ny jobb
UiO-student blir politisk rådgivar for Borten Moe
Signe Bjotveit (23) hadde sin første dag på jobb i Kunnskapsdepartementet måndag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Den nye forskings- og høgare utdanningsministeren, Ola Borten Moe (Sp), har enno ikkje fått oppnemnd ein statssekretær. Men måndag blei det klart kven som blir med han inn i statsrådsposten som politisk rådgivar: Student Signe Bjotveit frå Jølster i Sogn og Fjordane.
Masterstudent ved UiO
Sidan vidaregåande har 23-åringen vore aktiv i Senterpartiet. Ho har vore leiar i Gloppen senterungdom, og satt inntil nyleg i fylkesstyret for Senterungdommen og i politisk utval på nasjonalt nivå. Som 19-åring flytta ho til Oslo, der ho tok ein bachelor i kultur og kommunikasjon.
No har ho sett masteroppgåva si på vent. Bjotveit hadde også permisjon frå studiane ved Universitetet i Oslo i forrige semester, då ho dreiv valkamp og var praktikant i Senterpartiets hovudorganisasjon.
Bjotveit har igjen masteroppgåva si i organisasjon, leiing og arbeid ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.
— Så no hoppar du av studiane?
— Eg veit ikkje. Eg har første dag på jobb i dag. Eg må finne ut om eg kan få permisjon. Eg håpar det. Eg vil gjerne gjere ferdig masteren min ein dag, seier ho.
— Skikkeleg kult
Ho seier til Khrono måndag kveld at ho kjenner statsråd Ola Borten Moe godt og gler seg til å jobbe i lag med han.
— Kva gler du deg aller mest til med jobben?
— Eg gleder meg aller mest til å jobbe med eit politikkområde som er skikkeleg kult. Å kjempe for studentane, høgare utdanning og forsking brenn eg for, seier ho.
— Og den viktigaste saka?
— Det er mykje som må gjerast, og no må vi finne ut kva som skal gjerast først og sist. Men å få til utdanning i heile Norge er viktig. At ein kan bu i ein liten tettstad å få ta masteren sin, eller etter- og vidareutdanning derifrå er viktig, seier Bjotveit.
— Og kva trur du kan bli mest vanskeleg og utfordrande?
— For å vere ærleg; nett no så undrar eg aller mest på korleis eg skal få kvardagen til å gå opp, men det får eg til, seier Signe Bjotveit på telefon frå det nye kontoret sitt i Kunnskapsdepartementet.
Nylige artikler
En stålhanske i fløyel mot akademisk frihet
9000 jobber forsvant fra amerikansk akademia i 2025
Simon Velle om svake norskkunnskaper: — Alle verktøyene er på plass
Er det studentene eller universitetene som ikke strekker til?
Studentene med mistillit til studiesjefen: — Urimelig og upassende, mener rektor
Mest leste artikler
Texas-universitet ville sensurere Platon på pensum
Studenten hadde kun én eksamen igjen da han ble tatt for fusk
«Forskningsdetektiv» får 26 millioner etter å ha avslørt fusk
— Det er ingen grunn til å tro at vi uten videre kan stole på universitetene i krisetider
Hun er professoren «alle» vil snakke med denne uka: — Gøy og slitsomt