Einaste norske universitet
UiB hevdar seg i rangering av berekraft
Universitetet i Bergen er nummer 85 blant 800 institusjonar frå heile verda. Men best i Norden er universitetet ikkje.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er Times Higher Education (THE) som for andre gong har publisert det dei kallar ei annleis rangering, mindre retta mot måling av makt og prestisje enn andre rangeringar. I staden skal rangeringa reflektere sosial og økonomisk impact, knytt til FNs berekraftsmål.
Universitetet i Bergen (UiB) er den einaste norske institusjonen som har valt å delta i rangeringa.
Best ut kjem UiB på berekraftsmål 12, som dreier seg om ansvarleg forbruk og produksjon. Der er scoren 79,5 av 100 moglege. Isolert gir denne indikatoren ein 31.-plass. Nest høgast score har universitet på målet om fred og rettferd, etterfølgd av mål 14, samarbeid og globalt partnarskap.
Også målinga av arbeidet med berekraftsmål 17, samarbeid og globalt partnarskap, er god. Isolert gir den ein 58. plass.
— Litt snever — men god
Viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB, Annelin Eriksen, meiner universitetsrangeringar generelt bør møtast med ein dose sunn skepsis.
— UiB gjer mykje på berekraft og i arbeidet med berekraftsmåla som ikkje blir fanga opp i ei slik rangering. Slik sett er rangeringa litt snever. Når det er sagt, er dette ei positiv rangering for oss, og vi ser på det som ei veldig god plassering, seier Eriksen til Khrono.
I fjor var UiB på 53. plass i rangeringa, som då vart gjort for første gong. Men den totale scoren er likevel høgare i år. I fjor var rundt 500 universitet med i rangeringa, i år nærare 800.
Universitetet i Bergen har i fleire år profilert seg rundt berekraftsmåla og vart i 2018 tildelt prestisjefull knutepunktstatus med ansvar for å koordinere forskingssamarbeid for FNs berekraftsmål 14, om liv under vatn. I THE si rangering er UiB godt unna toppscore på dette feltet – med ein poengscore på 59 av 100 moglege. Det held likevel til ein 84. plass på dette området. Best her er University of British Columbia i Canada.
New Zealand best
Universitetet i Auckland, New Zealand, kan i år som i fjor kalle seg det mest berekraftsorienterte universitetet i verda, med THE-rangeringa i handa. Den totale scoren på alle berekraftsmåla samla er på 98,5 av 100 moglege.
Stillehavsregionen peikar seg i det heile markant ut – på dei neste plassane følgjer tre australske universitet: Universitetet i Sydney, Western Sydney University og La Trobe University i Melbourne.
Deretter følgjer Arizona State University, Universitetet i Bologna og canadiske University of British Columbia.
Storbritannia har fire universitet på topp 15: Universitetet i Manchester, King’s College i London, Universitetet i Leeds og Universitetet i Newcastle.
Fem nordiske før UiB
I dei andre nordiske landa har fleire universitet meldt seg på rangeringa, to i Danmark, to i Sverige og heile sju i Finland. Best er Universitetet i Aalborg som er på 23. plass på den generelle rangeringa. Aalborg scorar også høgare enn Universitetet i Bergen på berekraftsmål 14, om liv under vatn.
Universitetet i Bergen, det einaste norske, er bak fire nordiske universitetet på rangeringa, i tillegg til Aalborg. Både Universitetet i Gøteborg (nummer 45), Kungliga Tekniska Högskulan (nummer 77) og dei finske universiteta i Aalto (nummer 47) og i Helsinki (80) er rangert høgare enn UiB.
Særleg når det gjeld berekraftsmål 12 gjer finnane det skarpt: Der er Universitetet i Aalto nest best i verda.