sommarintervju

Var klar for å stenga ned allereie i slutten av januar

NHH-prorektor Linda Nøstbakken flytta ut frå kontoret 12. mars. Etter det har ho knapt nok vore innom, og no byrjar ho i ny stilling ved Statistisk sentralbyrå.

Det har vore ein hektisk vår for Linda Nøstbakken. Planen var å avslutta roleg ved NHH, før ho frå 1. mai skulle jobba 80 prosent som forskingsleiar hos SSB.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Hæ, går eg frå akademia?

Linda Nøstbakken smiler.

Fakta

Min sommar

Kva skal du i sommar?

No ser det ut til at det vert sykkeltur i Tyskland, med bil via Danmark. Andre del av ferien vert på Bømlo. Det vert lite museum, men mykje fysisk fostring og frisk luft. Eg har fått gått altfor lite på fjellet denne våren.

Største fordel og bakdel med heimekontor:

Fordelen er at det er effektivt. Ein et frukost, tek med seg kaffikoppen og så er ein på kontoret. Bakdelen er at ein misser all den uformelle praten. Eg trur heimekontor fungerer for ein periode, men alt kan ikkje skje virtuelt.

Beste sommarminne:

Det må vera båtturane frå då eg var lita. Me budde i båt om sommaren, bada og leika og rodde og hadde all verdas tid.

— Det var nokon som spurte om det i går òg, og då måtte eg tenka. Men ja, eg gjer jo det. Men det er ikkje eit så stort sprang når eg går til ei forskingsavdeling full av samfunnsøkonomar. Men eg går frå studentar og undervisning, og det har eg nok ikkje tatt heilt innover meg enno.

Linda Nøstbakken (42) er prorektor for utdanning ved Noregs Handelshøgskule (NHH). Planen var at ho skulle «cruisa inn» denne våren, for frå 1. mai skulle ho vera på plass som leiar for Statistisk sentralbyrå (SSB) si forskingsavdeling. Frå same tidspunkt og fram til sommarferien skulle ho difor jobba berre 40 prosent ved NHH.

Det vart vel ikkje heilt slik.

Sende ut bestilling på digital undervisning

NHH er øvst på lista når ein ser på kva norske utdanningsinstitusjonar som sender flest studentar på utveksling. I vinter viste det seg at det hadde ein ekstra fordel: Allereie i slutten av januar kom meldingane frå Kina.

— Me har studentar der, og såg difor både kor alvorleg viruset var og kva grep som vart tekne, seier Nøstbakken.

NHH-leiinga begynte å planlegga for kva som kunne skje, og sende mellom anna ut bestilling på å få på plass enkle instruksar til korleis halda digital undervisning.

— Betyr det at de skjøna at alt kom til å verta stengt?

— Me såg at det var ein risiko for det og ville difor vera klare i tilfelle, men me hadde vel ikkje sett for oss omfanget av det eller, som alle andre, rekna med at det skulle gå så fort.

Sidan 12. mars har altså Nøstbakken laga seg arbeidsplass heime, og seier at no gjer det henne ingenting at ho brukar heile spisebordet som kontorplass. Det ho har lært seg, etter lange møtedagar med få pausar, er at det kan vera lurt å smørja ein matpakke til seg sjølv om morgonen, elles kan det verta knapt med påfyll i løpet av dagen.

Ho fortel om eit stort trykk frå studentar som ønskte svar på spørsmål i starten. Saman med rektor Øystein Thøgersen spela Nøstbakken mellom anna inn videoar der dei svara på det studentane lurte på.

— Det er når ein tek vekk alt det kjente og byrjar på noko heilt frå starten at ein ser kor god eller dårleg ein er til å informera, seier prorektor.

— Har de fått kjeft?

— Ja, og det har me tatt til oss. Men slik har det vel vore for dei fleste.

Eksamensforma i mange kurs måtte endrast. Det vart deretter sett i gang eit arbeid med å finna ut kva kurs som skulle ha bokstavkarakterar og kva ein skulle endra til bestått eller ikkje bestått. Nøstbakken er tydeleg på at det ikkje er ein ideell situasjon å måtte endra på noko midt i eit semester, når premissane er lagt.

— Ein vel ikkje frå øvste hylle då. Men me bestemte raskt at alle skuleeksamenar skulle erstattast av kortare heimeeksamenar slik at studentane fekk eksamen på same dato som dei skulle hatt.

Det er eit stort byggeprosjekt på gang på NHH. Linda Nøstbakken er på veg ut baktrappa. Denne våren har ho, som veldig mange andre, hatt heimekontor.

Tilfeldig

1. mai byrja Nøstbakken altså i SSB. Som mykje anna, var det eigentleg ganske tilfeldig.

— Søkte du?

— Ja, eg gjorde jo det. Men eg hadde ikkje søkt dersom dei ikkje hadde kome til meg først. Det er ikkje slik at eg har gått og leita etter ny jobb. Eg har det veldig kjekt ved NHH. Likevel freista SSB og forskingsdirektørjobben så mykje at eg kasta meg på, seier Nøstbakken.

At det vart økonomi var òg tilfeldig. Unge Nøstbakken, som vaks opp på Bømlo og mellom anna har jobba på fiskeoppdrett i oppveksten, skulle reisa til Trondheim og verta sivilingeniør. Men som første generasjon Reform 94-barn fekk ho med seg eit økonomifag første året på vidaregåande. Det endra alt.

— Ja, altså, no les han vel kanskje dette. Men eg fekk ein veldig flink lærar, det var nok vel så mykje læraren som faget som vart avgjerande for at eg droppa realfaga og i staden tok økonomifag, seier Nøstbakken.

— Men eg har aldri angra på det!

Det vart NHH, siviløkonomstudium og det som den gong heitte høgare avdeling, med spesialisering i fisk og ressursøkonomi.

— Då fekk eg beskjed om at eg kunne ta doktorgrad. Og eg tenkte at «det kan eg jo», humrar Nøstbakken.

Eg er jo ikkje steingamal endå

Linda Nøstbakken

Eigentleg var tanken å fylla på med nokre ingeniørfag, og kanskje jobba med nettopp havbruk. I staden vart det doktorgrad før fylte 30 og professorstilling i god tid før ho vart 40. Då ho var 39 vart ho prorektor og nestkommanderande etter rektor Øystein Thøgersen.

— Eg er jo ikkje steingamal endå, og eg vil ikkje slutta å forska. Med den nye stillinga kjem eg tettare på det igjen, seier Nøstbakken.

Ho fortel at ho hadde det ho no kallar ein naiv idé om å halda fram med forsking då ho vart prorektor. Ho skulle ha kontor på Institutt for samfunnsøkonomi som ho kunne bruke nokre timar eller dagar i veka. Det fungerte rett og slett ganske dårleg.

— Når ein skal forska må ein ha tid og ro. Men eg har jobba med postdoktorar og rettleidd doktorgradsstipendiatar og masterstudentar. Det har liksom vore hobbyen utanom prorektorjobben, seier Nøstbakken, og humrar igjen.

Trivst som leiar

Då ho gjekk faddervakt og fekk beskjed om at studentane snart kunne passa på vaktene sine barn nattestid, kjente Nøstbakken at ho kanskje ikkje er heilt purung lenger. Men i jobbsamanheng har ho stort sett vore blant dei yngste – fram til no.

— Det fine med stillinga i SSB, i tillegg til at eg får vere del av ei solid forskingsavdeling med eit viktig samfunnsoppdrag, er at eg framleis får ha ei leiarstilling. Eg hadde ikkje vore leiar før eg fekk prorektorstillinga, men eg trivst overraskande godt med det, og eg trivst med å ha moglegheit til å påverka. Det er fint å sjå korleis ein kan få ting og folk til å fungera saman for å nå felles mål, seier ho.

I studieadministrativ avdeling, som ho altså er øvste leiar for, er mellomleiarane på same alder som henne.

— Det er fint. Eg har ofte vore blant dei yngste og i mange samanhengar også einaste kvinne. Det kjem heldigvis fleire kvinner innanfor økonomifeltet etterkvart, sjølv om utviklinga kunne gått fortare.

Linda Nøstbakken skulle verta sivilingenør. I staden vart ho siviløkonom og deretter professor i samfunnsøkonomi.

Vil ikkje flytta austover

No er det ferie. Med dei siste reiseråda ser det ut til at Nøstbakken kjem seg på den lenge planlagte sykkelturen i Tyskland. Elles vert det sommar på Bømlo, med fysisk fostring og god tid.

Eg har ofte vore blant dei yngste og i mange samanhengar også einaste kvinne.

Linda Nøstbakken

Å bruka tid på å flytta til Oslo har ho ikkje planlagt. Planen er i utgangpunktet å vekependla.

— Jo meir eg har vore i Oslo, jo finare synest eg byen er. Men å skulle bu i Oslo, når eg skal bu i Noreg...

Nøstbakken har kjøpt seg ein stor pakke munnbind, og har allereie vore nokre gongar på det nye kontoret. Og sjølv om ho er ærleg på at ho truleg har fått gjort meir denne våren, heime i eige selskap, saknar ho kollegaer.

— Det er effektivt med digitale møte. Ein loggar på, og så loggar ein av. Men ein misser alt det uformelle, som praten på veg inn og rundt kaffimaskina. Det er veldig kjekt å treffa dei eg skal jobba med; å sjå at dei har kropp og faktisk bevegar seg etter mange veker på Teams.

Powered by Labrador CMS