Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Hit kan du reise på utveksling
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka er oppdatert)
Dei aller fleste offentlege universiteta og høgskulane Khrono har vore i kontakt med, har konkludert med at dei ikkje opnar for utveksling til land utanfor Europa våren 2021.
Alle desse har meldt at utveksling til land utanfor EU/EØS, Sveits og Storbritannia er avlyst:
Til gjengjeld opnar dei alle for at studentar kan reise på utveksling til land i Europa.
Med det har ANSA-president Morgan Alangeh fått den avklaringa han etterlyste for eit par veker sidan, frå dei aller fleste institusjonane på korleis det blir med utveksling til våren.
— No er det viktig at denne informasjonen kjem ut slik at studentane kan byrje å planlegge og ikkje minst glede seg til våren. Vi etterlyser rett og slett meir og konkret informasjon frå dei enkelte institusjonane. Det kan vere viktig for motivasjonen til den enkelte, poengterte Alangeh den gong.
Ved Universitetet i Bergen har dei no landa på at dei også avlyser utveksling til land utanfor Europa, med eitt unntak.
— Det er for studentar kor utveksling eller praksis utanfor Europa inngår som ein obligatorisk del av utdanninga, skriv viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, i ein SMS.
Høgskulen i Volda har ikkje teke ei endeleg avgjerd for korleis det blir med utveksling til våren, men rektor Johann Roppen peiker på at det høgst sannsynleg vil vere mest realistisk med ut- og innveksling mellom land i Europa.
Høgskulen har likevel opna for at studentar no kan søke om utveksling.
— Internasjonalt kontor melder om at det er ca halvparten så mange studentar som har vist interesse for utveksling for våren 2021 samanlikna med tidlegare år, skriv rektor Johann Roppen i ein e-post og opplyser at ei avgjerd vil bli tatt i slutten av månaden.
Nord universitet køyrer sin eigen vri. Der vil dei til våren gjennomføre inn- og utveksling i studieprogram der dette er ein obligatorisk del av studiet.
— Dette gjer vi for å sikre studieprogresjonen til studentane. All annan inn- og utveksling som ikkje er obligatorisk blir kansellert pga. usikkerheita som koronasituasjonen skaper, skriv prorektor for utdanning, Levi Gårseth-Nesbakk i ein e-post.
Kunsthøgskulen i Oslo (KHiO) er blant dei som har avlyst utveksling til land utanfor EU/EØS, samt Storbritannia og Sveits.
I tillegg har dei andre atterhald. Studentane som ønskjer å reise kan ikkje tilhøyre ei risikogruppe og kan heller ikkje reise til land som er merkt raudt eller står på lista over land Utanriksdepartementet rådar folk til å ikkje reise til.
— KHiO må også ha utvekslingsavtale med den aktuelle skulen. Den enkelte må også være budd på at utvekslingsopphaldet kan bli avbrote dersom Covid 19-situasjonen forverrar seg vesentleg ved vertsinstitusjon eller i vertslandet, skriv leiar for kommunikasjonsteamet ved KHiO, Atle Faye i ein e-post.
Koronapandemien har sett sitt preg på internasjonaliseringa ved høgskulane og universiteta.
ANSA-presidenten bad dei ulike utdanningsinstitusjonane kome med ei avklaring for eit par veker sidan.
— Tidlig informasjon kan vere viktig for motivasjonen til studentane, sa ANSA-president Morgan Alangeh til Khrono den gong.
Likevel er det no nokre som melder om at usikkerheita koronapandemien skaper, gjer at interessa for å reise ut er mindre enn før. Blant dei Høgskulen i Volda og Høgskulen på Vestlandet.
— Interessa for å søke om å reise på utveksling er betydeleg mindre i år enn vanleg blant studentane våre, skriv nestleiar i Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon ved HVL, Elin Kvaale.
Andre, blant anna Universitetet i Agder, melder om det motsette, at søknadstala for utreisande studentar ligg på same nivå som tidlegare.
Sjølv om dei aller fleste berre opnar for utveksling til andre europeiske land våren 2021, er nokre av institusjonane meir opne når det gjeld innveksling.
Både NMBU og Universitetet i Agder melder til Khrono at dei har opna for normal innveksling, uavhengig av kva slags land studentane måtte kome frå.
— Vi har rekordhøy søkning til UiA for våren 2021 og ligger an til å motta flere innreisende studenter i vårsemesteret enn noen gang før. Studenter som kommer hit må selvfølgelig følge nasjonale retningslinjer for smittevern og karantene, skriv studiedirektør Greta Hilding i ein e-post til Khrono.
To institusjonar, NTNU og Arkitekt- og designhøgskulen, opplyser at dei berre tillet innreise frå andre europeiske land.
(Oppdatert 15.10 kl. 14.58: Med ny info frå Universitetet i Bergen. Samisk høgskule har ikkje svart på Khrono sin førespurnad enno.)
Nylige artikler
Campuspoliti og ICE samarbeider: — Vi er redde
Bjørn Ole Raschs kontor er ryddig. I hvert fall inne i hans eget hode
Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas
NMBU-ansatte både hyller og refser omstridt reklame
Norske studenter reiser ut som aldri før. Even (25) har tatt det enda et steg lenger
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat