styremøte
Vil gje meir makt til rektor og direktør i Volda
Høgskulen i Volda vil gje toppleiarane utvida fullmakter til å avgjere saker som ikkje kan vente på styrehandsaming. Samstundes vil dei gjere direktøren einerådande i økonomisaker.
Dette er endringar som kjem fram i sakspapira til det komande styremøtet ved Høgskulen i Volda. Framlegget kjem etter at styret i novembermøtet vedtok at delegeringsreglementet skulle reviderast.
Heilårsfullmakt
Ein viktig del av endringane handlar om kva mynde som høyrer heime i rollene til rektor og direktør.
Her vert det gjort framlegg om å endre fullmakta til rektor og direktør i saker som ikkje kan vente på styrehandsaming. Dette er den såkalla «sommarfullmakta», som til no har vore i kraft mellom det siste styremøtet i vårsemesteret og det fyrste styremøtet i haustsemesteret. Då kan rektor ta avgjerder «i saker som ikkje kan vente til neste styremøte».
«Sett i lys at styret ynskjer å delegere meir av det daglege
ansvaret til leiinga, er det ei god løysing å utvide fullmakta til heile året. Det juridiske innhaldet er likt
som den tidlegare sommarfullmakta», heiter det i administrasjonen sitt saksframlegg.
Sommarfullmakta vert i framlegget også gjort gjeldande for direktøren. Men med presisering om at dette for direktørens del gjeld «innanfor den samla administrative verksemda».
Direktøren får også ei meir begrensa fullmakt. «Direktør har, i motsetning til rektor, ikkje
fullmakt til å avgjere saker som er «viktige nok» til at styret må kallast saman», heiter det i framlegget til nytt delegeringsreglement.
Du kan følgje dagens styremøte frå klokka 10.00.
Økonomi bort frå rektor
Ei anna endring gjeld mynde i økonomisaker der den i dag er lagt til både direktør og rektor i fellesskap. Det vert gjort framlegg om å legge mynde berre til direktøren.
« Dette er klart innafor direktør sitt ansvar for den samla «økonomi- og formuesforvaltning» og mynde er difor flytta frå rektor. Dette tryggjar samstundes at det ikkje oppstår utfordringar knytt til habilitet når styret og styreleiar skal handtere saka», heiter det i styrepapira.
Den siste hovudendringa gjeld delegering av den administrative organiseringa for aktuelle rådgjevande utval og råd ved institusjonen. Dette skal i framlegget leggjast til direktørstillinga.
«Ved å delegere den administrative
organiseringa for aktuelle rådgjevande utval og råd ved institusjonen til direktør, treng ein
2
ikkje delegere denne mynda særskilt for kvart utval/råd. Unnataket er her Nemnd for
studentsaker som får mynde direkte av styret», står det i grunngjevinga for endringsframlegget.
Saklista til dagens styremøte finn du her.
Nyeste artikler
De nasjonale strateger — hvor ble de av?
Reagerer på upresis tallbruk om læreropptak
Topptidsskrift granskes etter påstander om fusk. Har mer enn 1000 norske artikler
Én av tre britiske studenter frykter universitetskonkurs
Norge trenger svenske forskningstilstander
Mest lest
Studenter utvist fra fransk universitet. Norske Anna frykter at hun står for tur
Slik gjekk det då professoren spurte ChatGPT om litteraturtips
Svensk dom over norsk akademia: For mykje kvantitet, for lite kvalitet
Reagerte på NTNUs språkbruk i økonomisak. — Gjør meg kvalm
Satte ny doktorgradsrekord i vår