Kortnytt

USN vil legga til rette for utveksling

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Søraust-Noreg vil legga til rette for utveksling i Europa i vårsemesteret. Unntaket er praksisutveksling for mellom anna helsefag og lærarutdanning. Dette kjem fram i ei meldig på USN sine interne sider.

I haust er det berre Musikkhøgskolen og UiB som ikkje har sagt nei til utveksling. Men fleire håpar å kunne opna for utveksling etter jul.

Utvekslinga i Europa vil kunne skje til universitetet sine samarbeidspartnarar, og det vil ikkje verta lagt til rette for utveksling utanfor Europa. USN vil òg legga til rette for innveksling til dei internasjonale programma deira.

Kunnskapsdepartementet har sagt at både studium i utlandet og utveksling som del av studium vert definert som naudsynte reiser.

Universitetet i Oslo har òg sagt at dei ønskjer å legga til rette for utveksling i vårsemesteret.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS