universitetet i oslo:

UiO vil legga ned det sjukepleiefaglege miljøet

Forskerforbundet reagerer på at dei ikkje har vorte informert om at heile det sjukepleiefaglege miljøet ved Universitetet i Oslo kan verta lagt ned.

Grunnutdanninga i sjukepleie får ein ved OsloMet, men mastergrad kan ein ta ved Universitetet i Oslo. No kan heile sjukepleiemiljøet ved UiO verta lagt ned.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tysdag morgon skal instituttrådet ved Institutt for helse og samfunn (Helsam) ved Universitetet i Oslo (UiO) ha ekstraordinært møte. På sakslista står ei einaste sak: Etablering av masterprogram i Avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS).

For omlag eit år sidan vedtok universitetsstyret ved UiO å legga ned masterprogrammet i avansert geriatrisk sjukepleie og i staden etablera AKS. Eit slikt program skal i tillegg til mastergrad òg leia fram til spesialiststatus som sjukepleiar. Forseinkingar gjorde at ein så langt ikkje har tatt opp studentar til det nye programmet. No føreslår altså instituttleiinga at programmet ikkje skal opprettast likevel.

Legg ned heile miljøet

— Er dette rett måte å gå fram på, spør Hilde Wøien.

Saman med Line Kildal Bragstad reagerer ho på at det er økonomiske argument som er brukt i saksframstillinga. Både Wøien og Bragstad er førsteamanuensar ved instituttet.

Heile miljøet vil verta lagt ned, det synest eg er alvorleg.

Hilde Wøien, førsteamanuensis sjukepleievitskap

— Heile miljøet vil verta lagt ned, det synest me er alvorleg. Me meiner UiO har eit ansvar for utdanning av høgt kvalifisert helsepersonell inkludert sjukepleiarar til helsetenestene, seier Bragstad.

Sjølv er ho ergoterapeut, Wøien er sjukepleiar.

Bragstad seier til Khrono at ho synest det verste med saka er framstillinga i sakspapira.

Line KIldal Bragstad. Foto: UiO

— Instituttrådet skal gi råd, men dei skal gi det på bakgrunn av dei opplysningane dei får. Her er det berre brukt økonomi som argument, ein ser vekk frå dei faglege argumentam, seier Bragstad.

Førsteamanuensane fortel at det er fem fulle stillingar knytt til sjukepleievitskapmiljøet. Men fleire har eksternt finansierte stillingar, og nokre har delte stillingar. Mange er tilsette i mellombels stillingar, inkludert ei rekkje stipendiatar og postdoktorar.

— Totalt er det snakk om nærare 40 personar, seier Wøien.

I saksframstillinga vert det peika på at AKS-programmet vil vera meir ressurskrevjande enn dei andre masterprogramma ved instituttet.

Hilde Wøien sit ikkje i instituttrådet, og såg ikkje sakspapira før måndag. Foto: UiO

— Det er inga overrasking sidan det dreiar seg om ei klinisk utdanning, seier Wøien. Det vert òg peika på at det har vore vanskeleg å fylla studieplassane innan både sjukepleievitskap og geriatriavansert geriatrisk sjukepleie.

Konklusjonen er i sju punkt, der dei to siste er at dersom ein ikkje opprettar AKS vil ein kunne overføra studieplassane til andre studieprogram. Og:

— Konsekvensen av å ikkje oppretta AKS inneber i praksis at me legg ned det sjukepleiefaglege miljøet ved UiO.

Dette reagerer Bragstad og Wøien på. Dei meiner dessutan at forhandlingsplikta er broten.

— Det er eit råd som skal handsama saka no. Men det er lett for fakultetsstyret å støtta det som vert sagt der, basert på høgst uklare kalkylar.

Vil ha møtet utsett

Også Forskerforbundet meiner at forhandlingsplikta ikkje er følgt opp.

— Det me reagerer på er at dette skulle vore drøfta i forkant. Me kan ikkje sjå at me har vorte informert. Korona eller ikkje korona, så skal dette drøftast, seier Belinda Eikås Skjøstad, som er hovudtillitsvalt for Forskerforbundet ved UiO.

Ho seier at Forskerforbundet no har krevd at saka vert utsett.

— Dette berører både tilsette og eit heilt fagmiljø, seier Skjøstad.

Instituttet: Skal få uttala seg

— Fagforeiningane vil få moglegheit til å uttala seg, når saka kjem til fakultetsstyret.

Det seier Terje P. Hagen, som er instituttleiar ved Institutt for helse og samfunn.

Fagforeiningane vil verta orienterte før saka skal til fakultetsstyret, seier instituttleiar Terje P. Hagen. Foto: UiO

Han understrekar at saka er ei orienteringssak, i eit råd som ikkje har vedtaksfullmakt.

— Saka skal til fakultetsstyret, og deretter heilt til universitetsstyret, seier Hagen.

— Kvifor kjem dette no, midt under korona-utbrotet?

— Det var kalla inn til dette møtet før koronaepidemien. Dette er ei sak instiuttet har diskutert i to år, og som dei tilsette har vore orienterte om, seier Hagen.

Han seier at saka har samanheng med diskusjonen om opprettinga av AKS.

— Det står i sakspapira at det sjukepleiefaglege miljøet vil verta lagt ned. Kva vil det bety for dei tilsette?

— Me har sjukepleiarar ved andre avdelingar. Men dette vil vera ei klar svekking av det klinisk orienterte sjukepleiarmiljøet, det stemmer, seier Hagen.

Instituttleiar: Økonomi er viktig

Instituttleiaren seier at den økonomiske sida ved saka er viktig, og betyr noko i vurderinga som er gjort. På kort sikt vil det ikkje bety så mykje, heiter det i saksframstillinga, men meir på lang sikt.

— Men i tillegg har me rekruttert dårleg til masterprogramma i sjukepleie. Dels trur eg det heng saman med at me ikke har grunnutdanning for sjukepleiarar, og dels heng det truleg saman med at dei som vil ta masterutdanning hos oss ikkje har fått fri frå arbeidsgivar. Dette er erfaringsbaserte masterprogram som ein tek over tre eller fire år, seier Hagen.

— Forskerforbundet seier at dei vil ha møtet utsett. Vil de gjera det?

— Nei, det er naturleg at organisasjonane blir konsultert etter at me har sendt saka til fakultetet og før saka vert handsama i fakultetsstyret - som er det organet som fatter vedtak i desse spørsmåla, seier Hagen.

Powered by Labrador CMS