universitetsallianse
Jublar for innpass i allianse: — Vi er stolte
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har for første gong fått status som European University (EUI).
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er no ein av 12 norske forskings- og utdanningsinstitusjonar som har den prestisjefylte statusen som European University.
I ei pressemelding skriv HVL at dei denne veka fekk beskjed om at dei var ein av 130 andre europeiske institusjonar som fekk innvilga søknadane sine om å bli del av ein universitetsallianse.
Som Khrono skreiv tysdag, fekk også Høgskolen i Innlandet (HINN) innpass i EUI denne veka.
— Styrkjer oss
Både HVL og HINN er i søknadsprosessar om å gå frå høgskule til universitet. HINN har kome lengst, og i midten av juni fekk dei beskjed frå den sakkunnige komitéen i Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) om at dei no innfrir alle krava som skal til for å kunne nå målet om universitetsstatus.
HVL sende på si side av garde søknaden tidlegare i juni, og Gunnar Yttri har tidlegare uttala at det ikkje er usannsynleg at HVL blir universitet allereie frå hausten 2025 av, men at dette kjem an på sakshandsaminga i Nokut.
Universitetsstatus eller ei, HVL har no altså fått innpass i EUI, noko som gler rektor Gunnar Yttri.
— Vi er stolte over vår nye status som European University. Dette styrkjer oss som utdannings- og forskingsinstitusjon, uttalar rektoren.
— Ei spanande tid
Yttri poengterer vidare at EUI er den fremste utmerkinga innan europeisk utdanningssamarbeid, og at HVL no får høve til å styrke den internasjonale orienteringa si, samstundes som innverknaden av HVL sine utdanningar og forsking kan bli større.
— Det er verkeleg ei spanande tid for HVL, våre studentar og tilsette, og for våre mange samarbeidspartar i privat og offentleg sektor på Vestlandet, seier Yttri.
Den nye universitetsalliansen som HVL inngår i har namnet ARTEMIS.
Direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Sveinung Skule, gratulerer både HVL og HINN med statusoppdateringane.
— Universitetsalliansane er EU sitt flaggskip for kvalitet og nyskaping i høgare utdanning, seier Skule.
I ARTEMIS er det sju partnarar i tillegg til HVL:
- Université Clermont Auvergne (UCA), Frankrike
- University of Ioannina (UOI), Hellas
- Ovidius University of Constanta (OUC), Romania
- VIVES University of Applied Sciences (VIVES), Belgia
- Ostbayerische Technische Hochschule (OTH), Tyskland
- Tallin University of Applied Sciences (TTK)
- University of Perugia, Italia (UniPG)

Nylige artikler
Ønsker å bli kvitt navnetradisjonen. Vil ikke være professor emerita
Sveits strammar inn etter spionskandale
Tore Hansen (1942 — 2026)
Sykepleierstudenten har en dødelig sykdom. Mens han kan, vil han hjelpe andre
— Heilt sidan eg fann ut at ein kan ta doktorgrad, har det vore ein draum
Mest leste artikler
Støttet demonstrantene. Mister jobben etter 20 år på universitetet
Sykepleierstudenten har en dødelig sykdom. Mens han kan, vil han hjelpe andre
Synkende tillit til dette forskningsfeltet: «Kjøpt og betalt, ikke tro på ham»
Robert Buch (1982—2026)
Voldsdømt student saksøker staten for å få jobbe med elever