universitetet i bergen

Vil avvikla forskings­senter i kinesisk rett

Direktør Tore Tungodden ved Universitetet i Bergen ber universitetsstyret legge ned Norsk senter for kinesisk rett.

Rektor Margareth Hagen har ønska å avvikla institusjonelt samarbeid med kinesiske utdanningsinstitusjonar. — Samarbeidet bør hovudsakleg ligge på forskarnivå og mellom fagmiljøa, har ho tidlegare sagt. No er universitetsdirektør Tore Tungodden si tilråding å legga ned Norsk senter for kinesisk rett ved UiB.
Publisert Sist oppdatert

Rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen (UiB) har vore tydeleg: Ho ønskjer ikkje å ha ein eigen handlingsplan for samarbeid med Kina.

— Det var eit sterkt fokus og meir positivitet kring samarbeid med Kina for nokre år sidan enn det er no. Det kinesiske regimet har utvikla seg i meir autoritær retning, det treng vi ikkje PST til å fortelje oss, sa ho til Khrono i 2022.

Då hadde UiB sin kinastrategi gått ut, og Hagen ønska ikkje å forlenga denne.

Året før kinastrategien vart inngått, i 2017, vart Norsk senter for kinesisk rett oppretta ved Det juridiske fakultetet. No kan dette senteret verta avvikla.

Det er ei av sakene universitetsstyret skal ta stilling til i årets første møte, som er 13. februar. Møtet kan du sjå direkte her frå klokka 10:

Ser ikkje poeng med senterstruktur lenger

I saksframstillinga heiter det at Det juridiske fakultetet hadde samarbeidsavtalar med ei rekke kinesiske universitet og ein omfattande portefølje med ulike aktivitetar då Norsk senter for kinesisk rett vart oppretta i 2017.

«Etableringen av senteret var et strategisk grep som skulle gjøre det lettere å profilere den samlede aktiviteten som fakultetet hadde med kinesiske samarbeidsparter og støtte opp under ambisjonen om å være en nasjonal aktør på området», heiter det.

Professor Bjørnar Borvik har vore leiar for senteret heilt frå 2017. I fjor haust skreiv han ein e-post til universitetsdirektør Tore Tungodden der han sa at senteret neppe vil vera særleg eigna som ei innramming av fakultetets framtidige samarbeid med kinesiske partnarar innafor akademia og næringsliv. 

«Eg har vidare vanskeleg for å sjå korleis senteret kan spele ei rolle på institusjonsnivå. Det sittande rektoratet prioriterer ikkje samarbeidet med kinesiske utdanningsinstitusjonar, og dekanatet ved juridisk fakultet har også andre prioriteringar», skreiv Borvik.

— Eg har tenkt at eg ikkje ser noko poeng i å halda oppe senterstrukturen. Senteret har ingen sjølvstendig verdi, og sjølv har eg framleis eit svært godt samarbeid med kinesiske universitet, særleg med Renmin-universitetet i Beijing. Dette skal vidareutviklast i åra som kjem, seier Borvik til Khrono.

Han seier at Det juridiske fakultetet i løpet av dei siste ti åra har sendt studentar på utveksling til Kina. No sender dei snart nærare tjue nye studentar austover, for at dei skal tilbringa vårsemesteret i Kina. Fakultetet mottek også kvart semester fleire studentar frå kinesiske samarbeidsuniversitet.

— Verda har vorte svært polarisert, det er svart og kvitt, dei gode mot dei onde. Eg er både glad for og stolt over at våre studentarne tek sjølvstendige val og vil tileigna seg førstehandskunskap om Kina. Det treng Noreg, seier professoren.

— Ved kinesiske universitet studerer dei Vesten. I Vesten er innstillinga at «me likar ikkje Kina». Det er ekstremt lite fruktbart, seier jussprofessor Bjørnar Borvik.

Føreles som i 2015

— Eksportkontroll, spionar og trusselbilete er noko ein har høyrt mykje om dei siste åra. Er det det same å samarbeida med Kina no som for ti år sidan?

— Eg opplever at det er svært vanskeleg å delta i den offentlege samtalen om desse spørsmåla, seier Borvik, og held fram:

— Eg har samarbeidd med kinesiske universitet i meir enn ti år, og mine erfaringar stemmer ikkje overeins med det trusselbildet som blir teikna. Det er stor interesse for læra meir om europeisk rett i Kina, også om europeiske menneskerettar. Eg har aldri opplevd at det har vorte lagt begrensingar på kva tema eg kan ta opp i mine førelesingar.

Han seier det er to ting som er viktige: 

— Ein skal ikkje underslå at omsynet til nasjonal tryggleik er relevant også i akademia, men det gjer seg gjeldande med ulik styrke. Innafor humaniora og samfunnsvitskapane er det nok mindre grunn til uro.

Samstundes meiner han ein må lesa det som vert sagt om Kina inn i eit større bilete.

— Det er ei stadig aukande rivalisering mellom USA og Kina, og USA utpeikar Kina som fienden. Men det betyr ikkje nødvendigvis at situasjonen på bakken har endra seg så markant som ein kan få inntrykk av. Det er i alle fall mi erfaring.

Fakultetsstyret ville avvikla

Etter at Borvik sende e-post til universitetsdirektøren, vart saka handsama i fakultetsstyret ved Det juridiske fakultetet før jul 2024. Der var fakultetsleiinga si vurdering at det ikkje var ein forholdsmessig bruk av fakultetet sine ressursar å vidareføra eit senter som er spesifikt knytt til eitt enkelt land — sjølv om dette landet er blant dei mest folkerike i verda og med ein veksande utdannings- og forskingssektor.

No er tilrådinga til universitetsstyret at senteret vert avvikla.

«Universitetsdirektøren viser til at fakultetet fremdeles vil legge til rette for studentutveksling og forsker- til forsker samarbeid, men er enig i fakultetets vurdering om at Norsk senter for kinesisk rett ikke lenger er en hensiktsmessig innramming av det akademiske samarbeidet med Kina», skriv Tungodden i sine kommentarar.

Borvik seier at det har vore krevjande å overtyda kollegaer ved fakultetet om at samarbeid med Kina både er spennande og viktig, med nokre få unntak. Han er oppteken av at slik verda er i dag, treng ein meir kunnskap om Kina. 

— Den kunnskapen får me ikkje ved å halda avstand, men ved å samarbeida. Ved kinesiske universitet studerer dei Vesten. I Vesten er innstillinga at «me likar ikkje Kina» og difor prioriterer me heller ikkje samarbeidet med kinesiske universitet. Det er ekstremt lite fruktbart.

Eksportkontroll

I 2022 peika rektor Margareth Hagen mellom anna på eksportkontrollregelverk som kan gjera samarbeid med Kina krevjande. Dette regelverket har vore oppe på dagsordenen mange gonger dei siste åra

I 2024 gjekk PST ut med informasjon om at kinesiske forskingsleiarar, gjesteforskarar og studentar frå institusjonar knytt til det kinesiske militæret jobbar i Noreg.

— Me opplever ein stor auke i spørsmål frå norske universitet og høgskular. Me råder dei til å gjera ein skikkeleg sjekk før ein tek inn gjesteforskarar, sa PST-leiar Beate Gangås.

— Med det nye eksportkontrollregelverket: Er det lettare for deg som jussprofessor enn for ein del andre å få til gode samarbeid med kinesiske forskarar?

— Ja, det vil eg tru. Fordelen ved å vera tilsett ved eit universitet er at ein har stor fridom til å velja kven ein ønskjer å samarbeide med. Den uroa PST og andre tryggingsstyresmakter har på nokre felt, må me respektera og ta på alvor. Men eg er oppteken av at dei risikoane som blir påpeika, ikkje gjer seg gjeldande med same styrke på alle fagfelt, og at handlingsrommet for meg som jussprofessor gjerne er større enn kva tilfellet er på andre fagområde, seier Borvik.

Kven skal sitja i styret?

På møtet torsdag 13. februar skal UiB-styret òg mellom anna drøfta eigedomsselskap og utvikling av campus, og det skal verta samde om forslag til eksterne styremedlemmer.

Her er heile sakslista:

Powered by Labrador CMS