Vald eller tilsett rektora handlar om kor sterkt departementet skal få styre høgskulen, meiner rektor i Volda, Johann Roppen. Foto: Veronica Turnage, Peikestokken
Vald eller tilsett rektora handlar om kor sterkt departementet skal få styre høgskulen, meiner rektor i Volda, Johann Roppen. Foto: Veronica Turnage, Peikestokken

Ny leiarmodell opp til debatt i styret i Volda

Mange har allereie gjort det. No er det Volda sin tur: Styrediskusjon om dei skal ha vald eller tilsett rektor.

Publisert Oppdatert

På neste møte, 28.oktober,  skal styret ved Høgskulen i Volda diskutere ny leiarmodell. På lik linje med dei fleste andre i sektoren så når no debatten Volda også. 

Det konkrete høvet som gjer dette naturleg no, er at administrerande direktør Jacob Kjøde, melde ifrå på siste styremøte, i byrjinga av september, at han vil gå av med pensjon i juli 2017. 

(Foto: Høgskulen i Volda)

På oktoberstyremøtet vil høgskulestyret diskutere både styringsstruktur og utlysing av direktørstillinga, heiter det på heimesida til høgskulen.

Tilsett rektor betyr mindre sjølvstyre og meir styring frå departe-mentet.

Johann Roppen

Styret har bede om utgreiing

Jacob Kjøde jr har vore direktør på Høgskulen i Volda sidan september 2001. Då kom han frå stillinga som direktør for Volda sjukehus og var før det fagleg tilsett på Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda.

Juli 2017 er midtvegs i den første perioden til vald rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda. Han tok til i jobben 1.august 2015 og har eit åremål fram til 1.august 2019. 

Roppen seier til Khrono at det så langt ikkje har vore nokon debatt internt ved høgskulen om leiarmodell. 

— Men styret har no bede om at vi skal diskutere saka på førstkomande styremøte i oktober, seier rektoren og det heng saman med at ein også skal lyse ut direktørstillinga. Rolla som direktør ved høgskulen vi endre innhald alt ettersom ein har ein vald eller tilsett rektor. 

Høgskuledirektøren kjem til å skrive ei notat som bakgrunn for diskusjon i styret. 

Rektor Roppen sjølv er trygg på kva han meiner er den beste leiarmodellen: 

Roppen går for vald rektor

— Eg har blogga om dette, og tidlegare sagt at eg meiner det er best med vald rektor. Eg meiner også at vi bør vere ferdige med strategiprosessen før vi eventuelt gjer endring i organisasjonsmodell. meiner han. 

Roppen sjølv blei vald til rektor utan motakandidat og der berre 190 av rundt 4000 studentar med røysterett deltok i valet. Også valrunden fire år tidlegare vann Per Halse utan motkandidat. 

Les også: Vald eller tilsett rektor - er det eigentleg spørsmålet?

«For kvart val som går utan to kandidatar å velgje mellom – til større grunn er det til å spørje seg om tida er ute for valgt rektorat», skriv også Roppen i bloggen sin.

Men han meiner at sjølvstende og mindre styring frå departementet er det viktigaste argumentet for vald rektor: 

— Det handlar om kor sterkt departementet skal få styre høgskulen. Tilsett rektor betyr mindre sjølvstyre og meir departementsstyre, seier Roppen. 

Han viser til at ved tilsett rektor så skal departementet oppnemne ekstern styreleiar. Ved vald rektor, blir rektoren sjølv styreleiar. 

Departementet styrer meir

— Alle som følgjer med ser kva for ein veg det går i sektoren, departementet styrar stadig meir, meiner Roppen. 

1.juni i år blei universitets- og høskulelova endra, slik at det er tilsett og ikkje vald rektor som er normalmodellen.

Dei siste to åra har desse institusjonane gått frå vald til tilsett leiing: 

  • Høgskolen i Hedmark
  • Høgskolen i Lillehammer
  • Høgskolen i Oslo og Akershus
  • Norges handelshøyskole (NHH)
  • Universitetet i Stavanger (f.o.m. 2019)
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

Dei nye institusjonane, Nord universitet og Høgskolen i Sørøst-Norge, har begge tilsett rektor etter fusjon. Også Høgskulen på Vestlandet, som skal vere ein realitet frå 1.januar 2017, vil ha tilsett rektor. 

Styret ved UiT Norges arktiske universitet skal røyste over leiarmodell i sitt møte førstkomande torsdag. 

Les også:

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!