Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
forskingsfusk
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I 2014 leverte fire legar ved Karolinska institutet ei bekymringsmeldining om forskingsfusk. Dei var uroa over forskinga til professor Paolo Macchiarini.
Nokre år tidlegare hadde han operert inn dei første kunstige luftrøra på pasientar.
Historia er kjend: Fleire av pasientane er døde, Macchiarini mista jobben og rektor ved Karolinska institutet gjekk av. Men no krev varslarane 180 000 kroner i erstatning. Dei krev òg at Karolinska Institutet si avgjerdsle om at varslarane òg vart tekne for forskingsfusk, skal kunne prøvast for ein domsstol. Det er Sveriges Radio som skriv dette.
Totalt vart 43 forskarar – alle medforfattarane på totalt seks vitskapelege artiklar – funne ansvarlege for fusk.
— Karolinska har satsa mykje på å på ulike vis mistenkeleggjera oss. Truleg er denne typen represalier livslange.
Det seier Oscar Simonsson, ein av varslarane, til Sveriges Radio.
Simonsson vart skulda for å ha oppført seg klanderverdig, skreiv KI i avgjerdsla si. Varslarane har på side heile tida meint at Macchiarini villeia både forskarverda og medforfattarane sin når han skildra transplantasjonane som vellukka.
Varslarane har hevda at dei har vorte straffa for å setja søkelys på eit problem ved KI. Tidlegare har dei prøvd å klaga på univeristetet si avgjerdsle, men det er ikkje klagerett på saker om forskingsfusk. No meiner dei at det er eit viktig, prinsipielt spørsmål om det er KI som skal kunne avgjera om dei var delaktige i forskingsfusk, og vil ha saka opp i rettsvesenet.
Les også: Kva er det som gjer at nokre forskarar tek ein snarveg?
Ein uavhengig granskingsrapport frå 2016 konkuderte med at Macchiarini aldri burde vore tilsett, og at verksemda hans skada tilliten til svensk forsking. Men kirurgen vart ikkje funnen skuldig i å ha vore årsaka til andre menneske sin død og alvorleg skade. Saka mot han vart lagt bort, men aktor Anders Tordai sa den gongen at det ikkje var tvil om at Macchiarini oppførte seg aktlaust.
Heile universitetsstyret ved Karolinska Institutet måtte gå av etter Macchiarini-saka. Universitetet ønskjer ikkje no å kommentera det varslarane seier, skriv Sveriges Radio. Dei siterer ein epost der universitete skriv at dei ikkje har nokon kommentarar til påstanden om represalier, og skriv at i følgje gjeldande retningslinjer har alle forskarar eit ansvar når dei medverkar i vitskapelege artiklar.
Nylige artikler
Regjeringen har godkjent konsept for milliardbygg i Bergen
Midlertidig ansatte fikk gjennomslag i New York
Kunnskap svekkes ikke av mangfold, Selbekk
Bekymret for at KI-ansvar lempes over på de ansatte
Førsteamanuensis tiltalt for å bestille overgrep mot barn
Mest leste artikler
Redaktør går hardt ut mot bønnerom og muslimer ved kristen høgskole
NTNU lanserer nytt KI-verktøy. — Tryggeste i Norge
Psykologistudentene studerer 1750 timer for lite
Forsvarets høgskole skal tilby master i krigføring
Studentene jobber mindre med studiene. 136 timer borte siden 2016