Adventskalender

Ynskjer seg reelt meinings- og undervisningsmangfald

Filosofiprofessor Einar Duenger Bøhn meiner samtalar med augekontakt og fri meiningsutveksling er det einaste som gjev håp og meining for universiteta.

Den største utfordringa i 2022 var å ikkje la seg forstyrra alle moglege meta-debattar, seier Einar Duenger Bøhn.
Publisert Sist oppdatert

Bak den 1. luka i Khronos adventskalender finn me filosofiprofessor Einar Duenger Bøhn.

FAKTA

Adventskalender 2022

  • I dagane fram mot jul vil du møta kjende og ukjende personar i og rundt universiteta, høgskulane og institutta våre.
  • Dei skal få oppsummera året som har gått, og dei skal få koma med ynske for 2023.
  • I dag møter du Einar Duenger Bøhn, som er professor i filosofi ved Universietet i Agder,

— Einar Duenger Bøhn, korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?

— Kulturelt forfall.

— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?

— Den fysiske undervisinga i førelesingsromma er alltid det beste med universitetslivet. No i haust underviste eg til dømes eit emne i kunstfilosofi på Universitetet i Agder. Eg brukte verken powerpoint eller canvas, berre krit og tavle i samtale med studentane. Alle snakka fritt, me fekk veldig god kontakt, og lærte mykje alle saman. Eg fekk utelukkande positive tilbakemeldingar. Det er til sjuande og sist berre det som gjev håp og meining for universitetet. Fysiske samtalar med augekontakt og fri meiningsutveksling.

— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?

— Å ikkje la seg forstyrra av keisarens nye klede, all dansinga rundt grauten, og alle moglege meta-debattar. Det er byrjinga på slutten når alle byrjar å snakka om alt anna enn det faglege innhaldet.

— Kva er ditt juleynske for universiteta- og høgskulane?

— At dei fagleg tilsette får lov til å nerda i fred og ro utan at nokon prøver å styra dei i den eine eller andre retninga, og dessutan at me (gjen?)innfører reelt meinings- og undervisingsmangfald i akademia utan at nokon får panikkangst. Berre slik vert studentane godt rusta til å gå ut i ei mangfaldig verd etter studiane. Eg trur det også tener det demokratiske samfunnet som heilskap.

— Kva skal du gjera i jula?

— Vera saman med ungane mine på eit småbruk langt inni skogen. Der skal me driva med mykje rart som smell og durar som dei juridisk sett ikkje har lov til, men som gjev veldig mykje livsglede.

Powered by Labrador CMS