karantenehotell

UiO-forskar rasar mot Noregs «drakoniske» karanteneordningar

Karantenereglane vart endra to gongar i løpet av dei 10 dagane han var på jobbreise. No må fullvaksinerte Tommaso Pavone på karantenehotell, sjølv etter fleire negative testar.

Alle som kjem til Noreg frå utlandet må testa seg. No er det landet du kjem frå som avgjer om du må på karantenehotell - ikkje om reisa var naudsynt eller ikkje.
Alle som kjem til Noreg frå utlandet må testa seg. No er det landet du kjem frå som avgjer om du må på karantenehotell - ikkje om reisa var naudsynt eller ikkje.
Publisert

Tommaso Pavone er postdoktor ved Institutt for offentleg rett ved Universitet i Oslo. Men for tida er han verken på kontoret eller på heimekontoret - han sit på karantenehotell på Gardermoen. Dette må han sjølv om han er fullvaksinert og har testa negativt tre gongar i løpet av 36 timar.

På Twitter i helga rasar han mot norske styresmakter som han meiner ikkje bryr seg om folks rettstryggleik og at dei drakoniske (uvanleg strenge red.mrk) norske karantenereglane sannsylegvis også er ulovlege:

«So I’ve been forced into Norway’s draconian/likely illegal quarantine hotel scheme, at my expense, for 7+ days, or risk criminal prosecution. Even though I’m vaccinated & have *3* negative test results» skreiv han laurdag i ein lengre tråd på Twitter.

Karantenereglane vart endra to gongar i løpet av dei ti dagane Pavone var på det han meiner var ei naudsynt jobbreise i USA. No reknar han med åtte-ti dagar på karantenehotell - og det sjølv om han er fullvaksinert.

Ville ikkje risikera bot

— Vaktene eg trefte på Gardermoen sa at dei hadde sympati med meg, men at det var ingenting dei kunne gjera, seier Pavone til Khrono.

Han skildra først historia si på Twitter laurdag kveld. Der skriv han at han kunne nekta å reisa til karantenehotell - men risikert ein bot på 20 000 kroner.

— Eg er privilegert, eg kjenner rettane mine. Men dette vart for risikabelt, òg for meg, skriv Pavone der.

No skal eg først kvitta meg med jet-leg, seier Tommaso Pavone. Han må sitja inntil ti dagar på karantenehotell.
No skal eg først kvitta meg med jet-leg, seier Tommaso Pavone. Han må sitja inntil ti dagar på karantenehotell.

Som Khrono har skrive, må dei aller fleste som kjem frå utlandet no på karantenehotell. Regjeringa jobbar med vaksinepass, men dette er førebels ikkje på plass.

Samstundes har Efta drøfta både Noreg sitt innreiseforbod og bruk av karantenehotell. I slutten av mai skreiv NRK at 70 personar saksøkjer Staten med bakgrunn i karantenehotellordninga.

Tre testar i løpet av halvanna døger

Pavone vart fullvaksinert medan han var i USA. Før han no reiste ut av landet, måtte han ta to koronatestar, den siste berre tre timar før avreise. Så vart han testa på nytt då han kom til Noreg.

På dag sju etter landing ventar endå ein test - og så må han få svar på den før han kan reisa til leilegheita si.

— Eg hadde skubba på denne jobbreisa, og verkeleg gjort det eg kunne for å sleppa karantenehotell. Heldigvis sjekka eg dei nye reglane like før eg reiste frå USA, seier Pavone.

Mange tryggleiksvakter

Han seier at han er fullt klar over at det er skilnad på kva rettar politi og vektarar har.

— Men det var så mange tryggleiksvakter rundt oss på flyplassen at ein kjende at ein ikkje ville klaga, seier han.

No håpar han å få gjort unna noko arbeid dei neste dagane, sjølv om bøkene hans ligg i leilegheita i Oslo.

— Dette handlar ikkje berre om meg. Det er mange som kjem i denne situasjonen, som ikkje veit kva rettar dei har, seier forskaren.

Powered by Labrador CMS