høgskulen på vestlandet

Vart skulda for å bruka harde ord om demokrati ved høgskulen

— Ein kan ikkje kalla ordninga med fakultetsråd for demokratisk, sa styremedlem Sissel Rosland. — Harde ord, var svaret frå rektor Gunnar Yttri.

Fakultetsråd er ikkje demokratiske, sa Sissel Rosland i styremøtet, og viste til at dei berre er rådgivande for dekanen.

Skal Høgskulen på Vestlandet (HVL) ha fakultetsstyre, som kan fatta vedtak, eller fakultetstråd, som nettopp er rådgivande?

I dag har HVL fakultetsråd. Og som Khrono har skrive før, meiner rektor Gunnar Yttri at ein ikkje kan innføra ei eventuell ordning med fakultetsstyre før 2027. Då er det ny styreperiode, og høgskulen satsar på å ha vorte universitet.

Må prosessen ta så lang tid, spurde fleire av styremedlemmene då høgskulestyret drøfta saka 6. februar.

Kapasitet, sa rektor

Tydelegast i kritikken av tidsbruk var Sissel Rosland, som representerer vitskapeleg tilsette. Ho viste til at Forum for høgskuledemokrati, som Khrono har skrive om, nyleg har teke opp saka om fakultetsstyre, og sa at det er stort engasjement på høgskulen om saka.

— Trur me verkeleg at Nokut kjem til å underkjenna søknaden om universitetsstatus fordi me går over til fakultetsstyre, spurde Rosland.

Rektor Gunnar Yttri sa i sitt svar at det er kapasiteten ved høgskulen han er mest uroa over, når ein skal i gang med fleire store prosessar samstundes.

— Eg er oppteken av at det skal verta ein skikkeleg prosess — òg for oss som vil utforska dei ulike løysingane og ikkje har landa, sa han.

I tidslinja som låg i styrepapira, er forslaget at det våren 2026 skal setjast ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på styringsmodell for fakulteta. Vedtak kan fattast i november same år, og så kan ei eventuell ny ordning setjast i verk frå hausten 2027.

Dei interne var samde

Dei siste åra er det fleire saker som skapt reaksjonar blant tilsette ved HVL: Avvikling av bokhandel på campus, strid om arealbruk og private møbel på kontora og overgang frå fire til tre fakultet er saker Khrono har skrive om.

— Dette styret er det einaste organet med reell medbestemming ved HVL. Fakultetsråda er ikkje demokratiske i noka forståing av ordet, sa Rosland.

Ho meiner at høgskulen kan tapa noko på å utsetja saka.

— Misnøye blant tilsette er òg eit problem, sa ho.

Fire andre styremedlemmer, alle interne frå høgskulen, støtta Rosland i at prosessen med utgreiing bør koma i gang.

— Me har gått frå fire til tre fakultet, og er sånn sett den mest sentraliserte høgare utdanningsinstitusjonen, sa Tina Åsgård.

— Mange tilsette opplever mangel på medverknad. Det er ein del råd og utval ved høgskulen, men dei er ofte tilfeldig samansette, og det er uklårt kven som er representerte i desse gruppene, sa Hege Myklebust.

— Universitetsstatus kan vera ein milepæl. Men eg stussar over at det skal ta endå eit år til. Dette er noko me har snakka om lenge allereie, sa Solveig Råheim Grønsdal.

— Det er dumt med pause på eit år. Me vil diskutera denne saka i ope lende, sa Eirik Kyrkjebø.

Kapasitet er eit vektigare argument enn handsaminga av universitetssøknad. Men det er eit sterkt engasjement kring saka, sa Hege Myklebust, og viste til møte i Forum for høgskuledemokrati.

Ny runde

— Harde ord, var kommentaren frå rektor Yttri etter Rosland sitt innlegg om mangel på demokrati.

Han sa i møtet at han er oppteken av å vera offensiv når det gjeld å få ut både informasjon om og innspel til ordninga ein har med råd og utval.

— Me må gjera dette kjent for å kunne utvikla, sa Yttri.

— Oppsiktsvekkande om rektor og styreleiar meiner at ordninga med fakultetsråd er demokratisk, var Rosland sitt svar.

Styreleiar Arvid Hallén hadde då bede om at styret støtta at saka vert sendt tilbake til rektor.

— Då må dette med kapasitet utdjupast, og ein må svara på om det er mogleg at noko i denne prosessen kan koma i gang raskare, sa Hallén.

Støtta tidsbruken

To av styremedlemmene signaliserte at dei støttar den tidslinja som låg i saka.

— Eg har forståing for dette med kapasitet. Det er snakk om store prosessar. Me må heller ikkje ha som premiss at det er fakultetsstyre som er målet, sa Jelle Sebastian Bruin.

— Dette er ein prosess som skal og må ta tid, sa Bjørn Håvard Bjørklund.

Høgskulen på Vestlandet har neste styremøte 5. og 6. mars på Stord.

Powered by Labrador CMS