Tiltalt forskar erkjenner straffeskuld i tingretten
Mannen i 30-åra hadde ei akademisk karriere foran seg. Men i løpet av kort tid gjekk det bratt utforbakke for han, og han blei stoppa av politiet med ei ladd, avsagd hagle.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
No sit han tiltalt i Bergen tingrett for ei rekke narkotika-, vinnings og våpenlovbrot. Dei grovaste punkta er oppbevaring av over 800 gram amfetamin, bæring av våpen på offentleg stad og fleire grove tjuveri av våpen, skriv På Høyden.
— Eg hadde fått litt drapstrugsmål på førehand, og tenkte at eg trengte eit våpen for å beskytte meg, har mannen forklart om det han omtaler som «den litt sinnsjuke perioden av mitt liv».
Han har sagt seg skuldig i så godt som alle tiltalepunkta.
Våpenjakt
Mannen var i 2016 på fleire tjuveriraid, særleg på jakt etter våpen. Bustader og hytter på Osterøy, Hjellestad og Hålandsdalen i Fusa blei gjennomsøkt, og ei hagle og fleire rifler blei stolne. I eit innbrot stal mannen med seg ein ryggsekk med leikar. Den forlot han i terrenget då han oppdaga kva som var innhaldet.
Det var heilt vanvittig, med ekstreme mengder stoff av ulike typar
Den sikta professoren
— Eg såg kva som var inni, og tenkte at dette ikkje var god vinningskriminalitet.
Ekstremt og grenseoverskridande
Mannen hadde familie, og jobba både som forskar og undervisar på fleire akademiske institusjonar. Men i samband med livskriser byrja mannen å ruse seg på MDMA og amfetamin.
— Det oppsto ein heilt spesiell situasjon i livet mitt, og eg tok store mengder GHB og ecstacy. Noko av dette har eg vanskar med å forstå når eg sit her i dag. For meg blei løysinga hardt narkotikamisbruk, seier mannen.
Det byrja så smått allereie i 2013, men først det siste året har rusbruken hans tatt heilt av.
— Det siste året har vore heilt ekstremt og grenseoverskridande. Det var heilt vanvittig, med ekstreme mengder stoff av ulike typar. For meg er det litt slik døy eller lev: Slik eg heldt på mot slutten hadde det ikkje gått så bra med meg, fortel han.
Gikk på fengselsdop
Men i fengselet heldt misbruket fram. Då mannen sat fengsla på avdeling A, der fangane gjerne er innelåst på ei celle 23 timar i døgeret, blei løysinga subuxone. Medikamentet blir delt ut til fangar som går på legemiddelassistert rehabilitering (LAR). Utdelinga skjer på ein slik måte at ein kan snike delar av dosen unna, og selje til andre fangar.
Det blei og løysinga for mannen, som tok subuxone fleire gonger i veka.
— Det er det einaste du får tak i i fengselet. Eg er redd for å gjere meg avhengig av det, og for 14 dagar sia stoppa eg med det.
Vil på rusprogram
— Det viktige for meg no er berre å få komme i gang med rusbehandling på eit eller anna vis.
Han håper difor å få dom på narkotikaprogram med domstolskontroll (ND). Programmet er eit alternativ til fengsel, der den domfelte slepp å sone dommen, på vilkår av at han eller ho følgjer programmet, som typisk inneheld rusbehandling, utdanning eller arbeid, samt ei rekke andre tilbod som gjelder helse, fritid og anna.
Dersom han slepp ut gler han seg til å ta fatt på fleire bokprosjekt, undervise, og ta opp att kontakten med familien sin igjen.
Særs rask dom
Aktor i saka, politiadvokat Jan Christian Alvheim, har lagt ned påstand fengsel i to år og ti månader, og at eitt år og ti månader er på vilkår. Forsvarar Stein Erik Ottesen meiner at to år og to månader må vere nok.
Den tiltalte har allereie sona fem månader i varetekt, og dersom Ottesen får medhold for sin påstand i retten, kan han dra rett ut i narkotikaprogram med domstolskontroll.
— Jo fortare eg kjem i ND-programmet, jo mindre sjanse er det for at eg endar opp her i retten igjen, seier mannen.
Dom i saka er venta allereie denne veka.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!