Pandemi
Utgifter på 20 millionar til smittevernvakter. UiB åleine brukar 14 av dei
Universitetet i Bergen brukar nær tre gonger så mykje som alle andre universitet og høgskular til saman på smittervernvakter.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Nokre stader har dei rigga ein dugnad mellom dei tilsette for å passe på litt ekstra, enkelte har brukt nokre tusenlappar til t-skjorter.
Andre har brukt millionar av kroner på ekstra mannskap.
Universitetet i Oslo opplyser at dei ikkje veit kor mykje pengar dei har brukt på smittevernvakter.
Mest bruker Universitetet i Bergen (UiB), viser tal Khrono har fått frå institusjonane. Haustsemesteret 2020 bladde UiB opp 8,7 millionar kroner for å betale smittevernvakter. Oppdraget for vaktene har vore å passe på og rettleie tilsette og studentar i bygg og lokale under pandemien. Fram mot sommaren reknar UiB med å bruke 5,5 millionar til. Totalt brukar universitetet då 14,2 millionar på smittevernvakter på dei to semestera.
Det er bortimot tre gonger så mykje som alle andre universitet og høgskular oppgir at dei vil bruke i den same perioden, til saman.
NTNU: Null til smittevernvakter
Fem av universiteta, blant dei Noregs største, NTNU, har ikkje brukt smittevernvakter i pandemien i det heile.
«Vi har ikke brukt smittevernvakter i pandemien, vi har brukt ressurser på informasjon, veiledning og dialog med studentene. Våre studenter har under pandemien vært veldig flinke til å overholde smittevernregler og vi har heldigvis så langt hatt få tilfeller av smittede på campus. Vi har heller ikke registrert at noen er blitt smittet på våre campus», skriv avdelingsdirektør Ingrid Volden i ein e-post.
Totalt kjem norske universitet og høgskular – utanom UiB – til å bruke rundt 4,5 millionar kroner til smittevernvakter. Utanom UiB, er det berre Høgskulen på Vestlandet og OsloMet som bikkar millionen i ekstrautgifter til smittevernvakter. Ekstra utgifter til andre tiltak, som ekstra reinhald, er ikkje tatt med i denne oversikta.
UiO: Kjenner ikkje til eigne kostnader
I ein e-post frå kommunikasjonsavdelinga får Khrono opplyst at UiO «sentralt og på fakulteter ved noen anledninger hatt behov for bistand til adgangskontroll og lignende i forbindelsen med pandemien, og har i denne sammenheng leid inn vakter eller vektere til dette».
Khrono har kontakta direktør for økonomi- og virksomhetsstyring, Ellen Johanne Caesar ved UiO, på e-post og telefon med spørsmål om utgifter til smittevernvakter, men har så langt ikkje fått svar.
Den totale oversikta for alle institusjonane er dermed noko usikker.
Med dei opplysningane Khrono har, vil statlege og vitskaplege forskings- og utdanningsinstitusjonar bla opp nærare 20 millionar kroner for å lønne smittevernvakter hausten 2020 og våren 2021.
Nokre tusenlappar – og gjenbruk av t-skjorter
Til liks med NTNU har heller ikkje Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), Nord universitet, Universitetet i Søraust-Noreg og Universitetet i Agder (UiA) hatt utgifter til smittevernvakter.
Det same gjeld Høgskulen i Volda, Noregs idrettshøgskole, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Samisk høgskole.
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Ved UiA har dei brukt det dei kallar «trivselsvakter» i dei første vekene av haustsemesteret 2020 og vårsemesteret 2021. Dei har i all hovudsak vore vanleg tilsette som har tatt vakter som del av sine arbeidsdagar, får Khrono opplyst. Litt utgifter har dei hatt – innkjøp av t-skjorter til vaktene for nokre tusenlappar.
«T-skjortene samles inn og gjenbrukes», så det forventes ikke vesentlige nye utgifter til dette i 2021», fortel konstituert kommunikasjonsdirektør Øivind Eskedal.
Også Høgskolen i Innlandet har organisert trivselsvakter, i samarbeid med Studentsamskipnaden, men med ein kostnad. Den er estimert til cirka 200 000 kroner.
UiB: — God investering
— Eg har ikkje kunnskap om dei andre institusjonane sine tiltak. Men eg oppfattar at UiB har tatt hand om dette på ein veldig god måte, og smittevernvaktene er ein viktig dimensjon i arbeidet. Med det meiner eg at tiltaka er dimensjonerte etter utbrot, erfaringar undervegs og nasjonale – og ikkje minst lokale forskrifter, seier Robert Rastad, universitetsdirektør ved UiB.
Rastad, som er relativt fersk i jobben som universitetsdirektør, var sjølv sentral i å utforme retningslinjer og tiltak i jobben han kom ifrå, som kommunaldirektør i Bergen kommune.
— Det har vore ei rekke periodar med lokale tiltak i Bergen der eigne tiltak har vore nødvendige for å kunne halde campus ope. For oss har smittevernvakter vore viktig i det, og dermed ei god investering, seier han.
Rastad seier UiB har lagt vekt på å halde oversikt over kostnader knytt til pandemien. Han avviser likevel ikkje at UiB kan ha tatt for hardt i.
— Det er interessant at det er så store forskjellar, og om andre har løyst ting på andre måtar, er dét naturleg å sjå nærare på. Om vi har overdimensjonert dette eller ikkje, må seinare bli del av evalueringa.
Ifølgje Studvest engasjerte UiB rundt 100 smittevernvakter for hausten 2020 og tilsette i tillegg 70 nye.
Halvparten er studentar i deltidsjobb, resten kjem frå gruppa som til vanleg tar eksamensvakter.