Vil kutte flyreiser: Høgskule gir pengar til studentar som tar toget
Berekraft. Høgskulen på Vestlandet vil lodde ut stipend til dei som reiser miljøvennleg på utveksling.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er Studenttinget på Vestlandet som har vore pådrivar for tiltaket, og no har Høgskulen på Vestlandet tatt oppfordringa: Studentar som skal på utveksling gjennom Erasmus+ og nyttar miljøvennleg transport kan dei neste to semestra vere med i trekninga av eit miljøstipend på 2000 kroner.
Det er Studvest som melder om dette.
Ifølgje studentavisa vil Norges handelshøyskole (NHH) no gjere det same. Seksjoneleiar ved internasjonale relasjonar på NHH , Astrid Foldal seier at dei vil sjå på korleis dei kan lage eit pilotprosjekt etter modell av det dei har gjort på HVL.
Vi ønsker å få fleire til å velge utveksling i Europa.
Henrik Waage Tjore
— Det har inspirert NHH til å tenke i same baner, seier ho.
Målet skal vere å ha ei miljøstipendordning klar til hausten. NHH er den utdanningsinstitusjonen i landet der flest studentar reiser på utveksling
— Vi ønsker å få fleire til å velge utveksling i Europa, dersom ein kan, seier leiar i Studenttinget, Henrik Waage Tjore, til Khrono
Han seier han personleg ville vurdert å droppe Asia, Afrika eller Latin-Amerika, dersom det faglege tilbodet er like godt i Europa.
— Men Studenttingets standpunkt er at vi ikkje vil tvinge nokon, derimot gjere miljøvennlege reiser attraktivt der det er tilgjengeleg, seier han.
UiB vurderer premiering
Universitet og høgskular har lagt press på seg sjølve, og har samstundes blitt lagt press på av høgare utdanning- og forskingsminstier Iselin Nybø om å kutte ned på flyreisene.
Det er framfor alt dei tilsette ved institusjonane som sit mykje på flyet. På store universitet som Universitetet i Oslo, NTNU og Universitetet i Bergen, utgjer transport kring 20 prosent av klimagassutsleppa. Det meste av dette skriv seg frå flyreiser.
Dette har delvis vore bakgrunn for fleire klimaopprop som kom frå tilsette ved universiteta i 2019 med krav om kutt i flyreiser.
Også studentane har vore kritiske til sine eigne, etter at toppleiinga i Norsk studentorganisasjon flaug til Portugal på seminar.
Konkurranse
Som eit ledd i eit grønt skifte har Nybø ivra for ein konkurranse mellom institusjonane om å vere mest berekraftig, deriblant å flyge minst.
Også UiB kan komme til å innføre ei premieringsordning for studentar som vil reise miljøvennleg. Til Studvest fortel viserektor Oddrun Samdal at dei ønskjer at flest mogleg av studentane vel klimavennlege reisemåtar og at dei vil vurdere ei liknande ordning.
— Vi veit enno ikkje når dette kan vere på plass, men i beste fall kan det skje allereie til hausten 2020, seier Samdal.
Studenttinget på Vestlandet gjorde alt i oktober 2019 et enstemmig vedtak om å gå inn for miljøstipendet og har siden vært i tett dialog med HVL.
Håper på klimakamp
— Dette viser at HVL tar klima på alvor, sier leder i Studenttinget, Henrik Waage Tjore til Studvest.
Studenttinget har, som Nybø, ivra for ein koknurranse for å få fart i det grøne skiftet.
— Vi håper no at det skal oppstå ein klimakamp mellom utdanningsinstitusjonane, seier han.
Til Khrono seier studenttingsleiaren at han håper ordninga på sikt kan bli nasjonal:
— Dersom ein vil ha høg utveksling, må ein legge til rette for det. Då er denne typen støtteordningar nødvendig.
Ifølge HVL må det nyttast miljøvennleg transport under heile reisa for å kunne få stipendet. Det skal dokumenterast i ettertid. Med miljøvennleg transport er det meint buss eller tog. Det skal delast ut ti stipend på 2000 kroner kvart semester i 2020. Søknadsfrist for vårsemester er 1. februar.