høgskulen i volda
Vart ikkje rektor, vil halda fram som dekan
Unni Hagen er ein av fire søkjarar til stillinga som dekan for avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.
Unni Hagen (67) var nominert og hadde takka ja til å stilla som rektorkandidat ved Høgskulen i Volda. Men då ho ikkje fekk med seg nokon prorektorkandidat måtte ho trekka kandidaturet sitt.
No er Hagen ein av fire søkjarar til stillinga som dekan ved Avdeling for kulturfag, ei stilling ho også har i dag.
Fire søkjarar
Hagen får konkurranse frå tre andre søkjarar.
Ein av dei, Bjørn Sæterås, er intern. Han er i dag studieleiar for praktisk-pedagogisk utdanning ved høgskulen.
I tillegg har Jon Are Steen og Britt Folkedal Berentzen søkt stillinga.
Åtte vil leia humanistane
Det var tre dekanstillingar som vart lyst ut. Til stillinga ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har det meldt seg åtte søkjarar.
Fleire av dei er interne: Både Kari Leikanger Buset, Henriette Hafsaas og Silje Ims Lied er i dag tilsette ved Høgskulen i Volda.
...og ingen vil leia samfunnsvitarane
Planen er å tilsetja dekanar for desse to avdelingane i styret sitt mars-møte. Fungeringsperiode er frå august, samstundes som høgskulen òg får ny rektor.
For den siste stillinga, dekan for Avdeling for samfunnsfag og historie, er søknadsfristen utvida. Her melde det seg ingen søkjarar, heiter det i nyheitsbrev frå høgskulen. Ny søknadsfrist vert 23. januar.

Nylige artikler
Khronos store julequiz
NTLs halvsannheter gagner ingen
Bør kriteriene for merittert underviser vurderes i lys av stillingskategori?
At Trump ble president gjorde avhandlingen mer aktuell
Reagerer på «voksende mistillit til etablert kunnskap»: — Jag etter likerklikk
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene