Sommar i Khrono
Vil ha eit eige fakultet for lærarutdanning ved NTNU
Det står ein del arbeid att før NTNU er éin einskapleg institusjon, meiner professor Jørgen Klein.
— Kva er det viktigaste du har gjort dette studieåret?
— Eg har vore redaktør for ei bok om forsking på utanlandspraksis for lærarstudentar, som om kort tid kjem på Universitetsforlaget.
— Kva er dei største utfordringane på arbeidsplassen din neste studieår?
— NTNU har framleis store utfordringar med å bli ein einskapleg institusjon etter fusjonen for nokre år sidan. På mitt institutt (Institutt for lærarutdanning) er det nesten 500 tilsette, noko som er uhensiktsmessig stort på nivå tre i organisasjonen og det burde etter alle solemerke vore eit eige fakultet.
— Kor mykje er du på heimekontor no etter pandemien?
— Veldig lite på heimekontor.
— Kva er dei største utfordringane i akademia framover, slik du ser det?
— Det kan verka som finansiering av den frie forskinga kjem til å verta utfordrande framover, noko vingeklippinga av forskingsrådet kan tyda på.
— Kva var det første du ville ha gjort om du var forskings- og høgare utdanningsminister for ein dag?
— Eg er sjeleglad for at eg ikkje er minister, men meir tillit til institusjonane ville vorte prioritert.
— Kva skal du gjera sommar?
— Eg skal bada i Mjøsa, sykla i Trysilfjellet og drikka øl i Göteborg.
— Kva bør Khrono verte betre til?
— Eg synest Khrono er vorte veldig bra, spesielt etter at det har kome meir stoff om det som skjer utanfor ring 3. Hald fram slik!
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut