med vidareutdanningseiningar til adjunkt (fire år), adjunkt med opprykk (fem år) og lektor (seks år). Vidareutdanningseiningane kunne tilsvare eit halvt eller eitt års studium, og ved lærarhøgskolane var det knytt metodikk og praksis til desse studia. Gjennom vidareutdanningseiningane fekk allmennlærarane styrkt sin fagkompetanse, og fekk såleis det same faglege grunnlaget i enkeltfag som faglærarane hadde i sine fag. Samtidig hadde dei større fagleg breidde i utdanninga si. Tilbodet om vidareutdanning har variert gjennom åra. Det var lenge ikkje aktuelt å tilby lærarane kompetansegjevande vidareutdanning i arbeidstida. Nå er dette endra. Med vikarstipend kan arbeidsgjevar styre vidareutdanninga mot fag som skolen og den enkelte har behov for. Det er all grunn til å rose Regjeringa og kunnskapsministeren for denne store satsinga.

I 1994 blei utdanninga gjort fire-årig, og i åra framover fekk vi nye planar i 1995,1998, 2003 og 2010. Ei ny utdanning skal kome i 2017. I 2010 fekk vi ei lærarutdanning for 1. til 7. klasse i grunnskolen, og ei for 5. til 10. Dette var eit grunnleggjande brot med norsk lærarutdanningstradisjon der ein tidlegare skulle ha ein «enhetsskole» med ein «enhetslærerstand» som det heitte på 1960-talet. Utdanninga – særleg for 5 til 10 – er blitt meir lik tradisjonell faglærarutdanning med vekt på få fag med større omfang. Også i utdanninga 1 til 7 er fagkrinsen blitt innsnevra. Dei praktiske og estetiske faga har fått ei mykje svakare stilling enn i planane på 1970- og 80-talet.

Jamført med faglærarutdanninga som består av studium av få fag + eitt år med praktisk –pedagogisk utdanning, har allmennlærarutdanninga vore eit meir integret studium med ein tverrfagleg karakter. Allmennlærarar har blitt sett på som meir høvelege i det norske skolesystemet fordi dei var utdanna til å ta på seg eit vidt spekter av faglege og pedagogiske oppgåver. Med det faglærarsystemet som nå er under utvikling, vil mange lærarar måtte undervise i fag som dei ikkje har hatt i si utdanning. Dette blir nødvendig for å få fagfordeling og timeplan til å «gå opp» ved den enkelte skole. Særleg vil dette gjelde ved mindre skolar.

Etter vår vurdering har ordninga med både allmennlærarar og faglærarar i grunnskolen vore ei god ordning. Ho har mellom anna gjort det mogeleg å bygge opp lærarteam som er samansette av lærarar med ulik utdanningsbakgrunn og kompetanse. Dette har gitt elevane god og variert undervisning. I den utviklinga vi nå ser, blir det dårlegare samanheng mellom lærarutdanninga og læreplanen og den praktiske situasjonen i skolen. Grundige kunnskapar i teori er vel og bra, men det er like viktig å sjå teorien i forhold til det praktiske livet.

Formålet med skolen er at den skal gi både utdanning og danning. Ein teoritung skole passar ikkje for alle elevar, og danningsperspektivet har lett for å falle bort. Kreativitet og evne til nyskaping utviklast best gjennom arbeidet med både teorifag og praktiske og estetiske fag. Det bør derfor vere grunn til å stille spørsmål ved om den utviklinga det nå er lagt opp til, er den beste for skolen og samfunnet i åra framover. 

Dei fire kronikkane:

19. januar: Lærarbehov og utdannings-kapasitet
23. januar: Den utskjelte allmennlæraren
26. januar: Lærerutdanning i endring og vekst inn i et nytt år-tusen
30. januar: Utdanningspolitikk og skilleliner

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS