studiestart

Vil gi nye studentar ein mjuk start

Universitet og høgskular legg opp til ein rikhaldig meny den første studieveka. Fleire har fokus på psykisk helse og legg vekt på å få alle med.

Siri Hitland, praksiskonsulent for grunnskulelærarutdanninga, Ingrid Trætteberg, lektor i drama, campusutvalsleiar Runar Eikhaug og Astrid Blindheim Husdal, som er praksisansvarleg for grunnskulelærarutdanninga, er alle klare for å ta imot nye studentar ved NLA Høgskolen. Dei opnar campus måndag, slik at spente studentar kan koma innfor før offisiell studiestart tysdag.
Published Modified

MarioKart, Fangene på fortet-leik, vaflar. Museum, grilling, utekino, gudsteneste. Volleyball, busstur og hageleikar.

Fakta

Studiestart 2024

Desse har velkomstseremoni 12. august:

UiT Noregs arktiske universitet, Norges Handelshøyskole (NHH), Universitetet i Bergen, Nord universitet, Universitetet i Oslo, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder, Universitetet i Søraust-Noreg, NTNU, Høgskulen på Vestlandet, Høyskolen Kristiania, BI, VID

Desse har velkomstseremoni 13. august:

OsloMet, Nord Universitet, NLA Høgskolen, Høyskolen Kristiania, Høgskolen i Østfold, Lovisenberg, Norges Idrettshøgskole, VID

Desse har velkomstseremoni 14. august:

Høgskolen i Molde, NLA Høgskolen

Desse har velkomstseremoni 15. august:

Høgskolen i Molde

Desse har velkomstseremoni 16. august:

NMBU

Desse har velkomstseremoni 19. august:

Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Søraust-Noreg, Dronning Maud Minne Høgskole

Desse har velkomstseremoni 20. august:

Høgskolen i Innlandet, Høgskulen i Volda

Desse har velkomstseremoni 21. august:

Universitetet i Søraust-Noreg, Samisk høgskole

Desse har velkomstseremoni 26. august:

Noregs musikkhøgskole

Dette er berre nokre av tilboda ferske studentar ved dei ulike universiteta og høgskulane får når det er studiestart frå 12. august.

— Ønsket vårt er at studentane skal tenkja at dei har hatt ein fin dag, og ha lyst til å koma attende den neste dagen.

Det seier Astrid Blindheim Husdal. Ho er praksisansvarleg for grunnskulelærarutdanninga ved NLA Høgskolen i Bergen, og klar til å ta imot nye studentar i eit erverdig, gamalt trehus eit litt langt steinkast frå sentrumskjernen. Offisiell studiestart er 13. august, men allereie dagen før tilbyr NLA for første gong det dei kallar «mjuk start».

— Her kan dei møta tilsette, få stilt spørsmål og sjå bygget. Tidlegare hadde me lokale eit godt stykke unna sentrum, og det vart fine samtalar med studentar og foreldra deira som kom køyrande dit. Me fokuserer på ein trygg og inkluderande studiestart, seier Husdal.

Ho er spent på kor mange som vil møta opp. Men om det vert fem eller femti skal det vera rikeleg med tilsette i grøne t-skjorter som er klare til å hjelpa og visa.

Får mentor

Dei aller fleste har formelle velkomstseremoniar anten 12. eller 13. august (sjå faktaboks). Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund L. Hoel skal vera til stades i Oslo, ved Forsvarets høgskole, VID (Diakonhjemmet) og BI måndag og Lovisenberg diakonale høgskole, Noregs Idrettshøgskole og OsloMet tysdag. 

Ved Universitetet i Bergen skal kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun delta under opningsseremonien 12. august, medan Universitetet i Oslo får besøk av statsminister Jonas Gahr Støre.

Men det er ikkje berre dei store seremoniane utdanningsinstitusjonane sjølve arrangerer. Fagmiljøa er tydeleg med den første studieveka. Nokre stader byrjar dei ganske rett på med førelesingar, andre stader er det meir sosiale aktivitetar som står på dagsordenen.

— Det er mange som gler seg til sjølve faget dei skal studera. Så målet vårt er at det skal vera både fag og sosialt, og det skal vera noko for ein kvar smak, seier Kathrine Tveiterås, prorektor ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT).

Ved UiT får ferske studentar ein mentor, ein meir erfaren student som skal følgja nykomarane gjennom første semester. Tveiterås peikar mellom anna på studentar si psykiske helse når ho skal forklara kvifor ein har ei slik ordning.

— Me veit kva mellom anna SHoT-undersøkinga seier om psykisk helse, og me har snakka med tidlegare studentar om kva dei sakna då dei var ferske. Då er det det relasjonelle som vert lagt vekt på, seier Tveiterås.

— Dei nye studentane kjem med den psykiske helsa dei har. Me veit at mange har vore elevar åleine, under pandemien. No kjem dei til oss, seier Husdal ved NLA.

Ho seier at høgskulen vil halda campusane sine opne utover kveldane, slik at studentane ikkje forsvinn på dei store uteplassane i bysentera.

— Me håpar å gi dei positive og meiningsfylte møte med både tilsette og medstudentar. Og me byrjar tidleg med fag, seier Husdal.

Alkoholfrie fadderaktivitetar

Høgskulen på Vestlandet legg opp til alkoholfrie fadderaktivitetar på campus om ettermiddagane frå klokka 14. Timane mellom 10 og 14 er det fagmiljøa som disponerer, seier velkomstvekeansvarleg Karoline Skare Øyerhamn.

Ho fortel at høgskulen, som har fem campus, har eit eige mandat for studiestart.

— Målet vårt er at studentane skal verta kjende med fagmiljøa og å skapa eit godt læringsmiljø. Så kjem fadderaktivitetane som eit supplement.

Også Øyerhamn trekkjer fram psykisk helse.

— Ein god studiestart er noko me har jobba med heilt sidan samanslåinga i 2017. Me er opptekne av at det skal vera aktivitetar for alle, og me jobbar for å gjera studentane kjende på campus. Dei skal få kjensla av at det er på campus dei skal vera, seier ho.

Frå måndag kjem Øyerhamn og mange andre tilsette til å gå rundt i blå t-skjorter der det står «spør meg!».

Paraplyar så langt ein såg då OsloMet opna studieåret 2023/24. I år kjem statsråden til hovudstadsuniversitetet.

Endring etter pandemien

Ved Noregs Musikkhøgskole (NMH) er det ikkje offisiell studiestart før 26. august. Då kjem Oddmund L. Hoel på besøk.

— Me vart kontakta av departementet. Det er me glade for, seier Camilla Sønstabø Thorkildsen, studie- og fou-sjef ved Musikkhøgskulen.

Ho seier at eitt av alternativa høgskulen presenterte, var at Hoel kunne koma innom veka frå 19. august. Då må nemleg studentane møta — med dei instrumenta dei har.

— Dette gjeld berre førsteårsstudentane. Dei skal ha ei tettpakka oppstartsveke, med både konsertar, turar og føredrag, og ikkje minst samspelprosjekt, seier Thorkildsen.

 Ho fortel at den første veka vert avslutta med at studentane har ein konsert der dei viser det dei har jobba med heile veka.

— Me ønskjer å gi studentane både ein god fagleg og sosial start. I tillegg har studentutvalet ei fadderordning denne veka, seier Thorkildsen.

— Fleire av institusjonane Khrono no har snakka med, nemner psykisk helse. Handlar opplegget dykkar òg om det?

— Ja, det gjer det absolutt. Me merka ei endring på studentkulla før og etter pandemien, og er opptekne av òg det som skjer etter oppstartsveka. Hos oss er òg studia lagt opp til mykje samarbeid og samspel på tvers av instrument, seier Thorkildsen.

— Korleis merkar de ei endring?

— Me ser det litt på talet på studentar som ber om tilrettelegging, og me ser at det er tilsette som har meir uro for enkeltstudentar eller grupper. Fordelen hos oss er at me er ein liten høgskule med høg tilsett-tettleik, så me er tett på studentane. Det første kullet etter pandemien såg me at ikkje var så godt sosialt vane, men det har gått seg til.

Studentprest på besøk

Også ved Noregs største universitet, NTNU, er ein god inngang til studenttida i fokus. Mentorordning er noko fleire fakultet og institutt har hatt i eit par tiår, og i år har nokre av fagmiljøa har invitert studentprest og studenthumanist til å snakka med studentar allereie den første veka.

— Studentprest og studenthumanist er eit godt supplement til andre velferdstilbod for studentane. Me tek studentar si psykiske helse på alvor, og me veit at trivsel både reduserer sjansen for fråfall og gir grobotn for læring.

Det skriv Jenny Katrine Bremer, seniorrådgivar i seksjon for utdanningskvalitet og læringsmiljø, i ein e-post til Khrono.

Ho seier at ein kontaktskapande kultur gjennom heile det første året er viktig for NTNU. Det er òg viktig med faglege aktivitetar på dagtid allereie frå den første veka.

— Det er viktig for å skapa arenaer for å verta kjende og treffa nye venner.

Universitetet har samarbeid med linjeforeiningane, som er ansvarlege for fadderveka. I tillegg har NTNU eit eige mottaksprogram for internasjonale studentar.



Powered by Labrador CMS