Kortnytt

Vil gje utanlandsstøtte for våren 2021

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Regjeringa vil leggje til rette for at studentar og elevar kan reise på utveksling til våren. Samstundes er smittesituasjonen i verda slik at det kan hende at det er nokre land ein kanskje ikkje kan dra til allereie i januar, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

No vil regjeringa syrgje for at lån og stipend blir utbetalt sjølv om utreisa blir utsett.

— Vi må gjere alt vi kan for å gi elevar og studentar høve til å bruke heile verda som læringsarena. Derfor vil vi forlenge ordninga med at studentar skal få lån og stipend sjølv om dei ikkje kan starte utlandsstudia fysisk på lærestaden med ein gong, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i pressemeldinga.

Forslaga til endringar i utdanningsstønaden til utanlandsstudentar krev forskriftsendring og departementet vil legge forslaga ut på ei kort høyring og fastsetje endringane før jul. Dette er for å sikre at endringane trer i kraft før vårsemesteret startar.

(Joar Hystad / Khrono)

Powered by Labrador CMS