universitetet i bergen
Uroa over pandemi-konsekvensar for forskinga
Kva konsekvensar får pandemien for forsking på lang sikt? Det spørsmålet vert stilt når Universitetet i Bergen har styremøte torsdag.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Det vert fortløpande vurdert korleis ein kan støtta forskarane slik at forskinga ikkje vert endå meir skadelidande.
Det heiter det i sakspapira til universitetsstyremøtet ved Universitetet i Bergen (UiB). Møtet startar 10.mars klokka 10, og du kan sjå det direkte her.
Uroa for dei unge
Når pandemien i alle fall er på hell, og tilsette og studentar er attende på campus, handlar saka, som så mange gongar før har tittelen «Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemien (COVID-19)», mest om at det er slutt på heimekontor og at utvekslingsstudentar i ei viss grad er på plass. Men det er òg uro i saksframstillinga.
— Det er særleg uro over kva konsekvensar forskinga kan få i eit langsiktig perspektiv. Fakulteta oppgir framleis at den store omlegginga til digital undervisning har vore krevjande og lite føreseieleg, og at undervisnings har hat forseinkingar i leveransar eller vorte kansellert. Dette har gitt både faglege og finansielle implikasjonar, heiter det.
Ser ein på dei yngre forskarane, har talet på doktordisputasar vore ganske stabilt. Men universitetsleiinga er uroa over dei som har vorte tilsett som stipendiatar under pandemien eller som nettopp hadde kome i gang då landet vart råka av den første smittebølgja og stengde ned.
Budsjett, medarbeidarsamtalar, strategi
Elles skal styret både handsama sak om nye reglar for Universitetsmuseet, dei skal i gang med ny strategiprosess og dei skal vedta handlingsplan for mangflad, inkludering og likestilling.
Dette er heile lista:
S 16/22 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 17/22 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 2.2.2022
S 18/22 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 19/22 Årsrapport for Universitetet i Bergen 2021
S 20/22 Mobilisering til Horisont Europa
S 21/22 Handlingsplan for mangfold, inkludering og likestilling 2022 – 2026
S 22/22 Ny strategi for Universitetet i Bergen
S 23/22 Budsjettprosessen for 2023
S 24/22 Midlertidige ansettelser ved UiB - Status og videre tiltak
S 25/22 Medarbeidersamtaler ved UiB
S 26/22 BOTT Økonomi og lønn. Status for prosjektet pr februar 2022
S 27/22 Tiltaksplan for anskaffelser 2022
S 28/22 Prosjektplan - Internrevisjon Informasjonssikkerhet og GDPR
S 29/22 Nye regler for Universitetsmuseet i Bergen
S 30/22 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemien (COVID-19)
Orienteringer
Eventuelt
Nylige artikler
Lærebøker må få sitt Spotify-øyeblikk
Reagerer på høye poengkrav. — Haster å få på plass nytt opptakssystem
Hvorfor faller søkertallene til IKT-utdanningene?
Poengkrav til værs for sykepleie. Men Jenny (22) kom inn på drømmestudiet
Europa satser på livsvitenskap – Norge må ikke bli stående igjen
Mest leste artikler
Vi drukner i verdiløse publikasjoner
Fakultetsdirektøren fyrte løs mot LinkedIn. Nå raser debatten
Klamt og kleint på LinkedIn
30 grader på kontoret. — Nå gir jeg opp
Reagerer på framstilling av mannlige studenter:— Hersketeknikk