praksis

Universitetet i Bergen må droppa populært praksisemne

Universitetet i Bergen har eitt ope praksisemne. Til våren kan ingen studentar ta det.

Nettverk, referansar, sjølvtillit. Det får studentar med seg etter å ha tatt eit praksisemne, seier universitetslektor Kristian Bjørkelo. Han har hatt ansvar for emnet Praktisk informasjonsarbeid sidan 2009. No er det berre han som driftar heile emnet.

Praksis er ein sjølvsagt del for ein del studentar, som dei som skal verta legar, sjukepleiarar, lærarar eller fysioterapeutar. Men for studentar som tek dei tradisjonelle universitetsfaga, som filosofi, litteraturvitskap og statsvitskap, er ikkje praksis så sjølvsagt.

Den nasjonale arbeidslivsportalen skulle det gjera det lettare å få til praksis for alle studentar. Men no er det bestemt at denne ikkje vert ein portal for praksis for studentar som tek disiplinfag. Praksis for desse studentane bør vera utdanningsinstitusjonane sitt eige ansvar, sa Arne Benjaminsen nyleg til Khrono. Benjaminsen er universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo (UiO), men i denne samanheng leiar for Digitaliseringsstyret i Sikt.

Ved universitetetet der Benjaminsen er ein del av leiinga, finst det fleire emne disiplinfagstudentar kan ta. Dette er populære emne studentane søkjer seg til.

Ved Universitetet i Bergen (UiB) vedtok fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet derimot nyleg å ikkje utvida stillingsressursen knytt til emnet Praktisk informasjonsarbeid. Dette er det eine emnet som er ope for alle studentar, og som særleg trekkjer til seg studentar frå Det humanistiske og Det samfunnsvitskapelege fakulteta.

Konsekvensen vert at det ikkje vert teke opp studentar til våren.

Leitar etter løysingar

— Faget har vore ein enorm suksess, me får tilbakemeldingar som varmar gjennom heile vinteren. Men det kostar, seier Kristian A. Bjørkelo.

Han har hatt ansvar for faget sidan 2009, med unntak av nokre år der han hadde permisjon for å skriva doktoravhandling.

Bjørkelo er tilsett i 75 prosent stilling. Tidlegare har han i tillegg til å administrera og undervisa sjølv kunne brukt timelærarar. Det er det slutt på.

— No skal eg bruka vårsemesteret til å sjå på kva andre løysingar som finst. Kanskje er det andre på fakultetet som kan ta noko av undervisninga, eller kanskje er det mogleg å få eksterne inn, seier Bjørkelo.

Kortar ned ventetid

Dei som tek emnet Praktisk informasjonsarbeid får intensiv undervisning i fem veker. Deretter vert dei sende ut i praksis, både i offentlege verksemder, i privat sektor og i kulturlivet.

— Det er ikkje sant at studentar med humanistiske eller samfunntvitskapelege fag ikkje får relevant jobb. Men av og til tek det litt lenger tid, og eg plar seia at me kortar ned ventetida til dei får jobb. Mange av dei går inn i stillingar der kommunikasjonsarbeid, anten eksternt eller internt, er ein del av oppgåvene, seier Bjørkelo.

Han seier at han meir avdekkar kompetanse enn å undervisa.

— Eg prøver å forklara studentane at «du er arkeolog, så du kan dette» eller «du er nordist, og det er viktig med eit godt språk».

Bjørkelo seier at han ser at dei studentane som har teke master er ekstra svoltne på praksis. Samstundes er det ikkje alle studentar som ønskjer praksis, og det må ein respektera, seier universitetslektoren.

Eit vanleg semester er det femten studentar som tek dette emnet, nokre gongar litt fleire. I tillegg finst det andre praksisemne ved UiB, som Praksis i samanliknande politikk og Praksis i arbeidslivet, som er eit emne for studentar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Fekk engasjement etter praksis

I Oslo har Aurora Lauvanger utsett mastergraden sin. Ho tok emnet «Mediestudenter i praksis» i vår, og hadde praksis hos Stiftelsen Festivalkontoret.

— Eg valde å ta eit praksisemne fordi eg ikkje var sikker på kva graden min kunne brukast til, mykje var litt abstrakt, seier Lauvanger, som har bachelor i medievitskap.

Ho hadde to månader praksis og var då med på å arrangera Arabiske filmdager. Deretter fekk ho eit engasjement denne hausten, der ho har jobba med Oslo Pix Filmfestival.

— Å ha praksis var veldig gøy. Først var det skummelt, men eg synest det var ein lågterskelmåte å koma inn i arbeidslivet på — når ein har praksis er ein der for å læra og det er heilt greitt å stilla spørsmål, seier Lauvanger.

Ho seier at ho såg at kompetanse ho har fått gjennom studia, som ho ikkje trudde var relevant, viste seg å vera det.

— No skal eg tilbake til UiO og planlegg å ta ein master, seier Lauvanger.

Kva kan ein medievitar brukast til? Aurora Lauvanger hadde praksis hos Stiftelsen Festivalkontoret og var med på å arrangera filmfestival. Deretter har ho hatt eit engasjement hos same arbeidsgivar.

22 emne ved UiO

Aurora Lauvanger er berre ein av mange studentar som tek praksis ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. 22 emne, flest på masternivå, inneheld praksis.

— Me ser at studentane er meir nyfikne enn før på kva arbeidsliv som ventar dei, seier prodekan Gunn Enli.

Ho seier at gjennom praksis får studentar både kontaktar og røynsle frå arbeidslivet. Ein god del får tilbod om sommarjobb eller andre engasjement, og nokre får fast jobb.

— Men me vil jo helst at dei studerer ferdig hos oss først, humrar Enli.

Ho har ikkje tru på nokon arbeidslivsportal for disiplinfaga.

— Me treng ikkje den typen kontakt. Me treng å vera i kontakt med arbeidslovet og må jobba fram kvar enkelt avtale. Å ha studentar ute i praksis krev noko av universitetet, me kan ikkje berre senda dei ut. Dei får fagleg og administrativ oppfølging på førehand, vert førebudde på praksis, og nokre gonger får dei besøk frå UiO i løpet av praksisperioden.

Nokre av emna ved UiO er særleg populære, det gjeld til dømes praksisplassane ved Utanriksdepartementet sine utanriksstasjonar.

— Hit må studentane søkja seg. Samstundes er det ikkje alle studentar som ønskjer å ta praksisemne, og eg er skeptisk til at praksis er noko me skal pressa på alle, seier prodekanen.

Eigen portal ved NTNU

Ved NTNU finst det ein eigen portal med relevante stillingar for studentar. NTNU Bridge er ein stad der verksemder kan legga inn relevante studieoppgåver, praksisplassar og stillingar for studentar.

— Det er som eit slags Jobbnorge eller finn.no, laga av og for NTNU, seier Simon Lie, prosjektleiar for NTNU Bridge.

Han seier at studentar spør etter kontakt med arbeidsgivarar.

— Og dei er nok meir medvitne enn før om karriere.

NTNU har fleire emne med praksis, mellom anna Humanister i praksis, som er eit emne for masterstudentar.

Slik kan praksis vera. Aurora Lauvanger (til høgre) var med på å arrangera filmfestival.
Powered by Labrador CMS