UiB-student funnen død
Student Ommund Veim Eikje ved Universitetet i Bergen er funnen omkommen i Avignon. Ifølge familien er det ikkje noko som tyder på at han har vore utsett for ei kriminell handling.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Eikje er funnen død ved det gamle historiske festningsverket i Avignon, skriv På høyden.
— Dette var ein populær stad å ta bilete for turistar. Ommund må ha falt utanfor stupa. Han ble tilfeldigvis funnen av nokre arbeidarar i området. Vi har ingen grunn til å tru at det er noko anna enn ei ulukke, seier Ove Eikje, talsmann for familien til nrk.no.
Var på utveksling
Torsdag blei leilegheita til Eikje funnen. Ingen skal ha vore til stades i leilegheita som Eikje skal ha leigd i Avignon.
— Lokalt politi har vore i kontakt med utleigar, som stadfestar at Ommund har betalt eit større beløp kontant som depositum for leilegheita, seier Ove Eikje til nettstaden. Han er onkel til den sakna studenten.
Leilegheita blei funnen i ei anna gate enn der familien først leita.
Eikje var student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier ved Universitetet i Bergen. Han var for tida på utveksling i Avignon søraust i Frankrike.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!