Adventskalender 2022
Ynskjer vidareføring av studieplassane som kom under pandemien
Anne-Grethe Naustdal fryktar at studiekvardagen vert mindre internasjonal i framtida. Naustdal er prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, og ho gøymde seg bak den 6. luka i Khronos adventskalender.
Anne-Grethe Naustdal er prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, og ho gøymde seg bak den 6. luka i Khronos adventskalender.
— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— Eg vil trekkja fram to område. Ved inngangen til 2022 stod me i ein krevjande nasjonal koronasituasjon med høge smittetal. Vi måtte starte vårsemesteret med digital undervisning. Det er litt uverkeleg å tenkja på alt me var igjennom kring pandemien. Fokuset har i etterkant vore retta mot å skapa god studentaktivitet på campusane våre, og me har jobba mykje saman med studentane for å få på plass auka studentengasjement. Studentane må engasjera seg aktivt i sjølve undervisningssituasjonar fysisk på campus eller digitalt, og det handlar om å la seg engasjera fagleg, sosialt og i studentpolitisk arbeid.
Arbeidet for styrkja studentengasjement vil halde fram i 2023. Både me ved Høgskulen på Vestlandet og dei andre UH-institusjonane er bekymra over resultat frå årets SHOT-undersøking (studentane si helse og trivselsundersøking). I lys av dette set me fokus på korleis me skal handtera balansen mellom nettbasert undervisning og det å skapa gode møtearenaer på campus.
Utvikling av studieporteføljen vår er eit anna viktig arbeid. Livslang læring og utvikling av fleksible og desentraliserte utdanningar har vore høgt på den utdanningspolitiske dagsordenen i 2022. Samstundes kjem politiske signal om strammare budsjett kombinert med krav om omprioriteringar ved utvikling av studieporteføljen. I 2022 starta me opp eit større arbeid med utvikling av prinsipp for korleis ein skal utvikla studieporteføljen og samstundes sikra økonomisk berekraft i åra som kjem. Her må me treffa både det samfunnet treng av kompetanse og studievala til studentane.
- Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— I oktober arrangerte me vår årlege HVL-konferanse. Temaet var studentengasjement i fag og forsking. Eg vart skikkeleg inspirert av å høyre korleis våre meritterte undervisarar og andre vitskapleg tilsette raust delte sitt arbeid med å fremja studentengasjementet i ulike studieprogram og fagområde. Studentane kom sjølve med gode råd til kva som skal til for å engasjera dei. Mitt inntrykk er at me har medarbeidarar som brenn for å utvikla undervisninga og skapa betre bruk av digitale løysingar.
— HVL arbeider med eit større digitaliseringsprosjekt kring utdanning. Viktig i dette er å styrke støtta til undervisarar – for igjen å styrke kvaliteten i utdanningane. Det som vart delt under konferansen gav god inspirasjon til å halde fram for fullt med å styrke arbeidet med digitalisering for å auke kvaliteten i arbeidet vårt.
— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?
— Det mest utfordrande arbeidet i 2022 har vore arbeidet i helsepersonellkommisjonen, der eg er oppnemnd som medlem frå UH-sektoren. Me arbeider med ein NOU med frist 1. februar 2023. Fleire utviklingstrekk bidrar til å setja helse- og omsorgstenesta under press framover. Det er store utfordringar me skal finne løysingar på. Utfordringar som vil angå oss alle. Kortversjon av mandatet er at me skal etablera eit kunnskapsgrunnlag og foreslå treffsikre tiltak for å utdanne, rekruttera og halda på kvalifisert personell i helse- og omsorgstenestene i heile landet på kort og lang sikt. Det er stort engasjement kring arbeidet i kommisjonen og vi har mottatt hundrevis av innspel frå organisasjonar og enkeltpersonar.
— Kva er ditt juleynske for universiteta- og høgskulane?
— Til jul ynskjer eg meg ei vidareføring av studieplassane som blei tildelte som del av Utdanningsløftet. Desse studieplassane har gjort at me kan utdanna fleire innan helse- og sosialfag, økonomisk-administrative fag og maritime fag. På Vestlandet er det eit stort kompetansebehov og etterspurnad etter denne type gradsgjevande utdanningar, og det er god søking til utdanningane.
— Og så ynskjer eg at regjeringa ikkje avgrensar internasjonal mobilitet og samarbeid mellom Noreg og land utanfor EU/EØS-området ved å innføra studieavgift. Eg er bekymra for både internasjonale studentar og norske studentar som truleg vil få eit mykje mindre internasjonalt studiemiljø. Mange av dei internasjonale studentane våre bidreg òg med viktig kompetanse i lokalt næringsliv og i mindre lokalsamfunn etter enda utdanning.
— Kva skal du gjere i jula?
— Eg ser fram til å få dei to gutane mine heim til jul. Dei bur i Sandefjord og Stavanger, og det er ikkje ofte me er samla alle fire. Jula kjem til å handla om familie og vener. I arbeidsvekene vert det mykje reising mellom dei fem campusane på Vestlandet og til nasjonale møte og samarbeid. Det skal bli godt å vera i ro i jula. For tida humpar eg rundt på krykker fordi eg er under opptrening etter kneproteseoperasjon, så ro og tid til kneøvingar vert nok bra.