Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er kritisk til korleis departementet har handsama forslag til eksterne styremedlemmar ved landets universitet og høgskular. Foto: Veronica Turnage
Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er kritisk til korleis departementet har handsama forslag til eksterne styremedlemmar ved landets universitet og høgskular. Foto: Veronica Turnage

Volda-rektor kritisk til hemmelege styreforslag

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er kritisk til Kunnskapsdepartementet si lukka handsaming i oppnemning av eksterne styrerepresentantar til høgskular og universitet. I 2015 var prosessen open.

Publisert   Sist oppdatert

Departementet har i år oppnemnt 60 representantar til styra ved fem ulike universitet og fem høgskular. Både Kunnskapsdepartementet og dei sittande styra har helde forslag til kven som kunne vere aktuelle til å bli staten sine representantar i universitets- og høgskulestyrer, hemmeleg.

Les også: Isaksen har oppnevnt 60 nye styrerepresentanter

NMBU er dei einaste som ikkje har unntatt styrepapira sine om kven dei ønskte som nye representantar.

Les også: 13 har takket ja til styreplass ved NMBU

— Det ser litt rart ut at det skal vere unnateken offentlegheita kven som er foreslått, meiner rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, og han fortsett:

Dei andre styre-medlemmane, studentar og tilsette, blir valde i høgst offentlege prosessar, så kvifor det skal vere hemmeleg kven som er foreslått av styra og kven Kunnskaps-departementet elles foreslår?

Johann Roppen
Rektor, Høgskulen i Volda

På bakgrunn av dei erfaringar vi har gjort denne våren vil vi difor vurdere om det skal gjeres endringar i prosessen knytta til styreopp-nemningar i
framtida.

Rolf Larsen
Kunnskapsdept.

— Dei andre styremedlemmane, studentar og tilsette, blir valde i høgst offentlege prosessar, så kvifor det skal vere hemmeleg kven som er foreslått av styra og kven Kunnskapsdepartementet elles foreslår, burde vore problematisert, meiner han.

Departementet har ikkje gitt innsyn

Dei ulike institusjonane blir bedne om av departementet å komme med forslag til 12 representantar, medan det berre er fire faste og to vararepresentantar som endeleg skal bli peika ut.

Institusjonanen kom med sine forslag til styrerepresentantar tidleg på året og sende det inn til departementet. Khrono ba om innsyn hjå departementet i byrjinga av februar i år, men fekk nei. 

I 2015 var oppnemning av styrerepresentantar ein open prosess. 

Les også: 62 nominerte ventar på melding om dei får styreverv

Grunngjevinga frå departementet i år er at dei legg til grunn at det i ein del tilfelle kan bli vanskelegare å få gode forslag til kandidatar om det blir offentleg kjent at ein er foreslått som styremedlem, men så ikkje blir oppnemnt.

Seniorrådgjevar i departementet, Åsmund Eide, viser til offentleglova som opner for at det kan gjerast unntak frå innsyn for dokument som er innhenta frå eit underordna organ til bruk i departementet si interne saksførebuing, om det er nødvendig for å sikre forsvarlege interne avgjerdsprosessar.

Vil vurdere endringar

Eide, skreiv i departementet sitt endelege innsynsavslag til Khrono i mars i år:

— For ordens skyld gjer vi merksam på at når styret først er sett saman, skal det vere mest mogleg openheit om styret sitt arbeid.

Men departementet lova også tidlegare i år å sjå på saka:

— Kunnskapsdepartementet vil vurdere om arbeidet med å få inn forslag til styremedlemmar ved universitet og høgskular i framtida kan bli gjort på ein annan måte enn i dag, som kan legge til rette for ein meir open prosess, skreiv Eide.

No stadfester avdelingsdirektør Rolf Larsen òg dette:

— På bakgrunn av dei erfaringar vi har gjort denne våren vil vi difor vurdere om det skal gjeres endringar i prosessen knytta til styreoppnemningar i framtida.

Departementet har rett til å finne andre folk

Sjølv om departementet ber om forslag til styremedlemmar, der alle må seie ja til før dei kan bli foreslått, så har departementet likevel full rett til å sjå bort ifrå institusjonane sine forslag, og finne heilt andre folk.

Og Høgskulen i Volda opplevde, ifølge rektor Roppen, nettopp dét.

— For Høgskulen i Volda sin del supplerte Kunnskapsdepartementet ut to heilt andre personar enn det høgskulestyret i Volda foreslo, seier Volda-rektor Roppen.

Les også: Forslag frå styret i Volda, sak 13/86

— Det skjedde visstnok etter framlegg frå foreninga Volda Næringsforum. Ein representant for Næringsforumet tok kontakt med departementet på eige initiativ og foreslo styremedlemmar, noko dei tykte var ein god ide, seier Roppen. 

Kan alle som vil foreslå medlemmar?

Han understrekar at dei naturlegvis har teke godt i mot dei nye styremedlemmane som departementet oppnemnde og disse har funne seg godt til rette og markert seg som dugande styremedlemmar.

— Samtidig som eg også er heilt sikker på at dei høgskulestyret foreslo også ville gjort ein god jobb, seier Roppen og legg til: 

— Men når Høgskulen i Volda skal kome med framlegg til nye styremedlemmar for 2019-2023 så hadde det vore greitt med ei avklaring frå departementet si side på om dei opnar opp for at alle som vil kan ta kontakt og presentere framlegg til styremedlemmar: Fagforeningar, kommunar, fylkeskommunar, næringsforeningar, organisasjonar og parti, seier han.

På fritt grunnlag

Larsen i departementet seier at det at det er bestemt ved lov at det at institusjonar skal fremme forslag til eksterne styremedlemmar, ikkje hindrar andre å kome med forslag, eller at andre enn dei som er foreslått kan bli oppnemnda.

— Departementet oppnemner altså på fritt grunnlag dei eksterne styremedlemmane. Vi vurderer kva for kompetanse som er ønskjeleg blant dei styremedlemmane som departementet oppnemner. Dette vurderes individuelt frå institusjon til institusjon, seier han.

Tidspunktet òg eit problem

Roppen peiker også på at det er eit problem at departementet oppnemner sine folk seint og kort tid før den nye styreperioden startar. I år kom meldinga om kven som skal sitte i NMBU sitt styre først 14.juli, og den nye styreperioden startar 1.august.

— Det skapar problem både for styra og for dei nye styremedlemmane at det blir bestemt midt i sommarferien kven som skal bli nye styremedlemmar. Dei fleste av dei nye styremedlemmane har ein tett timeplan så det blir nok mange forfall på dei første styremøta. Det var i alle fall vår erfaring hausten 2015 då det noverande styret starta sitt arbeid, seier Roppen. 

Mange avklaringar

Rolf Larsen mener det sjølvsagt er ønskjeleg at styra oppnemnes så raskt som mogleg, men på grunn av nettopp kompliserte og omfattande prosessar så kan det ta tid.

— Det er mange styre som blir oppnemnde på same tid, og det er mange avklaringar som skal gjerast. Dette kan ta lang tid, og fleire av dei som blir spurde ber om tid til å tenkje seg om, har behov for avklaringar med arbeidsgivar og så vidare. Får departementet nei frå de som blir spurde, må det gjerast nye vurderingar.

Departementet må grunngje

Johann Roppen viser vidare til Jan Fridthjof Bernt sine kommentarar til Universitets- og høyskoleloven, der han meiner departementet bør grunngje kvifor dei eventuelt peikar ut andre styremedlemmar enn det institusjonane sjølve har peika ut.

— Ikkje minst på bakgrunn av at mange institusjonar opplever at det er eit litt rart oppdrag å be folk om å vere kandidatar, og at det kan vere vanskelig å finne dei.

I 2015 var også dåveranda rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole Gunnar Søgnen, kritisk til at oppnemning av styremedlemmar kom seint frå departementet. 

Les også: Vest har ventet lengst på nye folk til styret

Tidlegare rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse, kritiserte i eit innlegg tidlegare i år, departementet for politisk styring ved oppnemning av styrerepresentantar. 

Statssekretær Bjørn Haugstad svarte med at han meinte eks-rektoren var konspiratorisk. 

Les også: 

Mange takka nei til HiOA

Tidlegare rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Kari Toverud Jensen, sleit i 2015 med å oppnemne representantar til det noverande styret ved høgskulen, og endte til slutt opp med å sende over berre fire namn. 

Den tidlegare leiinga ved Høgskolen i Oslo og Akershus foreslo allereide den gongen  at Kunnskapsdepartementet bør avgjere kven som blir styremedlemmar på grunnlag av høgskulens nominerte, og ikke på fritt grunnlag. Dei meinte det ville gjere det meir attraktivt for mulege kandidatar å takke ja til ein nominasjon. 

Også Universitets- og høgskolerådet har tatt opp denne saka tidlegare med departementet.