Kortnytt

UiA tilbyr utdanning i Dalane

Innbyggjarar i Dalane, som er dei sørlegaste kommunane i Rogaland, vil no kunne ta sjukepleieutdanning i heimregionen. Det syter eit samarbeid med Universitetet i Agder (UiA) føre.

Dalane ligg mellom to universitet. No kan innbyggjarane ta sjukepleieutdanning frå heimstaden.
Dalane ligg mellom to universitet. No kan innbyggjarane ta sjukepleieutdanning frå heimstaden.

Dalane Tidende skriv at 40 studieplassar ved UiA vert distriktsplassar, som innbyggjarar i Dalane òg vil kunne søkja på. Planen er lokale samlingar, men studentane vil måtte reisa til Kristiansand for å få gjort noko lab-arbeid og ha nokre samlingar der.

- Dette er ei kjempesak for regionen. No kan me tilby sjukepleiarutdanning til dei som ikkje kan reisa vekk for å studera. Og me kan få dekka ein del av det behovet kommunane har for sjukepleiarar, seier Gudrun Ellingsen, fagleiar for Dalane utdanningssenter, til Dalane Tidende.

Regionen hadde tidlegare eit samarbeid med dåverande Høgskolen i Stavanger, men dei siste sjukepleiarane som tok utdanninga si i Dalane vart uteksaminerte i 2007.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS