korona
Vil forlenga praksisreglane
Regjeringa vil forlenga regelverket som gir institusjonane meir fleksibilitet når det gjeld gjennomføring av praksisperiodar under pandemien.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Mange utdanningsløp har obligatorisk praksis, og det er forskriftsfesta kor mange veker praksis ein må gjennomføra. Men pandemien har gjort dette vanskeleg. Khrono har mellom anna skrive om studentane som vart sendt heim frå Hammerfest sykehus og om Bergen kommune som ikkje ville ta imot praksisstudentar.
No ønskjer regjeringa å forlenga den mellombelse forskrifta som seier at utdanningsinstitusjonane kan legga til rette på andre måtar, så lenge studentane lærer det dei kan.
Utan forseinkingar
Forslaget er at forskrifta skal gjelda ut dette studieåret, det vil seia til 1. juli 2021.
— Målet er at studentane skal kunne gjennomføra utdanninga si så langt det er mogleg utan forseinkingar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Asheim viser til smitteauken i haust, og seier den skaper usikkerheit.
– Forlenginga er ikkje berre viktig for studentane, men for samfunnet vårt. Barnehagar, skular, sjukehus og sjukeheimar er heilt avhengige av å få tilgang på alle dei som skal vera ferdigutdanna no til sommaren, seier Asheim.
Frist om to dagar
Den mellombelse forskrifta gjeld dei utdanningane som er regulert gjennom rammeplanar eller nasjonale retningslinjer, til dømes sjukepleiarutdanningane og lærerutdanningane.
Forskrifta er sendt på høyring, med frist 20.11. Dette er forslaga:
- Universiteta og høgskulane kan fastsetja mellombelse tiltak og unntak som dei definerer som "forsvarlig og nødvendig". I denne vurderingen må utdanningsinstitusjonane mellom anna legga vekt på at studentane skal oppnå det naudsynte læringsutbyttet og ha den naudsynte yrkeskompetansen ved fullført utdanning.
- Bruk av fullmakta som vert gitt i forskrifta skal ikkje koma fram på studentane sitt vitnemål.
- Forskrifta vil gjelda mellombels for utdanning som vert gjennomført i perioden fram til 1. juli 2021. Departementet vil vurdera behov for å forlenga forskrifta i lys av utviklinga i smittesituasjonen.