Høgskulen på Vestlandet
Vil gå vidare med omstridd fusjon av fakultet på HVL
Ei prosjektgruppe meiner fordelane er større enn ulempene. Rektor tilrår derfor at styret gir grønt lys for vidare arbeid med å sy to fakultetet saman til eitt.
Om rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Gunnar Yttri, får det som han vil, skal arbeidet med å slå saman to av dei fire fakulteta ved institusjonen halde fram.
Det går fram av sakspapira til styremøtet som går av stabelen ved HVL tysdag og onsdag denne veka. Forslaget om fusjon kjem som følgje av at leiinga ved høgskulen forventar trongare økonomiske rammer i tida framover.
FØLG STYREMØTET frå tysdag 7.3. kl. 10.30.
Styret ved HVL var ved førre krossveg splitta i synet på planane.
Yttri fekk hard kritikk frå fleire styremedlemmer og tillitsvalde for både grunnlaget i planane og prosessen. Med eit fleirtal på 7 mot 4 gjekk styret likevel inn for å gå vidare med planane, då saka var på bordet i februar.
«Tilrådeleg»
No er den bestilte utgreiinga frå ei prosjektgruppe klar, og rektor Yttri peikar på konklusjonen i si tilråding til styret:
«(…) fordelane er større enn ulempene». Både økonomisk og fagleg er det tilrådeleg å slå Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) saman til eitt.
Rektor «merkar seg særleg identifiseringa av viktige faglege føremoner, faglege føremoner som gir god von om at utdanning, forsking og nyskaping kan styrkast», heiter det i innstillinga styret skal ta stilling til på sitt møte 7. mars.
Dersom Yttri får gjennomslag for planen, vil arbeidet gå over til det som blir kalla fase 2. Det inneber utarbeiding av konkrete modellar for organisering og vidare utgreiing av detaljane i samanslåinga.
Kritisk
Då styret første gong behandla saka i februar, var styremedlem for dei tilsette, Tina Åsgård, mellom dei som røysta imot.
Ho peikte mellom anna på at styret for to år sidan gjorde vedtak om at fakultetsstrukturen skulle ligge fast i inneverande åremålsperiode for dekanane, det vil seie i to år til.
— Så viser det seg at toppleiinga ganske kort tid etter dette møtet begynte å diskutere eit slikt løp med samanslåing av desse to utpeikte fakulteta, kommenterte Åsgård til Khrono.
Ho meinte også det var underleg at berre to av fakulteta vart valt ut når fakultetsstrukturen skulle vurderast.
Avvik på personvern
Blant dei andre sakene som styret skal diskutere på styremøtet, som går både tysdag og onsdag denne veka, er årsrapporten frå personvernombodet ved høgskulen. Det var i 2022 rapportert fire brot på personopplysingslova ved institusjonen.
I rapporten heiter det mellom anna at det «ikke avsatt tilstrekkeleg med ressurser for arbeid med personvern og informasjonssikkerhet i virksomheten».
Også årsrapport og endeleg budsjett skal etter planen bankast gjennom av styret på styremøtet.

Nylige artikler
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Stipendiaten fikk en melding på LinkedIn som skulle snu opp ned på alt
Sats på russiskfaget — tre enkle tiltak
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager
Så mye tjente «kjendisene» i akademia