Eirik Vatnøy er førstelektor i retorikk. Han har skrive doktorgrad om Facebook og Twitter som nye retoriske arenaer i den norske offentlegheita. Foto: Hilde Kristin Strand

Forskar på den digitale debatten

Sosiale medium. På Facebook og Twitter er det ikkje berre troll i kommentarfelta - akademikarar nyttar til dømes sosiale medium til å formidle forskinga si.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg meiner at me ser ei ny form for individualisering av det politiske ordskiftet. Dette skil seg frå personalisering, der målet er at leiarar skal framstå som menneskelege, seier Eirik Vatnøy til På Høyden.

Han er førstelektor i retorikk ved Institutt for informasjons og medievitskap ved Universitetet i Bergen, og før jul disputerte han med avhandlinga «The Rhetoric of Networked Publics. Studying Social Network Sites as Rhetorical Arenas for Political Talk». Meir konkret har Vatnøy forska på korleis politisk kompetente aktørar har omfamna sosiale medium som deira primære arena for samfunnsdebatt.

— Professorar synest ikkje nødvendigvis det er gøy å snakka med drosjesjåførar – sjølv om dei kan, seier Vatnøy.

Forventar individuell meining

Ein snakkar om ei Facebook-offentlegheit og om Facebook-Høgre, og om ein «skravleklasse» på Twitter. Men kven er det som diskuterer på desse plattformene? Og kva diskuterer dei? Vatnøy seier at Noreg er eit interessant døme på korleis ein diskuterer i sosiale medium: Digitaliseringa er utbreidd, tradisjonelle medium er effektivt digitalisert, ein har eit lite språkfellesskap og ei temmeleg egalitær offentlegheit, der ein Frp-veljar og ein SV-veljar kan snakka saman.

Mange har eit mål om at det ein skriv vert plukka opp av andre. Kanskje vert ein invitert til Dagsnytt18? Eller kanskje får ein tilbod om å skriva ein kronikk?

Eirik Vatnøy

Forskaren har ikkje sett på kva som skjer når mediehusa sjølve deler sakene sine i sosiale medium, men derimot på kva debattar som oppstår når mediebrukarar sjølve deler og diskuterer. Gjennom intervju med nokre av dei som deltek har han fått innblikk i kva og korleis det vert diskutert.

— Ein tek opp saker der ein kan forventa at deltakarane har ei individuell meining, som saker om innvandring, identitet, tilhøyrsle, om lokalpolitikk, kjønnsroller, seksualmoral og religion, seier Vatnøy.

Vil ikkje høyra om partipolitikk

Vatnøy seier at det ikkje er debattar som går føre seg, for ein debatt skal først og fremst overtyda eit publikum, men heller ein samtale eller ein dialog.

— Eg meiner at me ser ei ny form for individualisering av det politiske ordskiftet. Dette skil seg frå personalisering, der målet er at leiarar skal framstå som menneskelege, seier han.

Dagbladet sitt intervju med Erna Solberg og bilete frå hennar temmeleg rotete hus er eit døme på personalisering. Individualisering handlar om at det er forventa at ein har ei individuell meining og handling.

— Ein deltek på vegne av seg sjølv. Det er litt som å vera i eit middagsbesøk: Ingen vil vita kva eit politisk parti meiner, men ein vil vita kva dei ein diskuterer med meiner. Denne individualiseringa kan gjera at ein kan få fram fleire nyansar, òg i kva syn som kan finnast i eitt og same parti, seier Vatnøy.

— Dette er kanskje òg måten ein offentleg vert kjent på. I staden for at ein vert møtt med at «eg veit at du jobbar i Klassekampen» kan ein verta møtt med at «eg veit kva du meiner i den saka».

Samfunnsdebattantar

Kven er det så som brukar sosiale medium på denne måten? Dei må seiast å vera profesjonelle mediebrukarar.

— Det er samfunnsdebattantar, menneske som skriv andre stader òg. Dei er meiningssterke, mange har bakgrunn som journalistar, akademikarar og bloggarar. Det er menneske med høgare utdanning, som i hovudsak bur i sentrale strok, og det er fleire menn enn kvinner, seier Vatnøy.

Samtalen eller diskusjonen oppstår når ei sak frå eit tradisjonelt medium vert delt på ein av deltakane si side i sosiale medium. Det betyr at i utgangspunktet kan ikkje kven som helst vera med i samtalen.

— Mange har lange vennelister på Facebook. Kva gjer ein dersom nokon ein kjenner meir perifert «blandar seg inn» i samtalen og kjem med andre, og kanskje meir ytterleggåande, synspunkt, spør han.

— Nokre er opptekne av å moderera debattane som går føre seg på deira eigen Facebook-vegg. Andre tillet meir.

Vil verta sett

Det er sagt at meiningsjournalistikken og debattsjangeren har fått ein ny vår med digitalisering av tradisjonelle medium og sosiale medium. Og sjølv om mange av dei som diskuterer i sosiale medium truleg gjer det fordi det er både interessant og utviklande, peikar Vatnøy på at det kan vera ei anna årsak òg: Ein ønskjer å verta sett.

— Mange har eit mål om at det ein skriv vert plukka opp av andre. Kanskje vert ein invitert til Dagsnytt18? Eller kanskje får ein tilbod om å skriva ein kronikk?

Ein del menneske brukar mykje tid på sosiale medium. Ifølgje Vatnøy er det ganske mange som gjer det i arbeidstida, fordi det vert sett på som relevant.

— Nokre brukar deltaking i denne typen debattar til å formidla forskinga si. Andre deltek for å få fagleg input og for å læra. Og så kan det jo vera underhaldande å vera med, seier forskaren.

— Ein del av diskusjonane er jo dei same som kunne gått føre seg på puben «Stopp pressen».

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS