Statsråd Torbjørn Røe Isaksen og departementet oppnemner eksterne styremedlemmar til fleire høgskolestyre før sommaren, mellom anna Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Foto: Skjalg Bøhmer Vold

62 nominerte ventar på melding om dei får styreverv

Seks høgskular skal få nye eksterne styremedlemmar. På ønskelistene frå skulane finn vi ein prost, fleire rådmenn, ein tidlegare forsvarsminister og to tilsette ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Du finn alle nominerte her.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Khrono har fått tilsend listene over ønska eksterne styremedlemmar ved seks av dei høgskulane i landet som skal få oppnemnd nytt styre frå 1.august i år.

Fristen for å nominere kandidatar som har sagt ja til å stille enten som fast representant eller vara, gjekk ut 1.mars i år, og departementet sitt no og gjer sine vurderingar av dei nominerte - og andre. 

Departementet bestemmer

Etter oppmoding frå Kunnskapsdepartementet skal høgskulane foreslå 12 eksterne styremedlemmar, seks kvinner og seks menn. Men ingen av kandidatane er likevel sikra plass i nokre av styra. Kunnskapsdepartementet kan i prinsippet oppnemne dei kandidata dei sjølve vil. Og det hender det at dei gjer.

Høgskulane som skal få nye styre frå august er Høgskolen i Oslo og Akershus, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen i Nord-Trøndelag  og Høgskolen i Hedmark. I tillegg til desse skal Den samiske høgskolen ha nytt styre og i utgangspunktet også Høgskolen i Ålesund. Sistnemnde har sagt ja til å fusjonere med NTNU i Trondheim og har derfor ikkje nominert nokre namn til sitt eige styre no.

Vi er nøgde med dialogen med departementet, det vi er mindre nøgde med er fylkes-kommunen si rolle.

Steinar Nebb

Det vi har sakna aller mest i det sittande styret er at ingen av dei eksterne har vore frå UH-sektoren.

Per Halse

Departementet har ikkje bestemt seg

Khrono har tidlegare skrive om rektor Kari Toverud Jensen sin vanskelege jobb med å finna viljuge kandidatar til styreplass ved landets største høgskule, Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA). Over 20 aktuelle kandidatar takka nei til plass. Rektoren måtte til slutt gi opp utan å finne så mange som departementet ønska, og sende til slutt over ei liste med fire namn. 

Les også: Over 20 har takket nei til styreplass ved høgskolen

Alle dei andre aktuelle høgskulane Khrono har fått oversikt over har funne sine 11-12 kandidatar som har takka ja til styreplass. 

Lovendring på gang

I dag er det slik at Fylkeskommunen oppnemner to og departementet to eksterne medlemmar. Til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) er det Oslo kommune som oppnemner eit medlem og Akershus fylkeskommune eit, og departementet to. 

Men ifølgje strukturmeldinga som blei lagt fram før påske, går regjeringa no inn for at Kunnskapsdepartementet skal oppnemne alle dei eksterne styremedlemmane ved alle institusjonane, slik Universitets- og høgskolerådet (UHR) har bede om.

Hovudargumenta frå regjeringa er at fusjonar over fylkesgrenser og endringar i struktur vil gjere dette naudsynt. Regjeringa legg også opp til å fjerne dei personlege vararepresentantane og innføre vara i numerisk rekkefølge. Før desse endringane kan bli innførte må ein endre universitets- og høgskulelova. 

Les også: Kap 6 i strukturmeldinga om styring og leiing

Ulike kandidatar 

Og på ønskelistene til høgskulane som i vår har nominert styrekandidatar står det mellom anna ein avgått forsvarsminister, ein prost, fleire rådmenn, mange lokale næringslivsaktørar, tidlegare politikarar og meir eller mindre sentrale akademikarar.

Sjå her: Fullstendig liste landet rundt finn du her

HiB vil ha Strøm-Erichsen

Høgskolen i Bergen (HiB) ønsker seg mellom anna tidlegare forsvarsminister for Arbeiderpartiet, Anne-Grethe Strøm-Erichsen inn i sitt styre. Hordalandspolitikeren har også vore ordførar og byrådsleiar i Bergen.

På same liste frå HiB står også mellom anna tidlegare leiar i Utdanningsforundet, Mimmi Bjerkestrand og førsteamanuensis og tidlegare rektor ved Høgskolen i Oslo, Sissel Østberg. Sistnemnde er også eksternt styremedlem der i inneverande periode.

Professorar og rådmenn til Volda

Høgskulen i Volda har fått ja frå mellom andre dekan ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold, Kristinn Barstad, Sp-politikar og direktør ved Bioforsk, Kristin Marie Sørheim og professor Endre Brunstad ved UiB. Professor i regional økonomi og politikk ved Høgskolen i Lillehammer, Ivar Teigen, er også ønska til Volda - som kan bli ein nær alliansepartnar med Lillehammer.

På Voldalista står også Åslaug Krogsæter, rådmann i Eid, og ho er også ønska til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. 

Foto: Eskil Wie

HiOA-Osland har sagt ja til Sogn og Fjordane

Ytterlegare kandidatar til Sogn og Fjordane er leiar ved Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Oddgeir Osland (biletet over). Terje Heggem, adm.dir i TIBE reklame Holdning står på lista, og skal allereie vere oppnemnd som fylkeskommunen sin representant.

Utover desse finn vi tidlegare Sp-politikar og noverande direktør i Sogn energi, Erling Sande. Professor Terje Gjengedal, tidlegare konsernsjef i Sogn og Fjordane energi og også ein av søkarane til rektorstillingen ved Høgskolen i Oslo og Akershus har også sagt ja til nominasjon. 

Rein-eigar og svenske til Nord-Trøndelag

Høgskolen i Nord-Trøndelag ønsker at noverande styreleiar og tidlegare Krf-politikar Bjørg Tørresdal skal halde fram i styret. Dei ønsker seg også Ellinor Jåma, leiar i Norske Samers Reindriftsforbund.

I tillegg står Arne Flaat, adm.dir. i Helse Nord-Trøndelag på lista og så langt vi kan sjå - den einaste kandidaten som ikkje kjem frå Norge: Yvonne von Friederich, professor ved Mittuniversitetet, Sverige. 

Prost og Løkeland til Hedmark

Høgskolen i Hedmark ønsker også at deira noverande styreleiar, Maren Kyllingstad som er direktør i Eidsiva Marked AS skal halde fram i same posisjon som dei siste åra.

Prost Sevat Lappegård står på lista frå Hedmark og det same gjer Kyrre Lekve som tidlegare jobba for NIFU og mellom anna evaluerte HiOAs organsiasjon og avtroppande rektor ved Høgskulen i Sogne og Fjordane, Åse Løkeland. 

Den yngste av samtlege kandidatar finn vi på lista til Høgskolen i Hedmark: Anja Rynning Veum (35), utviklingssjef Norges idrettsforbund. 

HiNT med nytt styre før fusjon

Høgskolen i Nord-Trøndelag er som alle andre spente på kven departementet til slutt vil oppnemne som eksterne kandidatar. 

— Vi kan  jo få eit heilt nytt styre frå 1.august, seier rektor Steinar Nebb (biletet under). Sjølv om han og høgskulen utgreier fusjon med Universitetet i Nordland skal dei likevel oppnemne nytt styre no. Fleire andre av fusjonshøgskulane har utvida styreperioden sin ut året, men det sa HiNT nei til. Det vil bli haust før det nye styret ved HiNT skal ta stilling til fusjon og då vil den tidlegast kunne gjelde frå 1.1.2017.

Få nei-svar i Nord-Trøndelag

Rektor Nebb har fått nokre nei-svar frå kandidatar som er spurde om å sitte i styret til høgskulen, men ikkje mange. 

— Vi har gode folk som sit i styret i dag og vi har også bede om at noverande styreleiar Bjørg Tørresdal skal fortsette og det har ho sagt ja til, seier Nebb. Han er - på lik linje med mange av dei andre i god dialog med departementet om styrekandidatar. 

— Vi er nøgde med dialogen med departementet, det vi er mindre nøgde med er fylkeskommunen si rolle, seier Nebb. Universitets- og høgskolerådet (UHR) har også tatt opp dette i si evaluering tidlegare i år, og departementet jobbar no med lovendring. 

Rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse (biletet over), seier til Khrono at dei fekk nei frå nokre av kanidatane dei spurde, og særleg frå folk i næringslivet. 

— Vi fekk sett saman ei god liste til slut, seier Halse og er nøgd med det.

Det han ikkje er like nøgd med, og som også står å lese i brevet han har sendt departementet, er at dei eksterne vararepresentantane er personlege. 

— Det gjer det vanskeleg, så eg vonar det blir endra etterkvart, seier Halse. 

Han er også i god dialog med departementet om kven som bør sitte i styret i Volda, og så langt han kjenner til har departementet stort sett fulgt råd og ønske som høgskulen har kome med. 

Vil ha sektorkunnskap

— Det vi har sakna aller mest i det sittande styret er at ingen av dei eksterne har vore frå UH-sektoren. Det har vore eit minus og eg vonar det vil endre seg i neste styreperiode, seier Halse, som er avtroppande rektor og skal overlate plassen sin til medieprofessor Johann Roppen frå 1.august. 

Fylkeskommune har allereie oppnemnd representantar til styret i Volda, og det er Terje Heggem og Kristin Sørheim som faste representantar. Begge sto på høgskulen si ønskeliste. 

Ingen problem i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) har heller ingen frustrasjonar når det gjeld nominasjonar av styrekandidatar. 

— Det har ikkje vore noko uttalt problem at vi har fått nei frå aktuelle kandidatar, vi har hatt ei eiga gruppe til å jobbe med dette, seier personaldirektør Wenche Fjørtoft, men også dei er spente på fasit frå departementet.

Noverande rektor Åse Løkeland har saman med styret sitt stått hardt på sjølvstende og vore mot fusjon med andre. Ho går av 1.august og dekan Rasmus Stokke tar over. Løkeland (biletet under) er sjølv foreslått som styrerepresentant til Høgskolen i Hedmark. 

Kampvotering i fylket

Og om det ikkje var problem på høgskulen så blei det kampvotering om oppnemning av styremedlemmar i fylkestinget i Sogn og Fjordane tidlegare i år, ifølgje NRK Sogn og Fjordane. Dragkamp om sjølvstende eller fusjon rundt Høgskulen i Sogn og Fjordane gjorde at fylkestinget vraka Sp-politikar Erling Sande og banksjef Arvid Andenes som faste representantar.

På benkeforslag i møtet kom det forslag om den meir fusjonsvenlege kommunalsjefen i Førde, Trond Ueland, etter påtrykk frå Sunnfjordbenken. Og han blei vald. 

Fylkeskommunen oppnemnde med dette sine representantar, og det er Trond Ueland, kommunalsjef i Førde med personleg vara Erling Sande. Den andre er Anneli Nesteng med Kristin Maurstad som personleg vara. Dei tre siste står alle på nominasjonslista frå HiSF.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS